Nyheter

Dansk departement avviste fosterreduksjon

Norges avgjer om å opne for fosterreduksjon av eitt eller fleire friske fostre, fekk Det etiske råd i Danmark til å ta opp saka. Rådet seier nei.

Det etiske råd, som i desse dagar rundar 30 år, har medlemmer som er oppnemnt av både Folketinget og regjeringa, og kan samanliknast med det norske Bioteknologirådet.

Fosterreduksjonsdebatten i Norge fekk Det etiske rådet til å setje same sak på dagsorden i Danmark. Debatten i Norge starta då Justisdepartementets lovavdeling konkluderte med at abortlova frå 1975 kan tolkast slik at ho opnar for fosterreduksjon av eitt eller fleire friske fostre.

LES OGSÅ: Abortturistar søkjer til Norge

Splitta råd i Danmark

Den norske nytolkinga fekk Det etiske rådet i Danmark til å ta opp fosterreduksjon på brei front. Fråsegna dei formulerte, og sendte ut etter at debatten var sluttført, viser eit splitta råd:

• Åtte medlemmer meiner at «en gravid kvinde frit bør kunne vælge at få foretaget fosterantalsreduktion inden udløbet af abortgrænsen i 12. graviditetsuge». Mindretalet vil sidestille provosert abort og fosterreduksjon.

• Ni medlemmer meiner at det er så «væsentlige forskelle på fosterantalsreduktion og provokeret abort, at reglerne på de to områder bør være forskellige». Fleirtalet vil difor ikkje endre dagens danske lovverk.

Stikk motsett konklusjon

Det etiske råd har avdekka at Justisdepartementet i Norge og Justitsministeriet i Danmark har begge vurdert lovverket – og trekt heilt ulike konklusjonar:

«(...) det er interessant at konstatere, at Justitsministeriet i Danmark i 2003 nåede frem til den stik modsatte konklusion af den norske lovavdeling», skriv rådet i fråsegna.

Lovtolkarane i Norge avgjorde i fjor at det ikkje var naudsynt å endre abortlova for å opne for fosterreduksjon av friske foster.

Lovtolkarane i Danmark konkluderte med at fosterreduksjon ikkje var omfatta av «lov om svangerskabsafbrydelse».

Tolking av lover

Kari Kjønaas Kjos (Frp), leiar i Stortingets helsekomité, finn det ikkje unaturleg at to lands lover blir tolka ulikt, sjølv om begge lover i dette tilfelle skal regulere fosterreduksjon.

– Den norske lova er ikkje lik den danske, så her er rom for ulike tolkingar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter