Nyhet

Politifløytinga er intens. Biltrafikken er tett. Parkeringsplassen er overfylt. Frå heile landet strøymer det på med menneske som vil inn porten til den enorme minnelunden. Kvinner og menn som saknar ein mann, ein far, ein bror, ein son, ein onkel, ein bestefar.

Srebrenica. Namnet ber bod om brutal død. 8.372 bosniske gutar og menn blei slakta ned av serbiske soldatar, milits og politi mellom 11. og 19. juli 1995.

– Vi kjenner talet på døde. Men framleis er ikkje alle funne. 
Vi leitar etter dei siste massegravene, fortel Elmedin Delibasic.

Vi er heilt aust i Bosnia-Herce­govina, på grensa til Serbia, i landsbyen som blei sjølve symbolet på den etniske reinsinga som fann stad under krigen 1992-1995. I 2003 blei dei første identifiserte ofra gravlagt på den enorme minnelunden, som også er eit nasjonalt minnesmerke.