Nyheter

Blåblått asylskremsel nådde millionar

Hausten 2015 kom rekordmange asylsøkjarar til Norge. Regjeringa svarte med skremmekampanje i sosiale medier – og lukkast med å nå heile 11,5 millionar personar.

– Justisdepartementet prøvde å fjernstyre migrantane, seier Jan-Paul Brekke til Vårt Land. Han er forskar ved Institutt for samfunnsforskning (ISF).

Varsla om at Norge, i 2015, måtte bu seg på å ta i mot svært mange fleire asylsøkjarar enn tidlegare år, kom i det sommar gjekk over i haust. I juni søkte 1.141 asyl, i november søkte 8.661 personar om det same.

I Justisdepartementet såg politiske leiing med stigande uro på tilstrøyminga. Justisminister Anders Anundsen og statssekretær Jøran Kallmyr, begge frå Framstegspartiet, byrja å leite i verktøykassa, men fann ut at noko heilt nytt måtte prøvast ut for å få fortalt potensielle asylsøkjarar at dei ikkje burde planleggje ei reiserute som skulle ende i Norge, fortel evalueringsrapporten Communicating borders frå ISF.

I månadane før jul i 2015 prøvde Justisdepartementet ut ein målretta Facebook-kampanje for å påverke reisevala til flyktningar og migrantar.

Bodskap: Hald dykk unna Norge.

Resultat: Heile 11,5 millionar personar blei nådd; meldingar og videoar er lest og 21 millionar gonger.

LES MEIR Nordmenn flest positive til flyktningar

Effekt?

Samstundes som Solberg-regjeringa blei internasjonale pionerar med å satse tungt på Facebook som kanal for å åtvare potensielle asylsøkjarar i førjulsstria i 2015, byrja færre å søkje asyl i Norge.

Det markante skiftet kom i det november gjekk over i desember. I november søkte 2.545 afghanarar asyl, i desember 369, viser tal Vårt Land har henta inn frå Utlendingsdirektoratet (UDI).

Norge gjekk frå å vere eit av dei største mottakarlanda i Europa til å bli eit av dei som tok i mot færrast.

Men Brekke i ISF åtvarar mot å trekkje bastante kampanjekonklusjonar.

– For å måle effekten på slike kampanjar, må vi ut og snakke med dei som er undervegs.

Likevel meiner han kampanjen trulegvis verka inn, saman med ei rekkje andre faktorar.

Informasjon

Ei veke ut i november 2015 gjekk dåverande justisminister, Ander Anundsen (Frp), til Stortinget og informerte om kampanjen på sosiale medier, først og fremst Facebook, men også Twitter blei brukt.

Gjennom Facebook-sida «Stricter asylum regulations in Norway» skulle ein målrette bodskapen til dei departementet ville nå, særleg yngre menn frå Afghanistan og Eritrea.

– Vi veit at asylsøkjarar hentar informasjon på sosiale medier, og at det går mange rykte der. Då er det viktig at vi er på dei same kanalane og gjev korrekt informasjon, forklarte dåverande statssekretær Jørn Kallmyr (Frp) til NTB.

Bodskapen frå Solberg-regjeringa som gjekk ut i verda var det ikkje er verdt å risikere livet og betale masse pengar til menneskesmuglarar når ein mest sannsynleg blir returnert.

LES MEIR Fattige land tek imot flest flyktningar

Har mobil

To år seinare legg Institutt for samfunnsforskning fram rapporten som viser kva dei blåblå lukkast med:

• Avgrensa målgrupper blei nådd med bodskapar ein elles ville strevd med å få fram.

• Facebook er ein sværs nyttige – og billeg – informasjonskanal for å nå mange på kort tid.

Jan-Paul Brekke, som saman med to ISF-kollegaer står bak rapporten, fortel at smarttelefonen er eit avgjerande viktig verktøy.

– Ta afghanske flyktningar som søkjer asyl. Der dei startar reisa ute på landsbygda har dei korkje telefon eller dekning, men straks dei kjem til Kabul får dei tak i smarttelefon, og han blir med på den vidare reisa, seier Brekke.

Retningsliner

I rapporten leverer ISF-forskarane fleire råd til regjeringa. Eitt er å formulere retningsliner for bruk av sosiale medier, særleg når det kjem til bruk av betalt innhald.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter