Nyheter

Får ny kyrkje etter seks års strid

Søndag skal den nye kyrkja i Våler endeleg vigslast, men fleire års konflikt har sett sitt preg på det vesle lokalsamfunnet.

– Kyrkjebrannen var ei stor sorg. Deretter vart det på eit vis to ­sider: ei som ynskja gamal tomt og ei som ynskja ny tomt til kyrkja, fortel leiar i det kyrkjelege fellesrådet i Våler, Torunn L. ­Syversen.

Natt til 29. mai 2009 brann ­Våler kyrkje ned til grunnen. Kripos konkluderte med at den gamle tømmerkyrkja frå 1805 vart sett fyr på, men den eller dei skuldige er enno ikkje blitt tatt.

LES OGSÅ: Politiet: Kirkebrann i Våler var påsatt

Nokre dagar etter brannen møtte 300 bygdefolk opp i kommunehuset i Våler for å diskutere­ korleis og kvar kyrkja skulle byggjast opp att. Desse spørsmåla skulle i tida framover splitte­ bygda djupt.

Lokal strid

Dei kyrkjelege ­organa i Våler har heile tida gått inn for å byggje ei ny kyrkje i nærleiken av den som brann ned. Men ein sterk, lokal aksjon har arbeidd aktivt for å gjenreise kyrkja på den opphavlege tomta.

– Det kom tidleg fram at det ikkje var mogeleg å bruke den gamle tomta, på grunn av graver som ikkje kunne flyttast, fortel Syversen.

Ifølgje dei forskriftene som gjeld i dag, må ei kyrkje byggjast minst tre meter unna dei næraste gravsteinane. Å byggje opp kyrkja på nytt på same stad, var derfor ikkje mogeleg, då gravene sto tettare inntil den gamle grunnmuren enn dette.

– Dei fleste godtok den nye ­informasjonen, men ei lita gruppe­ heldt framleis fast på sitt, seier Syversen.

LES OGSÅ: Denne kirken vil ikke Våler-folket ha

Hausten 2010 vedtok det ­kyrkjelege fellesrådet i Våler at ein skulle jobbe vidare med planane om å reise ei ny kyrkje om lag 70 meter frå der den gamle sto.

Statsråd tok stilling

Også ­politikarane har vore aktive i diskusjonen om den nye kyrkja. Dåverande ordførar i Våler, Kjell Konterud (Ap), gav uttrykk for at han ynskte at den nye kyrkja skulle byggjast på same plass som den gamle.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Dåverande kyrkjestatsråd, Rigmor Aasrud, tok også parti i den lokale striden. I eit brev til biskop Solveig Fiske skreiv ho i 2011: «Utifrå det som ligg føre no, kan eg ikkje sjå at ei ny kyrkje i Våler kan byggjast på den gamle tomta. Våler kyrkjelege fellesråd bør derfor ferdigstille arbeidet med kyrkje på ny tomt som no er i gang».

Aasrud besøkte også Våler for å sjå på dei ulike alternativa for ny tomt.

LES OGSÅ: Dette er nye Våler kirke

Skilje sak og person

Syver­sen har vore fellesrådsleiar dei siste fire åra. Ho fortel at det har vore krevjande å stå i bygde­striden.

– Det har vore mindre trivelege kommentarar av og til, men ein må prøve å skilje sak og person. Det har eg prøvd å leve etter. Eg har tenkt: «Det er ikkje meg, men den nye kyrkja dei er irritert på», fortel ho.

– Eg har halde ein låg profil og vore audmjuk, sidan eg veit mange har vore imot kyrkja. Eg har tenkt at eg iallfall ikkje skal skape meir konflikt, for vi i V­åler skal leve vidare saman også ­etter dette.

Lita bygd

– Kva har striden gjort med lokalsamfunnet?

– Det går rykte om at det er familiar som er splitta på grunn av striden, men det er nok å overdrive. Men det er ein liten klan, og kanskje fortrinnsvis eldre innbyggjarar, som er motstandarar, seier Syversen.

LES OGSÅ: 'Djervere tanker­ om kirkebygg'

Ho trur likevel dei kan få til eit godt samhald i bygda igjen.

– Det er 3.772 innbyggjarar 
i Våler. Om lag 1.200 bur i 
sentrum, så der kjenner alle ­kvar­andre. Det er godt å kunne­ helse på folk sjølv om ein er 
ueinig. Eg føler vi er på veg framover no.

Negative til nybygget

Det vart utlyst ein arkitektkonkurranse for ei ny kyrkje, og 230 arkitektar sende inn sine forslag. Våren 2012 vart det klart at vinnaren av konkurransen var forslaget «En med to av tre» av arkitekten Espen Surnevik. Året etter starta bygginga.

– Har diskusjonen stilna etter at bygginga byrja?

– Ja. Samtidig kom det kommentarar om utsjånaden til kyrkja. Om at den er stygg og at den ser ut som ditt og datt, fortel ­Syversen.

– Vi har framleis nokre ihuga motstandarar i bygda.

Nabo protesterer

Ein av dei er Tor Oddvar Rivenes (66). Han er ein av dei næraste naboane til den nye kyrkja. I hagen sin har han sett opp eit skilt med skrifta­ «Skrekkdomen», med pil mot kyrkja.

– Eg likar absolutt ikkje korleis den kyrkja ser ut. Folk har tatt kontakt og lurt på om det er ein hoppbakke eller ein skateboard­rampe eg har fått som nabo, sa Rivenes til NRK førre veke.

LES OGSÅ: Brennhet debatt etter kirkebranner

Han gjorde det klart at skiltet vil stå der til det rotnar. Syversen seier ho ville blitt veldig glad om skiltet vart fjerna, men understrekar at Rivenes er i sin fulle rett til å ha det der.

– Skiltet er mynta på bygget, ikkje enkeltpersonar. Det vil ikkje legge ein dempar på vigslinga søndag, trur ho.

Vigsling

Den nye kyrkja ligg om lag 40 meter frå der den gamle sto. Søndag er det vigsling.

– Vigslinga er starten på ei kyrkjefestveke her i Våler. Det blir stor festivitas ei heil veke til endes, fortel Syversen.

Ho er sjølv nøgd med kyrkja.

– Eg er stolt av det vi har fått opp. På ein måte ser det ut som kyrkja har lege der lenge, sidan det er ein kyrkjegard rundt den. Den er eit smykke, som arkitektane seier, understrekar Torunn L. Syversen.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter