Nyheter

Fekk kort frist

Med kort tidsfrist fekk fem ideelle mor-barn-senter beskjed om at dei måtte delta i ein anbodsrunde.

– Det er inga skam å snu, Horne.

Oppmodinga kjem frå Asbjørn Sagstad, talsmann og styremedlem i Ideelt Barnevernsforum. Han ber barne- og likestillingsminister Solveig Horne gripe inn og stoppe anbodet Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (BUFdir) lyste ut 31. oktober med svarfrist 16. november.

– BUFdir kunne gjort som avtalane seier, forlenge oppdraga med eitt år. Barnevernet går inn i ein avgjerande reformperiode neste år. Framfor å bruke tid på anbodsrunde no, kunne dei fem sentra heller brukt tid på å bu seg på året som kjem, seier Sagstad.

LES MEIR Staten må ta rekninga

Drift

Fem mor-barn-senter som er eigde av Blå Kors, Kirkens Bymisjon og Kirkens Sosialtjeneste og to stiftingar leverer barnevernstenester til det offentlege, Oslo kommune, som er eige barnevernsområde, og BUFdir. Inneverande avtale går ut i år, men alle har opsjon på eit driftsår til, altså ut 2017.

EU

Men brått bestemte BUFdir seg for å lyse ut eit skjerma anbod for ideelle mor-barn-senter. I Barne- og likestillingsdepartementet forklarar statssekretær Kai-Morten Terning (Frp) kvifor:

– 1. januar trer det nye EU-direktivet om offentlege anskaffingar i kraft som ikkje gjer det mogeleg å ha ein konkurranse for berre ideelle. Difor gjer vi dette no.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter