Nyheter

Grov vald rammar palestinske kvinner

Palestinske kvinner er offer for vald utført av særleg familiemedlemmer. Den palestinske administrasjonen er norsk bistandsyndling.

Ein fersk fellesrapport frå svenske Lifos og norske Landinfo teiknar eit dystert bilete av levekåra til mange kvinner i dei palestinske sjølvstyreområda: 37 prosent av gifte kvinner har opplevd at ektefellen har utøvd ulike typar av vald.

Brote ned på dei to områda som er styrt av palestinarane sjølve, Gaza og Vestbreidda, viser tala at kvinner på Gaza har det verst:

• Nesten 49 prosent av gifte kvinner i Gaza rapporterer om vald utøvd av ektefellen.

• På Vestbreidda er talet nesten 30 prosent.

Valden gjev kvinnene fysiske, psykiske eller seksuelle skader.

LES MER: Gaza for farlig for internflukt 

Lir dobbelt

Generalsekretær Gry Larsen i Care seier rapporten stadfestar funn frå eige arbeid blant palestinarar:

– I tillegg stadfestar rapporten det vi dessverre sjølv har observert i Palestina og andre samfunn prega av konflikt og humanitære utfordringar: Kvinnefiendtlege haldningar og praksisar blir forsterka medan vernestrukturar blir svekka. Dette fører til meir vald mot kvinner og jenter, fortel ho.

Larsen er glad rapporten lyser opp problemet som hamnar i den storpolitiske skuggen: Kvinner lir alltid dobbelt i konfliktar – dei blir ramma av valden vi ser og av valden vi ikkje ser.

LES MER: Seksuell trakassering øker i Midtøsten 

Haldningar

Kathrine Jensen, leiar i Palestinakomiteen, dreg også fram Midtaustens årelange konflikt:

– Vald mot kvinner, diskriminering, rasisme, brot på menneskerettar, alt er like forferdeleg, også når det finn stad i Palestina. Men, og dette er inga orsaking, vi må hugse på at palestinarane prøver å byggje ein stat medan dei er under israelsk okkupasjon.

Jensen understrekar at det er viktig å få fram fakta, for også i den palestinske kulturen finn ein døme på «bakstreverske haldningar».

LES OGSÅ: – Hvorfor runger ikke protestene mot overgrep høyere? 

Påverknad

Levekåra til Palestinas kvinner går i feil retning når det gjeld kjønnsbasert vald, skriv Landinfo og Lifos – som er Migrationsverkets senter for landinformasjon og analyse – og dreg opp forklaringar:

• Samfunnet er blitt meir stengt; religionen er blitt viktigare.

• Imamar får meir makt enn politikarar.

• Kvinnelege rettar blir stempla som påtvinga vestlege verdiar.

– Dette har hatt ein negativ påverknad på kvinnenes situasjon i Palestina, melder rapporten.

Aukar

Levekåra blir også påverka av den årelange konflikten mellom palestinarane og Israel, og den israelske okkupasjonen av Vestbreidda, fortel Lifos-Landinfo-rapporten.

Når konflikten blir para aukande arbeidsløyse, aukande fattigdom, trongbudde hushaldningar og sterke reisereguleringar, leier alt til auka psykologisk press på palestinske familiar. Alt dette resulterer i at valden mot palestinske kvinner aukar i omfang. Verst er det i Gaza, der Hamas har styrt sidan dei vann valet i 2006. Kartleggingar utført av FN viser at valden mot kvinner har auka monaleg på Gaza etter sommarkrigen mellom Hamas og Israel i 2014.

Æresdrap

I det palestinske samfunnet er æresvald utbreidd, opplyser Lifos-Landinfo-rapporten. Slik vald blir brukt for å kontrollere kvinna og hennar ære. Palestinske kvinner ber heideren og æra til familien. Derfor blir dei vakta av mannlege familiemedlemmer.

Æresdrap er vanleg når kvinner blir skulda for særleg ein type «æresbrotsverk»; hatt sex utanfor ekteskapet eller sex før ekteskapet.

Når kvinnene gifter seg skal dei vere jomfru. Familien til ektemannen kontrollerer nemleg lakenet etter bryllaupsnatta. Finn dei ikkje spor av blod, kan livet til kvinna vere i fare – eller så blir ho returnert til familien slik at han kan handtere skamma.

Familiar utfører også æresdrap for å løyne kvinnemishandling, valdtekt, incest eller utanomekteskapelege graviditetar.

LES MER: 5.000 æredrap på ett år 

Press

Norge har sidan Oslo-avtalen blei signert i 1993, opprioritert bistanden til dei palestinske sjølvstyremaktene. Totalt har palestinarane fått 10,7 milliardar bistandskroner i perioden 1993-2016.

Norads siste årsrapport om Kvinners rettigheter og likestilling fortel at palestinarane er inne på ti-på-topp-lista over kven som får mest bistand til kvinner og likestilling. I åra 2010-2014 fekk den palestinske administrasjonen 600 millionar frå Norge for å betre kåra til palestinske kvinner.

– Kva bør Norge gjere som ein stor donor, Gry Larsen?

– Som rapporten påpeikar, gjev internasjonalt politisk press resultat. Palestinske styresmakter har endra diskriminerande lover, og dei har plikta seg til internasjonale konvensjonar om likestilling og vern av kvinner, seier Care-leiaren og held fram:

– Norge har vore pådrivar, men det er behov for meir. Lover må også bli handheva. Det trengs også aktiv innsats for å styrke kvinners stilling generelt. Norge har ei viktig rolle og spele, både som ein stor donor og i den politiske dialogen med palestinske styresmakter. I tillegg er det viktig at Norge støttar sivilsamfunnsaktørar som arbeider med dette, meiner Gry Larsen, som sjølv var politisk rådgjevar og statssekretær i Utanriksdepartementet i åra 2005-2013.

LES MER: Kappløp mot 2030-mål om likestilling 

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter