Ishockeyklubben Frölunda frå Göteborg har ein indianarhøvding med full fjørpryd på hovudet som klubbsymbol. Då Frölunda nyleg blei svenske meistrar i ishockey ville ein diakon i kyrkjelyden Västra Frölunda markere sigeren.
Utkledd som indianar
Men det blei alt anna enn feiring.
Diakonen Britt-Marie Bäckström kledde seg ut som indianarhøvding, med fullfjørpryd på hovudet, og stilte seg opp framom altaret i kyrkja for fotografering. Bilete blei lagt ut på Facebook-sida til kyrkjelyden.
Bilete blei svært populært i sosiale medier, og GöteborgsPosten hylla kyrkjas deltakande feiring. Sjølv sa diakon Bäckström dette til lokalavisa:
– Denne gleda kjem til å gje etterverknader i eitt år.
LES OGSÅ: Prest med Sabeltann-hatt døpte barn
– Kyrkja burde vite betre
Etterverknadane kom brått. Ordførar i Det samiske rådet rykka ut og gav diakonen og kyrkja verbal bank.
– Her blir ein attributt som er heilag for andre menneske gjort til underhaldning. Kyrkja burde vite betre, seier Sylvia Sparrock til Kyrkans Tidning.
Sameleiaren meiner ein diakon utkledd som indianar viser at kyrkja ikkje respekterer andre kulturar.
Ber om orsaking
Ein talsperson i Västra Frölunda kyrkjelyd seier til Radio Sapmi at lokalkyrkja er lei seg, og at ein ikkje forsto kva ein gjorde då diakonen stilte seg opp i kyrkja utkledd som ein indianarhøvding.
– Vi ber om orsaking, seier Rebecca Petersson.
Bilete av Bäckström på kyrkjas Facebook-side blei sletta.