Nyheter

Flyktningane Norge ikkje ser

350.000 flyktningar og migrantar har kome til Europa i år. 1.000 frys i eit nedlagt lager i Beograd.

– Dette lageret er for hundar, ikkje for menneske.

Said er afghanar. Frå Kabul. I ein månad har han budd i Serbias hovudstad. Han har valt eit nedlagt lager i Beograd, mykje fordi han her bur saman med landsmenn.

– Eg vonar å ta meg til Italia, fortel 15 år gamle Darvish til Reuters. Han har reist åleine frå Jalalabad i Afghanistan. Tenåringen sjekka inn på varelageret i byrjinga av november. Fann ein plass og rulla ut teppet, rett på betongen.

LES MEIR: Ho er flyktningen få vil ha

Båtstopp

1,1 million flyktningar og migrantar tok seg inn i Europa i fjor – og rekordmange, 31.145 personar, søkte asyl i Norge.

Rekorden fekk utlendingsstyresmaktene til å varsle ny rekord i 2016; opp mot 50.000-60.000 nye asylsøkjarar.

Så skjer ikkje. I mars blei EU og Tyrkia samde om at Tyrkia skal stoppe flyktningane som prøver å ta seg med båt til Hellas. Avtalen stengde båtrutene inst i Middelhavet – og gjenopna ruta midt i havet, den frå Nord-Afrika til Italia.

Strenge

Snart 350.000 menn og kvinner, barn og vaksne har kome over havet til Europa hittil i år. I hovudsak til Italia og Hellas. Men berre eit fåtal når fram til Norge. Om lag 3.000 personar – mindre enn ti prosent – har søkt asyl i perioden januar-november.

Norge har det siste året avvist 99 prosent av asylsøknadane frå landsmenn til Said og Darvish som er mellom 18 og 34 år. Snittet i EU var 47 prosent. Italia har berre sagt nei til 3 prosent.

Nøgd

I Norge er regjeringa nøgd med at så få kjem hit, når det likevel kjem hundretusental til Europa:

– Gjennom strengare asylpolitikk, tydelege signal om at økonomiske migrantar utan rett på vern ikkje vil få opphald i Norge og grensekontrollar i Europa har vi fått langt færre asylsøkjarar til Norge enn våre naboland, seier innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp).

LES MEIR: Flyktningen som blei norsk rollemodell

Frys

I Beograd ser Gordana Ivković-Grujic med otte på at gradestokken kryp nedover. Frå kaldt til iskaldt.

– I det nedlagde lageret ved Beograd busstasjon må afghanske gutar sove tett saman for å halde varmen. Få har jakker og mange manglar skikkelege vintersko. Skabb og lus spreier seg og den einaste vasken er ein utandørs krane med kaldt vatn, seier ho som er landsjef i Serbia for hjelpeorganisasjonen International Rescue Comittee (IRC)

– Gjennom strengare asylpolitikk, tydelege signal om at økonomiske migrantar utan rett på vern ikkje vil få opphald i Norge og grensekontrollar i Europa har vi fått langt færre asylsøkjarar til Norge enn våre naboland.

Sylvi Listhaug (Frp) ,innvandrings- og integreringsminister

Kulden

IRC varslar at Hellas og land på Balkan som husar mange stranda flyktningar og migrantar, må bu seg på at liv kan gå tapt når vinteren festar grepet – om ein ikkje viser større vilje til å hjelpe dei mange tusen som er i limbo etter at Europa har stengt grensene nordover.

Berre i Serbia er det 6.400, opplyser FNs høgkommissær for flyktningar. Lokale, serbiske hjelpeorganisasjonar meiner talet er nærare 10.000. Storparten har kome til landet frå Makedonia og Bulgaria.

Serbia tilbyr lagerflyktningane i Beograd å flytte til eit av dei 11 mottaka som er oppretta i landet. Men Said og Darvish takkar nei. Takkar dei nei blir dei registrerte som asylsøkjarar i Serbia – og dermed kan vegen nordover bli stengt.

VERDIDEBATT: 'Vi trenger ikke en som splitter, Listhaug'

Deportert

Kvar dag slepper nemleg nabolandet i nord, Ungarn, inn mellom 10 og 30 personar. Said og Darvish er budde på å vente opp mot ni månader før det blir deira tur.

Men dei kan også bli deporterte til Makedonia innan den tid.

– Eg er blitt deportert til Makedonia ein gong, og eg vil ikkje at det skal skje på nytt, seier Said til Reuters.

KOMMENTAR: Hvorfor bruke nazikortet når det finnes mer relevante historiske paralleller, Ingebrigt?

Døyr

I fjor blei det sett ein europarekord: 1,1 million asylsøkjarar og migrantar hadde søkt opphald innan året var omme.

I år blir det sett ein dødsrekord: Ved utgongen av november hadde 4.690 menneske døydd i forsøka på å ta seg til Europa med båt. Når fjoråret var omme stoppa dødstalet på 3.565.

2016 blir det dødelegaste året for migrasjon over Middelhavet.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter