Nyheter

Canal Digital droppar alkoreklame

Canal Digital seier det er viktig å gje kundane fridom til å velje dei lovlege kanalane dei vil ha.

Stortinget har klubba ei rekkje vern:

• Kringkastingslova forbyr reklame rett mot barn på barne-TV.

• Lotterilova forbyr reklame for alle andre ­pengespel enn dei frå Norsk Tipping og Rikstoto.

• Alkohollova forbyr reklame for øl, vin og brenne­vin på norsk TV.

Norske TV-selskap som sender program frå utlandet har gjort eit utval. Noko har dei respekt for, andre forbod omgår dei.

Overser forbodet

Det spesielle er at norske TV-selskap som sender program frå utlandet, oftast frå Storbritannia, har stor respekt for forbodet mot alkoholreklame, men overser forbodet mot pengespelreklame og reklame mynta på barn.

– Når dei kan respektere alkoholforbodet ved ikkje å sende slik reklame i Norge, bør dei også evne å tenkje på dei yngste TV-sjåarane, meiner dagleg leiar Christoffer Ringnes Klyve i Framtiden i våre hender.

LES OGSÅ: Nordiske naboer kan true vinmonopolet

Leverer tilbod

Informasjonssjef Tormod Sandstø i ­Canal Digital Kabel er heilt klar på at distribusjonsselskapet er på trygg lovleg grunn når dei tilbyr barne-TV-kanalen Boomerang.

– Canal Digital Kabel bryt ingen lov – vi held oss sjølvsagt til gjeldande lovverk og regulering til ei kvar tid.

Om innhaldet i Boomerang, seier han:

– TV-kanalane har sjølve det fulle redaksjonelle ansvaret for det som blir sendt på deira kanalar. Canal Digital Kabel er ein TV-distributør.

– Kvifor distribuerer de Boomerang?

– Vi er opptatt av å gje kundane våre stor valfridom slik at kvar einskild kan setje saman dei kanalane og det innhaldet ein sjølv ønskjer.

Er lovleg

Forbrukarombodet har tilsynsansvaret for reklame som blir retta mot barn. Fagdirektør Tonje Hovde Skjelbostad stadfestar at Canal Digital – og dei andre distribusjonsselskapa – ikkje bryt norsk lov, men tilpassar seg lovverket i andre land, der det er lovleg å sende barne-TV med reklame.

– Har ombodet vore i kontakt med selskapa for å drøfte praksisen med å distribuere barne-TV frå utlandet, som har reklameinnslag, til norske barn?

– Nei, opplyser Skjelbostad. Ho opplever at ombodet ikkje har verkemiddel som kan stoppe praksisen.

Administrerande direktør Anne Berit Rørlien i Viken Fiber ønskjer ikkje å kommentere saka. Ho viser vidare til kraftselskapet Lyse, for Viken Fiber distribuerer berre kanalane til Altibox.

Lyse opplyste måndag at dei ikkje hadde høve til å kommenter saka på måndag.

LES OGSÅ: Omgår lov – tener på barnereklame

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter