Nyheter

Er framleis såra

Knut Ødegård blei katolikk etter at den offentlege diskrimineringa tok slut, men har likevel opplevd kjensla av å vere annenrangs.

- Heilt frå eg var eit lite barn oppsøkte eg den katolske kyrkja i Molde og opplevde den flotte messa der. Eg vart glad i Den katolske kyrkja alt som skulegut, og då debatten om jesuittar og andre katolikkar rasa, las eg avisene og tykte det var vonde åtak, seier han.

Forfattaren og konvertitten var enno ikkje blitt katolikk i 1956 då paragrafen som nekta jesuittmunkar tilgang til Norge, blei fjerna. Han var berre elleve år.

Hårsår

I eit debattinnlegg i Vårt Land i førre veke med tittelen «Frå ein hårsår katolikk», skreiv Ødegård at «vi norske katolikkar som er litt oppe i åra, hugsar altfor godt diskrimineringa.»

- Kvifor er du hårsår?

- Ordet hårsår var sjølvironisk meint. Men eg opplever det som sårt at vi katolske kristne ofte har opplevd å ikkje bli sett på som retteleg kristne. Direkte trakassering har eg ikkje opplevd, men mediebehandlinga og mange kommentarar frå lutheranarar kan gjere oss «hårsåre».

LES OGSÅ: Kirken som nektet å dø

- På kva måte har du opplevd dette?

- No som vaksen mann og forfattar så opplever eg ikkje noko motstand, men det var verre då eg konverterte på 1980-talet. Familien min og det lutherske miljøet eg kjem ifrå såg ikkje på Den katolske kyrkja som fullt akseptabel. Det var snakk om pavekyrkja, og vi var liksom annanrangs kristne.

– Stille i dørene

Sidan tida rundt konverteringa har ikkje Ødegård opplevd negative reaksjonar frå andre, bortsett frå i det siste. Då har statsstipendiaten opplevd den pågåande saka med medlemsrot i Oslo katolske bispedøme som belastande.

- Eg synes at mediedekninga av medlemsinnmeldinga i Oslo katolske bispedøme har gått lang over sine proporsjonar. Det er rett at media skriv kritisk, men stadig gjentaking utan noko særleg nytt å tilføre er unødvendig. Ingen har dessutan erkjent å ha gjort noko kriminelt. Då burde ein gå stille i dørene til politiet og retten har konkludert, meiner statsstipendiaten.

Han legg til at den repeterande mediedekninga har kjentes «som eit personleg ubehag».

LES OGSÅ: Det slørede, journalistiske blikk

Gjekk på «nonneskule»

Katolikk og musikar Wolfgang Plagge er einig i at dekninga har vore ubehageleg. Musikaren er ein av mange innvandrar-katolikkar i Norge. Foreldra er frå Nederland. Plagge blei fødd i 1960 i Norge.

- Det var ingen belastning å vere katolikk då eg vaks opp som barn. Men eg opplevde nokre rare vrangførestillingar, seier professoren i musikk ved Norges musikkhøgskole – men han er også kantor i Mariakirken i Asker.

Blant anna trudde folk at faren hans måtte gøyme seg då nonner kom på besøk i barndommen, sidan dei trudde at nonner ikkje hadde lov til å møte menn. Og mange kommenterte også at han gjekk på «nonneskulen» St. Sunniva i Oslo, sjølv om mange av lærarne ikkje var nonner.

- Men i det siste har det vore utspel om kyrkja vår som går både over og under beltestaden av det som er god journalistikk. Kritisk journalistikk er bra, men eg meiner det grensar mot mobbing når folk stiller spørsmål om nokon har ville berike seg økonomisk på den medlemsregistreringa som har skjedd.

– Aldri diskriminert

Plagge meiner dette viser at folks fantasi blomstrar i møte med denne saka.

- Kan det vere tidlegare diskrimineringa av katolikkar som får deg til å reagere slik på mediedekninga av medlemssaka?

- Det kan jo hende. Men eg har aldri opplevd sjølv å bli diskriminert som katolikk. Eg trur at diskrimineringa nådde sitt høgdepunkt på 1950-talet rundt avskaffinga av jesuittparagrafen, og at det sidan har blitt mindre og mindre.

LES OGSÅ: Ansatte føler seg utrygge

Sjølv opplevde han det som svært å vere elev på katolsk skule og at å vere katolikk fekk eit positivt lys over seg på grunn av kjende katolske kulturpersonar.

- Burde folk og media ta omsyn til det å vere katolikk på grunn av fortida?

- Nei, det er ikkje noko poeng. Det som er gale, er gale. Punktum. Ufin behandling i fortida skal ikkje resultere i bonus i notida.

Særstilling i lova

Heller ikkje Ødegård synes at ein skal ta ekstra omsyn til katolikkar.

- Men kjenner du på eit minoritetskompleks sidan det er få katolikkar i Norge?

- Eg kjenner mest på at vi ikkje er så få, men at vi blir behandla som at vi er få. Vi veks mest og har overfylte messer, men blir likevel behandla som eit lite og framand element i Norge.

I tillegg meiner han det er feil at den lutherske kyrkja skal ha ei særstilling som folkekyrkje.

- Det er eit demokratisk problem når folk vert automatisk rekna som lutherske kristne samstundes som dei ikkje fører borna sine fram til dåp og sjølve ikkje tek del i gudstenestene. Kvifor krev då staten aktiv innmelding i dei katolske kyrkjesamfunna? Problemet kan vera at vi katolikkar tenkjer ikkje i nasjonalkyrkjer på same vis som dei lutherske gjer det: Vi kan vera døypte i eitt land, flyttar til eit anna - men er framleis, og over heile jordkloten, medlemmar i den verdsvide katolske kyrkja.

Følg oss på Facebook og Twitter!

– Stri kamp

- Du skriv at du er hårsår. Er eldre katolikkar flest i Norge hårsåre?

- Norske katolikkar er ikkje ei einsarta gruppe med like reaksjonsmønster. Men mange av oss kjenner på at det er lite kunnskap om katolske tradisjonar generelt, og om den katolske kyrkja i Noreg spesielt. Folk manglar rett og slett kyrkjehistorisk kunnskap og veit ikkje at kristninga av Noreg var eit katolsk prosjekt, at Olav den heilage var katolikk og at Nidarosdomen opphavleg var ei katolsk kyrkje.

- Kjenner yngre katolikkar også på dette?

- Det veit eg ikkje.

Plagge kjenner seg ikkje igjen i at katolikkar av verken det yngre eller eldre slaget er hårsåre.

- Eg har aldri høyrt at det er eit tema, og ikkje opplevd at katolikkar er meir hårsåre. Men det kan hende det er betydeleg annleis å vere konvertitt enn å bli fødd inn i Den katolske kyrkja. Konvertittane har gjerne opplevd ein stri kamp inn i kyrkja vår, seier Plagge.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter