Nyheter

Familie i kyrkjeasyl

Seks personar har gått i kyrkjeasyl. Dei sit trygt. Justisdepartementet kjem ikkje til å sende inn politi for å hente dei ut.

Sidan Høgre og Framstegspartiet blei samde om regjeringsplattforma hausten 2013, har dei blåblå ønskt å få avslutta ordninga med kyrkjeasyl. Særleg har justisminister Anders Anundsen (Frp) ivra for å få stengt kyrkjedørene for asylsøkjarar med endeleg avslag, som nektar å etterkome kravet om å reise ut av Norge.

Dei siste kyrkjeasyla blei avslutta i mars. Då gjekk asylsøkjarar ut av Rypefjord kyrkje i Finnmark og ut av pinseforsamlinga Filadelfia i Askim i Østfold.

Fekk bli

Norske gudshus var tome for kyrkjeasylantar i åtte månader. I byrjinga av november gjekk ein familie på seks, mor, far og fire barn frå Afghanistan inn i Vågsbygd kyrkje i Kristiansand og ba om kyrkjeasyl, melder Fædrelandsvennen.

Etter å ha vore ein del av miljøet rundt «Språkcafeen i Vågsbygd» og Vågsbygd kyrkjelyd, ba familien om å få bli i kyrka etter eit arrangement 3. november. Sokneprest og kyrkjelyd sa ja og orienterte biskop Stein Reinertsen i Agder og Telemark bispedømme.

Han seier til avisa at «ordningen med kirkeasyler viktig og skal være viktig»:

- Samstundes er det inga varig løysing, understrekar biskopen.

LES OGSÅ: Sist noen satt i kirkeasyl endte det med opphold

Sende brev

Ordet kyrkjeasyl er ikkje nemnt ein gong i brevet, men Justis­departementet vona at brevet skulle ha ein bestemt effekt: Ingen fleire i kyrkjeasyl i lokalkyrkjer i Den norske kyrkja.

Brevet, som går grundig gjennom asylprosessen frå søknad til endeleg avslag, gjekk frå departementet til Kyrkjerådet i Den norske kyrkja tidlegare i haust.

Brevet gjer greie for den gode og verdige asylprosessen frå ­registrering til endeleg vedtak og er sendt til Den norske kyrkja, som så skal distribuere det ut til kyrkjelydane. Slik skal alle kyrkjelydar bli godt opplyste, sa statssekretær Vidar Brein-Karlsen (Frp) til Vårt Land i 31. oktober.

Tre dagar seinare sat det seks personar i kyrkjeasyl i Kristiansand.

LES MER: Regjeringen tør ikke stanse kirkeasyl - ber kirken gjøre det selv

Gammalt rundskriv

Sidan 1993 har politiet hatt forbod mot å gå inn i kyrkjer for å hente ut asylantar med endeleg avslag. I 23 år har inga regjering freista å oppheve rundskrivet dåverande justisminister Grete Faremo (Ap) sende ut. Statssekretær Brein-Karlsen opplyste til Vårt Land at politisk leiing i departementet ikkje er budd på å sende ut eit nytt rundskriv som opphevar påbodet.

Familien i Vågsbygd kyrkje har konvertert frå islam og blitt kristne. Men dei har fått endeleg avslag på asylsøknadane, og skal dermed reise frå Norge.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter