Nyheter

Droppar andakta

Etter fleire tiår med fast andakt i Jærbladet, er det no slutt. Dette sparer dei 10.000 kroner på. – Trist, meiner ­bidragsytar.

– Vi har hatt ein diskusjon gåande i redaksjonen det siste året, rundt det prinsipielle med å ha ei andakt i avisa. Det handler om sjangeren, fortel redaktør i Jærbladet, Hilde Garlid.

– Fleire har opplevd det som problematisk å ha forkynning for ein bestemt religion i avisa.

I går sto den siste andakta på trykk i Jærbladet.

Dårleg økonomi

I tillegg til den prinsipielle diskusjonen, spelar økonomien ei rolle. Kvar andakt kostar avisa 200 kroner. Med 50 andakter i året, blir det 10.000 kroner i årlege utgifter.

– Vi er inne i ei tid der vi snur alle steinar med tanke på økonomi, seier redaktøren.

– Men 200 kroner per andakt er vel ikkje det som er hovudgrunnen til fjerninga?

– Det er på ingen måte dette som veltar økonomien til Jærbladet. Men det har vore vanskeleg som redaktør å ha andakt som sjanger. Sjølv om kristendomen dominerer i Noreg, og sjølv om kristendomen nok står sterkare ­her enn mange andre stadar i landet. Eg veit at eg bryt med ein tradisjon, seier Garlid.

LES OGSÅ: Puster liv i debatt om MFs bibelsyn

– Nyskaping er nødvendig

Jærbladet er ikkje medlem av Landslaget for lokalaviser (LLA), en det er over hundre andre lokalaviser. Generalsekretær i LLA, Rune Hetland, har ikkje merka noko til ein generell trend mot å kutte ut andakten i avisene.

– Men eg har ikkje oversikt over kvar enkelt avis, så eg kan ikkje seie at det ikkje eksisterer heller, seier han.

– Kor viktig vil du seie spalter som andakten er?

– Det er vanskeleg å vurdere enkeltspalter, men det å legge ned noko betyr ikkje alltid nedprioritering. Det blir alltid kritikk når ein kuttar ut noko, men for å skape noko nytt, må ein gjerne fjerne andre ting, meiner Hetland.

Spegle lokalsamfunnet

Redaktør Garlid har fått reaksjonar frå lesarar som meiner det er trist og unødvendig at andakta er tatt vekk. Garlid er sjølv kristen, og ho presiserer at kristenliv skal speglast minst like godt som før i Jærbladet.

Mange lokalaviser i Noreg har framleis andakter kvar veke. Ei av dei som vil halde fast på det, er Avisa Hordaland.

– Den har sin naturlege plass på ei helgeside, med diverse anna helgestoff. Det er limet i avisa, fortel redaktør Elin Madsen.

Spalta heiter Helgetankar og står på trykk kvar laurdag.

– Eg kan ikkje garantere kor lenge den blir verande, men vi har ingen planar om å endre på den i næraste framtid.

Følg oss på Facebook og Twitter!

– Trist

Den siste andakta som sto på trykk i Jærbladet, var skrive av pastor i Bedehuskyrkja, Kjersti D. Landro. Ho tykkjer det er trist at det no er over.

– Eg synest det har vore veldig bra å ha ei andakt i lokalavisa. Heilt topp. Fordi eg meiner bodskapen er viktig, seier ho.

Landro seier ho godt kan skrive andakta utan å få pengar for det, om det er økonomien det står på.

– Redaktøren legg også det prinsipielle til grunn – at det er vanskeleg for ei avis å ha forkynning for ein bestemt religion i avisa. Kva tenkjer du om det?

– Eg forstår den argumentasjonen utifrå dagens samfunn. Men eg trur på Bibelen, så eg ynskjer å ha andakta i avisa.

LES OGSÅ: 'Litt rare?'

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter