Nyheter

Den jødiske arbeidarprinsen

Ed Miliband kan bli den første ­jødiske statsministeren i Storbritannia på 135 år. 
Som regjeringssjef vil han anerkjenne Palestina.

Edward Samuel Miliband vil ikkje klare å kopiere Labour-politikaren som gjenreiste og reformerte det britiske arbeidarpartiet. I 1997 blei Tony Blair ein av Storbritannias aller yngste statsministrar – og han vann tre val på rad.

Miliband er 45 år. Blair var 43 då han jaga dei konservative ut av departementskontora våren for 18 år sidan. Og dagen før valet er det høgst usikkert om kven som får i oppdrag å skipe ny regjering i Storbritannia. Det er dødt løp mellom den sitjande konservative statsminister David Cameron og Labour-utfordrar Miliband.

I år er det dobbelmarkeringar av andre verdskrig: 75 år sidan han starta, 70 sidan han slutta. Ed Miliband har eit spesielt forhold til denne krigen. Både mora og faren overlevde Holocaust, faren ved å røme frå Belgia til Storbritannia, mora blei gøymd unna jaktande nazistar.

LES OGSÅ: Ønsker ny valgordning

Bestefaren myrda

Ralph Miliband kom til Storbritannia som flyktning i 1940. Han var polsk jøde som hadde flytta med familien til Belgia. I sitt nye heimland blei Miliband ein kjent marxistisk samfunnsteoretikar.

Marion Kozak blei fødd inn i ein velståande jødisk familie i Częstochowa i Polen. Byen hadde fram til krigen ein talrik jødisk befolkning. Kozak overlevde krigsåra mellom anna fordi ho fekk gøyme seg hjå katolske nonner i Polen.

Som sjuåring vitja Ed Miliband bestemora som hadde flytta til Israel. Då han såg eit svart-kvitt foto av ein mann, forlanga han å få vite kven det var. Svaret var at «det var bestefar, men hadde døydd i Polen for lenge sidan». Først ei stund seinare fekk unge Miliband kjennskap til bestefarens lagnad:

– Bestefar blei myrda av ­nazistane i eit okkupert Eur­opa for 70 år sidan saman med 60 medlemmer av min utvida familie,­ fortel han som kan bli statsminister i morgon.

LES KOMMENTAREN: Unioner i motvind?

På utsida

Fram til Ed Miliband blei valt til Labour-leiar i 2010 – der han spurtslo den eldre broren David i eit bittert oppgjer – var den unge, jødiske sosialdemokraten heller ukjent i det jødiske miljøet i Storbritannia. Forklaringa ligg i hovudsak i oppdraginga brørne Miliband fekk:

Foreldra definerte seg ikkje som jødar, men som radikale på venstresida i britisk politikk. Difor vaks sønene opp på utsida av det jødiske miljøet.

Men som Labour-leiar måtte Miliband bli kjent med det jødiske Storbritannia, og hans første store utanlandsreise som partileiar gjekk til Israel. Då han returnerte kunngjorde Miliband at han var ein sann «ven av Israel», og at Israel hadde rett til å verne seg sjølv. Under sommarkrigen mellom Hamas og Israel i fjor, var Miliband hard med både Storbritannias statsminister Cameron – som han skulda for å vere pinleg taus – og Israels statsminister Benjamin Netanyahu - som blei gjort ansvarleg for drap på hundretal uskuldige sivile palestinarar.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Jødar utvandrar

Britiske jødar likte ikkje det dei høyrde. Mange meinte Miliband mangla evna til å nyansere, og at han brukte Hamas-Israel-krigen som ein «politisk fotball»; ei sak han kunne utnytte til eiga innanrikspolitisk vinning.

Men det som har provoserte britiske jødar mest, er den tause Ed Miliband. Medan britiske medier fortalde om sterk auke i antisemittiske hendingar, kom det ikkje eit ord frå Labour-leiinga.

I januar kom det tal på bordet som fortel at britiske jødar ser svart på framtida. Nesten halvparten fryktar at dei ikkje har noko framtid i Storbritannia eller i Europa på lengre sikt, fortel studien frå Campaign Against Anti-Semitism (CAA). Talet på britiske jødar som emigrerer til Israel, auka i fjor med 20 prosent frå 520 til 620, melder Jewish Agency.

CAA opplyser at britisk politi i 2014 registrerte det høgaste talet antisemittiske hendingar sidan dei starta å føre slik statistikk for 30 år sidan. Framfor å handtere denne utfordringa valde Miliband å gå inn i ei anna – som provoserer mange britiske jødar:

Han støttar forslaget om at Storbritannia anerkjenner Palestina som stat.

Tre lovnader

Britiske jødar er inga homogen gruppe til liks med amerikanske jødar, som ofte stemmer på demokratiske presidentkandidatar. Men dei er eit barometer; dei støtta Margaret Thatcher på 80-talet før dei stilte seg bak Blair i 1997.

I ein freistnad på å vinne deira støtte i morgon, har Miliband levert tre lovnader:

– Eg vil ikkje tolerere antisemittisme. Eg vil verne dykkar religiøse praksis. Eg vil arbeide for ein to-stats-løysing; eit trygt Israel ved sidan av ein sjølvstendig palestinsk stat.

Miliband understrekar at boikott av Israel ikkje er eit fornuftig tiltak, for det skaper ikkje fred å isolere Israel.

Imperialisten

Vel britane Edward Samuel Miliband til landets nye statsminister, blir han den første jødiske statsministeren i Det sameinte kongedømmet sidan Benjamin Disraeli takka for seg i 1880. Disraeli grunnla det moderne konservative partiet, som hadde band til det gamle Tory-partiet frå 1700-talet. Han utvida også det britiske imperiet meir en nokon annan britisk politikar.

Kjelder: Spectator, Independent, Jewish News, BBC, Guardian

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter