Nyheter

Fjernar sperrer for samlivshjelp

Par som møter familievernet på helsestasjonen, får samlivshjelp dei truleg ikkje hadde spurt om. Prøveprosjekt har gode resultat.

– Eg trudde familievernet var skilsmissehjelp, seier ung far.

Stemninga på samtalerommet er lettare nervøs. I terapisofaen sit eit ungt par, med kvar sin papirhandleboks innan rekkjevidde. Men dei unge foreldra, som har ein son på drygt eitt år, er ikkje på familievernkontoret på Lillestrøm fordi samlivet deira er herja av kriser, så papir blir ikkje vått.

Dei er her fordi dei takka ja til eit uvanleg tilbod frå helsestasjonen for eit år sidan. Dei er her fordi familievernkontoret på Lillestrøm tok initiativ til eit prosjekt, som seinare blei spreidd til fire kommunar, ein i kvar av dei fire andre regionane i Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat): Fordi alle småbarnsforeldre må på helsestasjonen med den vesle, flyttar familievernkontoret til helsestasjonen for å gjere tilbodet om samlivshjelp betre kjent.

Og til sist; dei er her fordi barne- og familieminister Solveig Horne (Frp) har førebygging av samlivskonfliktar – med og utan vald – svært høgt på dagsorden.

Styrkje samlivet

No vil statsråden høyre kva prøveprosjektet har betydd for samlivet til paret. Med seg har Horne leiaren i Stortingets helsekomité, Kari Kjønaas Kjos (Frp).

– Vi har fått det lettare heime, oppsummerer far, og fortel at gjennom seks samtalar med familieterapeut har dei fått langt større innsikt i kva for små problem som verkeleg kan vekse seg store, om dei ikkje blir handtert på ein god måte.

– Vi har fått hjelp til å styrkje samlivet, legg han til. Og mor nikkar. Det same gjer Solveig Horne.

LES MEIR Rømde frå sterk familiekontroll

Rammar barna

Den årlege oversikten over skilsmisser og separasjonar kom nyleg. Det var i alt 9.300 par som skilde seg, og 10.800 par som blei separert i fjor. Gjennomsnittstala for skilsmisser dei siste fem åra er dei lågaste sidan femårsperioden 1986-1990, medan gjennomsnittstala for separasjonar i same periode ikkje har vore lågare sidan 1981-1985, opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB).

For dei som er foreldre, blir ein tredjepart råka når far og mor skil lag. Barna.

– Ingen barn er upåverka av samlivsbrot, seier Solveig Anita Falla, familieterapeut og meklar.

– Difor er det viktig at familievernet kan vere som natteravnane, «vere der før det skjer», understrekar Lena Holm Berndtsson, avdelingsdirektør i Bufetat region aust.

Skifte namn

Paret møtte familievernet då helsestasjonen kom på heimebesøk, slik dei alltid gjer. I mappa med informasjon låg eit ark om samlivssamtalar. Mor ymta frampå om ikkje dette var noko for dei – utan å bli møtt med ovasjonar. Vedgår far.

– Eg var heller ikkje heilt overtydd etter den første samtalen, kanskje heller ikkje etter den andre. Men så lausna det. I dag er eg kjempeglad for at vi takka ja til invitasjonen.

Men då han fortalde arbeidskollegaane at han gjekk på familievernkontoret, sperra dei opp augo og gav klar melding:

– Skal du skiljast? var spørsmålet, fortel mannen.

Begge har to råd til Horne:

– Familievernets førebyggjande arbeid må bli betre kjent. Og det må skifte namn, for mange koplar det saman med barnevernet.

Kvar veke

I starten i 2015 var familievernkontoret på Lillestrøm på helsestasjonen kvar fjortande dag. Men det var for knapt. Difor er terapeutane i dag på sju helsestasjonar ein dag i veka.

Sidan oppstarten av prosjektet har terapeutane fått kontakt med heile 316 par. Alle involverte er samde: Hadde ikkje familievernet fått høvla ned terskelen ved at dei fekk sleppe inn døra på helsestasjon, hadde terapeutane truleg streva hardt med å nå dei same para.

– Familievernet høyrer heime på helsetasjonen, slår psykologispesialist Stine Morris Haslund ved Familievernkontoret Romerike Kongsvinger fast. Kontoret dekkjer 19 kommunar.

– Vi vil også med er kravet frå dei kommunane som ikkje er med på prøveprosjektet, seier Haslund.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter