Nyheter

Let folk avgjere om homofile skal få gifte seg

Bård Nylund, leder i LLH, håper og tror at irene sier ja til at homofile kan få inngå ekteskap.

Fredag går irene til vallokala for å avgjere om homofile skal få lov til å gifte seg.

– Eg er kritisk til at ein brukar folkeavstemning der majoriteten skal bestemme om minoriteten skal få tilgang til universelle rettar eller ikkje. Det er feigt av irske politikarar å overlate dette til ei folkeavstemning, seier leiar i Landsforeinga for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LLH), Bård Nylund.

– Kva burde dei heller gjere?

– I alle andre land der dette temaet har vore oppe, har politikarane tatt det politiske ansvaret det er å sørgje for å gi tilgang til rettar for minoritetar. Det har vist seg å vere ein god framgangsmåte.

LES OGSÅ: Kirkevalget får flest kandidater som støtter homovigsel

Kan bli historisk

Ei meiningsmåling i Irish Times tidlegare denne veka syner at 58 prosent vil svare ja. 25 prosent vil stemme nei, medan 17 prosent ikkje hadde landa på eit standpunkt enno. Dersom ja-sida vinn, blir Irland det første landet som lovfestar retten til likekjønna ekteskap gjennom ei folkeavstemning, skriv NTB.

Det blir i så fall også ei historisk endring i eit land der homoseksualitet var forbode fram til 1993. Alle dei største politiske partia i Irland, inkludert dei konservative, støttar forslaget. Men Den katolske kyrkja har gått inn for et «nei» og har støtte frå mange eldre og folk på landsbygda.

– Kyrkja står svakare

– Sist søndag brukte irske biskopar gudstenestene til å oppfordre kyrkjegjengarane til å stemme nei. Kva tenker du om det?

– Eg skjønar at folk driv lobbyarbeid for sitt syn. Og eg er innforstått med at enkelte meiner at somme grupper ikkje skal ha dei same rettane som andre. Men er synd. Uansett utfall, så vil det vere klart for alle at Den katolske kyrkja ikkje står så sterkt i Irland som den har gjort før.

Følg oss på Facebook og Twitter!

– Korleis då?

– Om eit knapt fleirtal skulle finne på å stemme nei i dag, viser analyser at Den katolske kyrkja vil få skulda for det. Mange på ja-sida vil ta avstand frå den.

– Der er også prestar som går ut og støttar ja-sida. Kor mykje har det å seie?

– Det er viktig når støtte kjem frå uventa hald. Det har vi også erfaring med. Då dåverande statsråd Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) endra meining og gjekk inn for felles ekteskapslov, var det nok mange som stoppa opp og tenkte seg om på nytt.

– Ei valdsam utvikling

– Homofili var straffbart i Irland fram til 1993. No leiar ja-sida på meiningsmålingane og alle partia i parlamentet stiller seg bak dei. Kva seier det om utviklinga på feltet dei siste 20 åra?

– Det er ei valdsam utvikling, som eg er veldig glad for. Det har vore store forskjellar mellom Irland og andre europeiske land, det er det kanskje ikkje alle som er klar over.

– Kva betyr det at eit så verdikonservativt land som Irland kanskje stemmer ja?

– Det betyr mykje. Vi ser at når land som Noreg fremjar progressiv politikk, så er ikkje det overraskande. Men når land som Irland gjer det, blir det meir lagt merke til. Og det blir kanskje enklare for andre å følgje etter.

LES OGSÅ: Dømt for diskriminering etter homokake-nekt

Resultatet klart på laurdag

– Trur du det blir ja?

– Ja, men med knapp margin.

Valresultatet er venta på laurdag.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter