Nyheter

Danmark får klarere rammer for passiv dødshjelp

Etter forlik i Folketinget skal det bli laga reglar for medisinsk lindrande behandling der døden er ein sannsynleg konsekvens.

Akkurat som i Norge er aktivt dødshjelp forbode i Danmark. No har dei folkevalde i Folketinget funne saman i ein avtale. Denne gjev klarare rammer for passiv dødshjelp.

To viktige ting blir endra, melder Kristeligt Dagblad:

• Det skal bli lettare å velje døden når ulækjeleg sjukdom har ført døden innafor rekkjevidde.

• Det skal bli mogeleg å avbryte livsforlengande behandling, sjølv om ein ikkje er døyande.

LES MER: Søkte sjukehus om å få døy 

Siste ord

Regjeringspartiet Venstre gjekk i front for endringane saman med Socialdemokratiet og Dansk Folkeparti, men til sist blei alle parti i den danske nasjonalforsamlinga samde, og skapte dermed eit breitt forlik.

– Det viktigaste for meg er at vi set pasientens rett til sjølv å bestemme i sentrum, seier helseminister Ellen Trane Nørby til Kristeligt Dagblad.

Ho held fram at mennesket gjer val gjennom heile livet, men at samfunnet har vore bekymra for at folk vel rett når det kjem til livets siste del. Trane Nørby seier at no blir den tvilen fjerna.

Endrar frist

Konkret skal det no bli laga reglar for medisinsk lindrande behandling der døden er ein sannsynleg konsekvens.

Dagen reglar har skapt store rom for tvil; kor nærme må døden vere for at pasienten skal få slik behandling. Ei presisering skal slå fast at det skal dreie seg om «dagar til veker».

Helsepolitisk talsmann i Folketinget for Socialdemokratiet, Flemming Møller Mortensen, forklarar at forliket definerer grensa som «seks til åtte veker».

Får seie nei

Den andre viktige endringa er retten til å avbryte ei livsforlengande behandling som er starta. I dag har ein pasient berre rett til å be om at behandlinga må bli stoppa om ho er døyande.

Eit døme: Ein muskelsvinnpasient får ikkje avslutta behandlinga i respirator om utsiktene til å leve i fleire år er gode.

No blir dette løyst opp. Pasientar skal få lov til å seie nei, takk til behandling som påbyrja behandling.

Skriv testamente

Til sist har dei folkevalde blitt samde om at danskar skal få rett til å skrive eit juridisk bindande behandlingstestamente. Her kan kvar danske skrive ned kva behandling dei ønskjer – eller seier nei til. Sjukehus er plikta til å etterleve testamenta.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter