Politikk

Grytten-diktet sklitaklar asylpolitikken

Poesi kan sklitakle motstandaren, seier mannen bak diktet om smykkelova.

Det er ikkje berre i Noreg at Frode Grytten tek eit oppgjer med asylpolitikken. Diktet hans «til orientering», om den danske «smykkelova» har fått stor merksemd her heime.

No kjem diktet også i den danske avisa Politiken – og det er omsett til engelsk.

– Det kan eg like, seier forfattaren til Vårt Land.

(Les diktet "til orientering" nederst i saka.)

Uverdig spel

Kvifor ville du dikte over asylpolitikk?

– Asylpolitikk handlar ikkje berre om ressursar, men også om korleis vi ser kvarandre. Smykkelova har til dømes inga meining i praksis, ho er berre vedtatt for å skremme asylsøkarar vekk, og for å underminere deira behov for hjelp. Dette er eit medvite spel for å dytte asylsøkarar mellom seg, og hanke inn veljarar på heimebane. Det er uverdig, og det er sjokkerande, og dette kan ikkje reduserast til debatt om eitt einskild vedtak.

Korleis har responsen vore?

– Teksten blei til som eit svar på danskane sitt vedtak om smykkelov, men verken Danmark eller danskane er nemnt, så det handlar vel om noko større enn ein lovparagraf. Eg har fått med meg at diktet er blitt mykje delt og spreidd og kommentert. Det kjem i danske Politiken, og er no omsett til engelsk. Det kan eg like, men eg har ikkje lese kommentarfelta. Sikkert ingen briljant idé å dykke ned der.

LES OGSÅ: Hørt om dansken som asyl-hatet svensken?

Diktninga er politisk

For ei tid sidan sa Jan Erik Vold til Klassekampen at norske diktarar etter Bjørneboe i lita grad hadde vore opptekne av politikk. Kva meiner du?

– Om ein tenker på politikk som noko som liknar partipolitikk eller den daglige debatten i det massemediale, så er det gjerne få tekstar som går rett inn der. Men eg tenker på litteratur som empati, som eit alternativt bilde av verda, eit motspråk, eit forsøk på å vise den andre frå innsida, vere der politikken bare står utanfor og snakkar i generelle og oftast fattige vendingar om kva menneskelivet er for noko. Slik er diktninga politisk.

Poesi sklitaklar motstandaren

Kva kan poesi seie, som til dømes eit vanleg lesarinnlegg ikkje kan seie?

– Opne opp, få oss til å sjå ting på ny, finne verda opp på ny, sklitakle motstandaren på uventa vis.

LES OGSÅ: I finanspolitikken kan eit dikt seie meir enn tusen ord.

Over til nokre av våre faste spørsmål: Kva vil du ha meir av i norsk politikk?

– Ærligheit. Statsministeren kan ikkje stå og lyge oss rett opp i trynet med å seie at terroristane brukar våpen der vi brukar ord, når vi involverer oss tungt i krigshandlingar og våpensal rundt omkring i verda.

Går i vaskekjellaren av handball

Og kva har overraska deg den siste veka?

– Det norske landslaget i handball. Kva var det som skjedde der? Plutselig blei det moro også å sjå menn hive ball til kvarandre. Men eg har ikkje så gode nerver til å sjå på handball, det er altfor spennande. Eg brukar å gå ned i vaskekjellaren når det drar seg til.

LES OGSÅ: Dei utfordra ytringsfridomen med poesi

Kva er heilagt for deg?

– Ingenting, berre livet.

Og kven skulle du helst snakka med no?

– David Bowie. Om eg kunne ha snakka med han, ville han ha vore i live, og då kunne han ha lagd fleire plater og songar. Dei siste var så gode, så fabelaktige, han skulle ha fått nokre fleire år til å lage musikk.


til orientering

vi kjem til å ta klokka di

og pengane dine

vi kjem til å ta gifteringen din

og smykket du har rundt halsen

med mindre du kjem opp med

ei aldeles tåredryppande historie

så vil vi konfiskere

øyredobbane dine og mobilen din

og datamaskina di

det er i aller beste meining

vi vil konfiskere sekken på ryggen din

og kofferten i handa di og hatten din på snei

og gåstolen din og kona di

så skal vi konfiskere gullet i plombane dine

og den frakken din som ser svindyr ut

vi kjem til å konfiskere

fiolinen din og saksofonen din

du må også bidra

sjølv om du kjem frå ingenting og har ingenting

og så kjem vi til å konfiskere

dagen din og natta di

fortida di og framtida di

minnene dine vil bli konfiskert

fotoalbum og kosebamsar vil bli konfiskert

håpet ditt og gleda di vil bli konfiskert

du vil få alt igjen om du drar herfrå friviljug

men vi må dessverre konfiskere

språket ditt og songane dine

og himmelen over deg

og havet under deg

blått skal konfiskerast

og raudt skal konfiskerast

og grønt og gult skal konfiskerast

(svart og kvitt kan du framleis ha)

så kjem vi til å konfiskere guden din

han er farlig for oss

det veit du vel

og gps-en din skal konfiskerast

og stjernene du seglar etter

båten din, vegen din, bøneropa dine

og du har kanskje tenkt:

«eg skal gå til eit trygt land,

eg skal gå over grensa til fred»

den tanken er no offisielt konfiskert

til slutt konfiskerer vi deg

vi tar huda di og håret ditt

og munnen din og kjønnsorgana dine

vi tar den eine lunga di

og begge nyrene dine

vi tar auga dine og alt du ser

og alt du føler med hjartet ditt

Inline OCA ad

hjartet ditt er forresten konfiskert

her og no

vi tar beina dine

og dit du har tenkt å gå

og når du står der naken i tjue minus

vonar vi at du forstår at vi gjør dette

til ditt eige beste og fordi vi vil deg vel

velkomen hit

spørsmål?

opp med ei hand

om du lurer på noko!

rekk opp ei hand

så kan vi få konfiskert den òg


DISKUTÉR: «Det verste er at danskene hånflirer av smykkeloven»

Les mer om mer disse temaene:

Heidi Marie Lindekleiv

Heidi Marie Lindekleiv

Heidi Marie Lindekleiv er journalist i kulturavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk