Religion

Får ikkje registrere
 soldatars livssyn

Jobben med å kartlegge livssyn byrjar først når soldaten er død. Ikkje-kristne fryktar at presten­ tek regi på ­minnestunda.

Dersom ein soldat døyr i utanlandsteneste, er det den militære avdelingssjefen som er ansvarleg for at det blir halde seremoniar. Det gjeld både minnestunda­ ­lokalt i leiren utanlands, men også overleveringsseremonien når kista kjem til Noreg.

Vekk frå kristne ritual

No skal falnetenesta i Forsvaret reviderast, og ho er no ute på intern høyring. Det nye reglementet handlar hovudsakeleg om logistikken rundt behandlinga av den døde. Ein liten del av revideringa tek føre seg seremoniane. Her er «livssynsnøytralt» eit viktig stikkord.

– Det gamle reglementet har tydelege referansar til at vi i Forsvaret følgjer kristne ritual ved død under operasjonar. Til ­dømes at presten skal forrette jordfestinga, seier oberstløytnant i hæren, Aleksander Jankov.

LES OGSÅ: 'Gode ord fra presten og veldig betryggende'

Det nye reglementet går, ifølgje Jankov, ikkje i detalj på kven som skal forrette ved død i ei av Forsvarets avdelingar.

– Derimot er det presisert at sjefen har ansvaret for å halde ei minnestund.

– Prest framleis viktig

Ifølgje­ Jankov får avdelingssjefen ofte støtte frå feltpresten når ein ­soldat døyr. Det følgjer med ein feltprest på alle av Forsvarets utanlandsoperasjonar.

– Feltprestane har ekstra opplæring i kva omsyn som må ­takast når det gjeld å handtere falne, uansett livssyn og tru, seier Jankov og legg til:

– Vi ser framleis på feltprestane som svært gode rådgjevarar for dei militære sjefane, sjølv om reglementet for falnetenesta er blitt livssynsnøytralt.

Ifølgje Tor Simen Olberg, ­kyrkje- og religionsrådgjevar i Forsvarets feltprestkorps, har det vore mest vanleg at avdelingssjefen har gått til feltpresten når det gjeld seremonien etter eit dødsfall.

– Sjefen har i mindre grad valt å utføre seremonien sjølv, seier Olberg.

LES OGSÅ: Soldater vil ha slutt på religiøse ritualer i Forsvaret

– Nei til Jesus

Det er ikkje alle som er komfortable med denne løysinga. Ein av dei er oberst­løytnant Tormod Overland.

– Eg har lite lyst til at en prest skal stå og prate om Gud og ­Jesus dersom eg døyr, seier han til nettstaden Fri tanke.

– Mange ynskjer ikkje-kristne seremoniar dersom dei skulle bli drepne, men Forsvaret har aldri kommunisert at det finst andre alternativ enn feltprestane, fortel oberstløytnanten, som har 24 års fartstid i Forsvaret.

Dette kjenner ikkje Jankov seg igjen i.

– Dersom soldatar har opplevd at dei ikkje har moglegheit til å seie ifrå om sitt livssyn og ynskjer dersom dei skulle døy, så er det sjølvsagt beklageleg. Vår erfaring er at dei aller fleste sjefar er bevisste sitt ansvar og at dei har kjennskap til kva soldatar som har behov som skil seg frå det fleirtalet har, seier han.

Ikkje registrert

I Forsvaret er det forbode å registrere soldatane si tru eller livssyn. Ein må derfor først etter soldatens død finne ut kva seremoni som er ynskjeleg. Ifølgje Olberg finst det to måtar å gjere dette på.

LES OGSÅ: Soldatar skrotar fellesbønn

– Ein må kontakte nokon som kan ventast å vite. Det kan vere nær familie, som soldaten sjølv har oppgitt. Eller så kan ein 
sjå om soldaten har lagt att ein konvolutt med informasjon om korleis han eller ho ynskjer å bli behandla. Men spørsmålet er: Kvar ligg denne informasjonen, seier Olberg.

– Så dette kan med andre ord vere vanskeleg å få greie på?

– Det spørs kva du meiner med vanskeleg. Somme gongar er det berre ein telefon som skal til. Men vi kan ikkje vere heilt sikre dersom vi ikkje har noko signert frå soldaten.

Får ikkje gjennomslag

Ifølgje Olberg har feltprosten, i samtalar med sjefar i Forsvaret, snakka om moglegheita for å kunne ha ei form for registrering av livssyn, gjennom eit strengt regulert kodeverk.

– Men det har han ikkje fått gjennomslag for. Eg veit ikkje kvar i systemet det har stoppa opp, seier Olberg.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Krev «religionsnøytral bøn»

Fleire reagerer på terminologien i det nye reglementet for falnetenesta i Forsvaret.

I det nye reglementet for falne, som no er ute på høyring internt i Forsvaret, står det at minnestund bør minimum innehalde følgjande moment:

• Kven er det vi minnast.

• Kva betydde personen for oss.

• Sjefen kan seie nokre ord.

• Enkel bøn (religionsnøytral).

• Musikk.

• Lystending.

I høyringssvara frå både Forsvarets personell- og vernepliktssenter (FPVS) og Feltprestkorpset blir det stilt spørsmål ved bruken av ordet «religionsnøytral».

– Vi stiller spørsmål ved korleis ei bøn kan vere religionsnøytral, sidan omgrepet «bøn» er eit religiøst omgrep», skriv FPVS.

Feltprestkorpset trur også det neppe er mogleg å finne ei religionsnøytral bøn, og foreslår følgjande:

– Kort andakt, bøn eller tilsvarande tilpassa den falne si tru eller livssyn, skriv feltprost Alf Petter Bu Hagesæther i høyringssvaret.

Det nye reglementet for falnetenesta skal presenterast i løpet av sommaren.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion