Nyheter

Dør med dragning

Lenge låg byen løynt i ateistiske DDR. No strøymer pilegrimar til Wittenberg for å ta bilete av verdas mest kjende lutherske dør. Mange reiser heim med Martin Luther i plast.

– Det var her reformasjonen eigentleg starta, kan ein seie, Wittenberg var reformasjonens vogge.

Guiden tek oppstilling og ventar på at fotografane skal bli ferdige, slik at han kan leie gruppa heilt fram til det dei har kome for å sjå. På det vesle torget utanfor slottskyrkja i Wittenberg er det mange som stimlar saman utanfor plastgjerdet teknisk etat i kommunen har sett opp. Ingen skal få kome heilt inntil sjølve døra.

Fram til 31. oktober 1517 var døra berre ei sidedør i slottskyrkja i Wittenberg. Men så, på den siste dagen i oktober det året, steig ein skriftlærd kar, ein ­teologiprofessor frå universitetet i byen fram med hammar, spiker og ark fulle av tekst.

Martin Luther spikra seg fast i kyrkjehistoria då han hamra opp dei 95 tesane mot avlatshandelen for 500 år sidan.

Men slo han dei verkeleg opp på slottskyrkjedøra? Hendinga har veike, skriftlege kjelder, for trulegvis nøgde professor Luther seg med å sende ut tesane den 31. oktober 1517.

LES MEIR Luther gjer Norge godt å bu i

Studietur

Akkurat det betyr mindre for biskop Prasana ­Kumar Samuel. Med reisekors på magen er den indiske kyrkjeleiaren synleg på torget.

– Vi kjem frå Church of South India, ei protestantisk kyrkje grunnlagt av engelske misjonærar. Vi måtte til Wittenberg for å sjå byen der Martin Luther budde, forska og underviste – og tok eit særs viktig oppgjer med den katolske kyrkja, fortel Samuel.

«Vi» er biskop Samuel og 15 rektorar frå skular Church of South India (CSI) eig og driv. CSI er Indias nest største kyrkjesamfunn. Berre den katolske kyrkja er større, målt i medlemstal.

– For alle oss protestantar er Martin Luther viktig, så då vi skulle på studietur til Tyskland i haust, var det heilt naturleg å kome hit, forklarar biskopen og forsvinn inn på turistkontoret for å sikre seg nokre høvelege suvenirar.

Sel Luther

Sidan Martin Luther­ skal ha svinga hammaren for 500 år sidan, er det blitt bygd ei verdsvid kyrkje. Drygt 900 millionar reknar seg som protestantar i dag, og nær 80 millionar av desse er lutheranarar.

I år vonar reiselivet i den vesle austtyske byen Wittenberg, det lutherske «Roma» i 2017, at rundt to millionar menneske skal finne vegen til gamlebyen ved Elben.

I iveren etter å vri ein euro eller fem ut av gjestene, er det knapt grenser for kva som kan seljast med hjelp av den store reformatoren – og avlatshandelsrefsaren: Øl, badeender, t-skjorter, drops, pasta, vin, sokkar, kunst, kaffi, brennevin, dekketøy,­ barne-klede – og leiker.

Plastsuksess

– Her har du sjølvaste salssuksessen, seier Franz Hiller og etterfyller bordet i den rullande butikkvogna han har parkert like ved slottskyrkja.

Hiller set fram to nye boksar med playmobilfigurar; ein liten Luther i plast.

– Denne sel eg absolutt mest av, nikkar han mot ei kvinne som skal til å velje noko frå Hillers bod.

Ho valde plastmannen:

– Han blir ei gåve til barnebarnet.

I samband med reformasjonsjubileet valde Evangelische Kirche in Deutschland plast-Luther som hovudambassadør. Og allereie i juni hadde produsenten selt unna ein million figurar.

Ølmann

Franz Hillers familie driv eit reklamebyrå. Difor har dei laga eit utval tekstilar med litt leikne Luther-tekstar. Som t-skjorta med teksten «Martin Luther trefte spikaren på hovudet 95 gonger». Eller krus med tekstar som «Han som ikkje har øl, har ikkje drikke».

– Alle næringsdrivande i Wittenberg starta planlegginga av jubileet i god tid til 2017, seier Hiller.

Vandrar

Tungemåla som fyller gatene i Wittenberg denne dagen når nesten babelske ­dimensjonar. Tilreisande frå alle kontinent vandrar opp Collegienstrasse, mot slottskyrkja, til kyrkjedøra. På vegen styrer mange stega innom Lutherhaus. Bygningen var opphavleg ein del av Wittenberg universitet. Martin Luther flyttet inn i 1508, først som student og munk, så i 1524 med heile familien. Lutherhaus var heimen i til saman 35 år. Her forfatta han dei 95 tesane.

Etterspurnaden etter vegvisarar er sterk. Langt frå alle kan nok om Wittenbergs verdskjende borgar.

– 2017 har vore eit godt år for oss som arbeider som guidar, seier Stefanie Hommers.

LES MEIR Å gå pilegrim med Luther

Norden

Ho fortel at tre land peikar seg ut i flokkane som får byvandringar på tysk, engelsk, fransk og spansk.

– Vi har mange frå Danmark, Sverige og Norge, land med sterke, lutherske folkekyrkjer, veit du, forklarar Sommers.

Bak henne har ei stor gruppe samla seg. Mannen på medbrakt krakk har eit særs lyttande publikum. Han snakkar mandarin.

– Eit anna land i Asia skil seg ut hjå mine grupper i år, seier Sommers.

– Svært mange kjem frå Sør-Korea.

Ateistar

Som røynd Martin Luther-guide registrerer Stefanie Hommers at hennar eigne bysbarn veit til dels svært lite om teologen som kløyvde moderkyrkja i to, leia ein reformasjon og gav namnet til ei global kyrkje.

– Du skjønnar, denne delen av Tyskland låg i 40 år i Aust-Tyskland, i den ateistiske staten DDR. Her i Wittenberg er det i dag langt færre lutheranarar – og katolikkar – enn det er ateistar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter