Religion

Fryktar religionstabbar

Born lærer ikkje nok om sine veners religion og livssyn, meiner forskarar. – Vi er redde for å støyte, seier barnehagelærar.

– Ein tilsett hjå oss som er muslim tykkjer det er vanskeleg å ta tak i det kristne, fordi ho føler ho ikkje kan nok om det. Den same opplevinga har eg når det kjem til islam, fortel pedagogisk leiar i Kværnerdalen barnehage i Oslo, Tor Øystein Aikio.

Han opplever at å formidle religion til barnehageborn er vanskeleg. Av dei kristne høgtidene er påska spesielt vrien.

– I jula har du songar, og då kan ungane spørje om dei vi syng om. I påska er det meir salmar, ikkje enkle barnesongar. Lidingshistoria er tungt stoff å ta tak i for 3-4-åringar, seier Aikio, som har jobba i barnehage i 15 år.

LES MER: Flom av religionsklager

– Følgjer ikkje planen

Rammeplanen for barnehagar slår fast at tilsette mellom anna skal skape interesse og bidra til forståing og toleranse for forskjellege kulturar og ulike måtar å leve på. Men det blir ikkje alltid følgt opp.

– I dag er det ei utfordring at barnehagar i avgrensa grad arbeider systematisk med rammeplanen. Dermed følgjast dei emna som krev planlegging og førebuing svakare opp enn dei som inngår i faste aktivitetar eller kan takast på sparket, seier førsteamanuensis ved Universitetet i Agder, Kari-Mette Hidle.

LES MER OM RELIGION I DET OFFENTLIGE ROM HER

Det kan barnehageleiar Aikio stadfeste.

– Det har med kunnskapsnivået vårt å gjere. Det er mykje tøffare med det muslimske, for eg kan for lite om det. Eg kan handle etter beste evne og ynskje berre godt, men likevel gjere ting som opplevast krenkande, fordi eg kjenner kulturen for dårleg, seier han.

– Lærte du nok om korleis du skulle formidle religion til born då du utdanna deg?

– Eg var ferdig utdanna i 1999. Eg kan ikkje hugse om vi hadde om andre religionar enn kristendom, og eg veit ikkje korleis det er i dag.

LES MER: Skolen rives og slites om trosfag

Førebygge ekstremisme

Regionale undersøkingar viser, ifølgje Hidle, at dei fleste born ikkje blir kjende med sine veners religion og livssyn i barnehagen. Sonja Eidissen, seniorrådgjevar i Det kriminalitetsførebyggande råd (Kråd), meiner ein dialog om forskjellane mellom religionane må til i barnehagane, for å førebygge ekstreme haldningar.

– Bodskapen i religionane – nestekjærleiken – kan bidra til mindre radikalisering og ekstremisme. Då tenker kanskje borna seinare: Eg fer ikkje til Syria for å drepe menneske, for eg lærte om nestekjærleik i barnehagen, seier ho.

– Blir ikkje det litt naivt å tenke sånn?

– Det er sjølvsagt mange byggesteinar her. Dette er berre éin av dei. Om ein samtidig er eksponert for mange negative faktorar, så har kanskje ikkje det som blir sagt i barnehagen så mykje å seie.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Etikk og moral

Også Hidle, som forskar på etikk, religion og filosofi i barnehagar, ser på det som svært problematisk at born ikkje får nok kunnskap om sine veners bakgrunn i barnehagen. Aikio i Kværnerdalen barnehage er ikkje like bekymra.

– Eg trur og håper at dei fleste barnehagar jobbar med sosial kompetanse, menneskeverd, kva som er lov og ikkje lov, og så vidare. Moral og etikk er kanskje noko vi er flinke til å trekke ut av det religiøse, meiner han.

Aikio opplever ikkje ofte at born kjem bort til han for å spørje om eller snakke om religion. Men han tykkjer det er svært viktig å høyre på dei når det skjer.

– Vi vaksne må ikkje vere avvisande. Vi må møte dei med openheit. Vi må ikkje seie nei, eller at vi ikkje har tid, men spørje dei litt om det dei fortel, seier han.

LES MER: Hadia Tajik: Send barna til kirken

Forbetringspotensial

Mange barnehagar markerer jul og påske. Nokre legg mest vekt på det religiøse, andre på nissar og påskekyllingar. Men berre eit fåtal følgjer opp kravet om å markere høgtider i andre religionar og livssyn, ifølgje Hidle. I Kværnerdalen barnehage snakkar dei om den muslimske høgtida id. Men dei besøker verken kyrkjer eller moskear med borna.

– Her har vi eit forbetringspotensial, innrømmer Aikio.

Samtidig fortel han at få foreldre etterspør dette.

– Vi får nok større reaksjonar om vi ikkje sender påskekyllingar heim med borna i påska, enn om vi droppar å snakke om Jesus, trur han.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion