Nyheter

Brukar sjukt mange oljemilliardar

Finansministeren må bruke færre oljekroner. Fleire må i arbeid, og alle må jobbe lenger. Men ei «heilag ku» vil få parti røre.

Finansminister Siv Jensen sette budsjettrekord i 2016. Diplomøkonomen auka budsjettet med 35 milliardar oljekroner.

Jensen varsla hardare økonomiske tider då ho la fram 2017-budsjettet i fjor:

– Oljefesten er over.

I 2018-budsjettet blir det pumpa inn færre oljepengar. 12. oktober kjem tala som fortel kva det betyr; det fjerde blåblå statsbudsjettet.

– Norge er ein velfungerande velferdsstat, og vi har hatt råd til å polstre han med oljemilliardar, seier ein av Norges fremste ekspertar på trygd, pensjon og arbeidsmarknad, professor Kjell Vaage.

Tre tal illustrerer polstringa: I fjor brukte sosialministeren 40 milliardar på sjukepengar, 35 milliardar på arbeidsavklaringspengar og 80 milliardar på uføretrygd.

LES MEIR Må søkje NAV-støtte til gravferder

Fryktar rekninga

I vår, i høveleg avstand til valet, gjekk seks ungdomsparti ut og ba moderpartia slakte ei av dei heilagaste kyrne i den norske velferdsstaten. For ungdomspolitikarane sa at éitt er sikkert; vi får rekninga.

Partia var samstemte – med unntak av Venstre: Vi rører ikkje sjukelønsordninga. På Høgres landsmøte blei forslaget om endra sjukeløn klubba ned. Partiet gjekk til val på eit program tomt for ord om ordninga.

– Rommet for å drøfte endra trygdeordningar i perioden som kjem er lite, men vi må snart starte denne viktige debatten, seier Kristian Tonning Riise til Vårt Land.

No snakkar han som fersk tingmann for Høgre. I vår som leiar i Unge Høgre sa han dette til Nettavisen:

– Hundre prosent sjukeløn har gjeve oss dobbelt så høgt sjukefråver som Sverige.

– Tek du med deg iveren etter å endre sjukelønsordninga inn i Høgres stortingsgruppe?

– Eg er valt inn på Høgres program, og der er dette ikkje eit tema, men vi må bu oss på at i tidene som kjem blir det ikkje rom for nye dyre velferdsordningar, vi må prioritere. Vi må byrje å seie at vi har råd til dette, men ikkje dette.

Dyre lovnadar

Lovnadar i valkampen, og vedtak i Stortinget varslar ikkje innstramming. Regjering og Storting skal finne milliardar til asfalt og jernbane, utdanning og lærarar, kuler og krut.

Same dag som statsminister Erna Solberg (H) gjekk inn i NRKs valstudio, og lova at ho ikkje kom til å røre sjukelønsordninga, fortalde Jonas Gahr Støre at han ikkje vil røre gåvepakka til pensjonistane.

Arbeidarpartiet protesterte då Solberg-regjeringa i fjor gav nær 3 milliardar kroner i auka pensjon til gifte og sambuande pensjonistar, slik Frp hadde ivra for i årevis. Men seks dagar før valet freda Støre gåvepakka.

Forklaringa var enkel: «Når noe slikt er vedtatt, så har mennesker tilpasset seg det», sa Støre til NTB.

LES MEIR NAV sponsar healer-utdanning

Varsel frå SSB

I juni passerte Norge ein milepåle. For første gong har landet over 900.000 alderspensjonistar. Statistisk sentralbyrå (SSB) varslar no at «Pensjonene spiser stadig mer av kaka» – og utdjupar: «De siste seks–syv årene har utgiftene til alderspensjoner lagt beslag på stadig større del av statsbudsjettet. Veksten ventes å fortsette de neste ti årene og gjør det vanskeligere å øke pengebruken til andre formål.»

Etterlyser revisjon

Når økonomiprofessor Finn Vaage ser inn i åra som ventar, ser han skyer på den nasjonaløkonomiske himmelen:

– Arbeidskraftreservane våre er i ferd med å bli brukt opp. Ja, vi står lenge i jobb, men talet på pensjonistar aukar. Til samanlikning med andre land i Europa er svært mange kvinner yrkesaktive, så det er lite å hente her. Difor bør den neste regjeringa ta fatt i éi sak som verkeleg kan få fleire i arbeid, og det er dagens sjukelønsordning. Ho er overmoden for revisjon, meiner professoren frå Universitetet i Bergen.

Vaage peikar på at det er gratis for arbeidstakaren å vere sjuk, og nesten gratis for arbeidsgjevaren å ha ein sjuk arbeidstakar, for etter 16 dagar tek staten rekninga.

Ønskjer eigendel

– Kva bør finansministeren og sosialministeren gjere?

– Vi bør få ei ordning der arbeidstakaren får 80-90 prosent av løna i sjukefråversperioden, og arbeidsgjevar bør betale tilsvarande – 10-20 prosent – i heile sjukemeldingsperioden. Slik kan ein gjere begge partar meir økonomisk ansvarlege.

– Vil sjukefråveret i Norge gå ned og fleire vil vere i arbeid?

– Alt vi veit om sjukelønsordningar i andre land tyder på det, seier Vaage.

Han høyrer lyden av kritikarane, og kjem dei forkjøpet:

– Dette er skatt på sjukdom, vil nokre hevde. Men dette er ein særnorsk måte vi har vendt oss til å sjå på det. Vi seier heller ikkje dét om dei andre trygdeordningane – berre for sjukelønsordninga gjer vi dette ukloke unntaket.

Har makt

Jo lenger vi ventar med å strame inn på denne ordninga, dess meir vil det koste oss, understrekar Vaage. Han peikar på LO og NHO når han forklarar kvar makta ligg:

– Trepartssamarbeidet har gitt partane i arbeidslivet stor innverknad på trygdepolitikken, og dagens sjukelønsordning er blitt ei «heilag ku». Det skal mot til å kutta i ei ordning som er såpass populær, og den belastninga gjer dei alt for å unngå, særleg i valtider.

Borgarleg usemje

I mars la Solberg-regjeringa fram Perspektivmeldinga. Bodskapen står som skrift på vegg: Storting og regjering må byrje å prioritere hardare, vi kan ikkje halde fram med å gje meir til alt.

– Vi gjekk til val med lovnaden om ikkje å røre sjukeløna, så det skal vi halde. Men ordninga må opp til debatt, så prioriteringsdebatten kjem før neste periode, seier Høgres Kristian Tonning Riise.

Difor vil Høgre setje ned eit utval. Men både KrF og Frp vil ikkje røre nivået på sjukeløna. Det vil berre Venstre.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter