Nyheter

Ber Norge­ forby atomvåpen

Norge har eit moralsk ansvar for å avskaffe atomvåpen, difor burde Stortinget sagt ja til forbod, meiner biskop Tor B. Jørgensen.

Sjå tidsline nedst i saka!

Torsdag er det 70 år sidan det amerikanske bombeflyet Enola Gay kom inn over Hiroshima med ei atombombe i lasterommet. Kvart over åtte om morgonen lokal tid gjekk lukene opp og Little Boy, bomba som bar kallenamnet til USAs president Franklin Roosevelt, fall mot jorda. 580 meter over bakken detonerte ho og drap nesten 70.000 menneske.

– Når vi no markerer at det er 70 år sidan atombomba blei brukt første gong, må vi setje oss eit felles mål; atomvåpna må bli avskaffa for alltid, seier Tor B. Jørgensen, biskop i Sør-Hålogaland, til Vårt Land.

I morgon er han i Hiroshima, ein by han kjenner godt. Kyrkjeverdsrådet (KV) har invitert Jørgensen med i ein internasjonal delegasjon av kyrkjeleiarar som skal vere med på 70-års markeringa. Med det er biskopen tilbake i Japan, landet han lenge var misjonsprest og prestelærar i. I perioden 1974-1989 var Jørgensen utsending for Det Norske Misjonsselskap i 12 år.

– I mine år i Japan møtte eg mange overlevande frå både Hiroshima og Nagasaki, seier kyrkjeleiaren og fortel om sterke møte med menneske som både opplevde dagen då bombene fall og dei vanskelege åra som følgde. Jørgensen trekkjer særleg fram dei enorme langtidsskadene.

LES OGSÅ: «Nordmann festa bomba til flyet»

Open for forbod

Frå Hiroshima sender biskopen ein appell til dagens norske regjering:

– Arbeid aktivt for eit forbod.

Jørgensen dreg fram runden i Stortinget i vår og sommar som enda med at stortingsfleirtalet stemde ned forslaget om at Norge skal jobbe for ein bindande avtale som forbyr atomvåpen.

Utgangspunktet for avrøystinga var eit representantforslag frå SV, Senterpartiet og Venstre som tok til orde for at Norge skal delta i ei kjernegruppe av land som kan arbeide for eit internasjonalt forbod.

I vår signaliserte Arbeidarpartiet at dei vurderte å støtte forslaget:

– Vi støttar eit internasjonalt forbod mot atomvåpen, sa Anniken Huitfeldt, Aps leiar i Stortingets utanrikskomité. KrF var også opne for å kunne stemme for.

SJÅ KART OVER VERDAS ATOMMAKTER HER!

Tradisjon om semje

Men då det var tid for avstemming i Stortinget i juni, kom både Ap og KrF regjeringa til unnsetning:

– Vi vil ikkje bryte ein lang tradisjonen på Stortinget å instruere regjeringa i utanrikspolitiske spørsmål, sa Arbeiderpartiets Svein Roald Hansen frå Stortingets talarstol.

Men han minna utanriksminister Børge Brende (H) om at eigentleg er det fleirtal på tinget for å støtte forslaget som er reist av Austerrike; globalt forbod.

Austerrikarane arbeider med ei såkalla «humanitær erklæring». Her skal verdas statar love å arbeide for å «stigmatisere, forby og avskaffe» atomvåpen.

Regjeringspartia understreka i juni at dei ikkje kunne støtte NATOs forsvarsstrategi og samstundes stå fremst i flokken av land som utfordrar denne strategien. NATOs generalsekretær, eks-statsminister Jens Stoltenberg, slår fast at så lenge det finst atomvåpen, så vil forsvarsalliansen ha atomvåpen.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Atomvåpenfri verd

Organisasjonen Nei til Atomvåpen, som blei skipa i 1980, meiner at verdssamfunnet har ein historisk sjanse til å avskaffe verdas farlegaste våpen – og at Norge kan spele ei viktig rolle for eit slikt forbod.

Då stortingsfleirtalet sa nei til at Norge skulle slutte seg til Austerrikes forslag, sa det samstundes ja til at Norge skal ha ei pådrivarrolle for eit forbod.

I eit skriftleg svar til Stortinget forsikrar utanriksminister Brende at «vårt mål er en verden uten atomvåpen».

Han lovar at «Norge vil også fremover være en pådriver for balansert og verifiserbar nedrustning, og jeg vil legge vekt på at atommaktene bidrar i dette viktige arbeidet».

Bøn til Brende

Når biskop Tor B. Jørgensen meiner regjeringa burde ha støtta forslaget som fall i Stortinget, har han brei kyrkjeleg støtte nasjonalt og internasjonalt.

I eit brev frå Norges Kristne Råd (NKR) til utanriksminister Brende blir Solberg-regjeringa beden om å arbeide aktivt for eit internasjonalt forbod mot atomvåpen. NKR påpeikar at nedrustningsforhandlingane går treigt, og at mangelen på framgong ikkje kan forklarast med internasjonale kriser, men mangelen på vilje.

I kampen mot atomvåpen har kyrkja, både heime og ute, tala tydeleg heilt sidan dei første etterkrigsåra, seier Sør-Hålogalands-biskopen.

– Difor er eg stolt og audmjuk over at eg blei invitert til å delta på markeringa i Hiroshima.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter