Nyheter

Ber Brende 
sikre bistand

KrF vil ha møte med utanriksminister Børge Brende (H). Partiet vil at Norge skal kopiere Sverige.

Vårt Land fortalde i går at den raudgrøne, svenske regjeringa omdisponerer fire milliardar kroner tilbake til langsiktig ­bistand. For flyktningane som var varsla kom ikkje.

– Her må Norge sjå til Sverige. Her må Høgre og Frp gjere som Löfven-regjeringa gjer i Sverige, seier KrFs bistands­politiske talsmann, Kjell ­Ingolv Ropstad.

PLAN NORGE: – Gi fattige bistandspengene tilbake

Mange milliardar

Sveriges regjering tok i fjor fire milliardar kroner frå 
bistandsbudsjettet for å betale flyktningutgifter. No får verdas fattige­ 
pengane tilbake. Flyktningane kom ikkje.

Akku­rat som i Sverige har asylstraumen til Norge minska kraftig. Det gjev dei blå blå mange milliardar kroner ­ekstra å rutte med allereie i neste års budsjett. NTB har rekna ut at det er snakk om nesten seks milliardar i mottaksfasen i 2017 åleine.

Her må Norge sjå til Sverige. Her må Høgre og Frp gjere som Löfven-regjeringa gjer i Sverige.

KrF har ikkje tid til å vente til 2017:

– Vi ber om eit møte utanriksminister Børge Brende, for vi ønskjer at regjeringa allereie i år skal omdisponere ubrukte midlar frå asylpostar tilbake til langsiktig bistand, seier Ropstad.

VERDIDEBATT: – Norge bør ta imot flere kvoteflyktninger når flyktningene ikke kommer

Gode prosjekt

Mot slutten av kvart kalenderår leverer ­regjeringa ein såkalla salderingsproposisjon til Stortinget som fortel kva ubrukte kroner skal brukast til.

– Då regjeringa omdisponerte­ pengar frå klassisk bistand til asylinnsats i fjor er eg sikker på at gode prosjekt mista midlar, så det skal ikkje vere noko stort problem å returnere ubrukte asylkroner til utviklingsbistand, meiner Ropstad.

LES MER: Tok strømmen fra fattige for å betale asylmottak

Kjem få

Tal frå Utlendingsdirektoratet fortel at berre 1.943 søkte asyl i Norge i perioden januar-juli i år, noko som er rekordfå.

I fjor haust sa Solberg-regjeringa at det kunne kome mellom 10.000 og 60.000 asyl­søkjarar til Norge i 2016, 
med eit såkalla punktanslag på 33.000.

I mars ble punktanslaget redusert til 25.000. Det siste talet er 10.750 asylsøkjarar innafor eit spenn på mellom 4.000 og 25.000 asylsøkjarar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter