Nyheter

Bassel kokar ny framtid i Norge

Bassel Jameel Ahmad puttar to opplæringar i gryta. Han skal både lære norsk og ta fagbrev som kokk på eit restaurantkjøkken. Viktig støttespelar blir Jahn Teigen.

Bilde 1 av 2

Oppskrifta er laga av Vaksenopplæringa i Oslo kommune:

Ein flyktning.

Eit vaksenopplæringskontor.

Ein vidaregåande skule.

Eit NAV-kontor.

Ei bransjeforeining, NHO Reiseliv.

Ei lærebedrift.

Ha alt i ei gryte, skru opp varmen og kok alt saman til eit fagbrev som kokk i løpet av fire år.

LES MEIR No kjem EU-flyktningane

Går kjøkkenvegen

– Er det varmt? spør restauratør Jørn Lie.

Han ber Bassel Jameel Ahmad ta i mot ei stålform bakte rotgrønnsaker som nyleg kom ut av ein omn.

– Ja, vedgår Ahmad.

– Dette må du tole, for det blir varmare, både her og her, seier Lie og peikar ut i kjøkkenet på restaurant Gamle Raadhus i Oslo – og mot hovudet.

– På eit restaurantkjøkken kan det verkeleg koke, legg han til.

Bassel Jameel Ahmad er ikkje skræmt. Det er dette han vil.

– Eg er heldig, eg får skape meg ei ny framtid, her i Norge.

29-åringen kom hit i fjor sommar og fekk opphaldsløyve. Han har flykta frå blodbadet i Syria, landet som er herja av krig på sjuande året.

Flest i Oslo

Arbeidsløysa blant innvandrarar er høgare enn blant resten av befolkninga. Ved utgangen av 2016 var den registrerte arbeidsløysa for innvandrarar på 6,5 prosent. Berre 2,1 prosent av etniske nordmenn stod utan arbeid ved årsslutt, fortel dei siste tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Ei gruppe innvandrarar skil seg ut, melder Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi): Flyktningane.

Menn og kvinner som kjem til Norge som flyktningar strevar – saman med deira familiemedlemmer – monaleg meir på arbeidsmarknaden enn arbeidsinnvandrarar og dei som kjem som følgje av familiegjenforening.

– I gruppa av flyktningar er det eit enormt spenn på kva kompetanse dei har med seg. Vi skal integrere alt frå analfabetar til folk med universitetsgrader, seier Tone Tellevik Dahl (Ap), byråd for utdanning i Oslo kommune.

23 prosent av alle med flyktningbakgrunn er busett i hovudstaden, og dei utgjer sju prosent av folketalet i Oslo, opplyser SSB.

LES MEIR Nordmenn positive til flyktningar

Opplæringsmeny

I Oslo prøver no kommunen ut eit ambisiøst prosjekt. Godt motiverte flyktningar – og andre minoritetsspråklege – blir plukka ut og servert følgjande opplæringsmeny:

• 4-årig utdanning i kokk- og servitørfaget med opplæring på vidaregåande skule og lærebedrift parallelt.

• Deltakarane teiknar lærekontrakt i kokk- eller servitørfaget med ei lærebedrift, og tek fellesfag og programfag på skulen. Norskopplæringa finn stad både på skulen og i lærebedrifta.

– Første kull starta i 2015. No startar vi opp andre kull, fortel rektor på Oslo Vaksenopplæring Helsfyr, Torunn Thomassen.

Ingen snarveg

Vi er på Gamle Raadhus i Oslo. To av Thomassens utvalde skal skrive lærlingkontrakt med restauranten. I 2021 skal dei vere ferdig utdanna kokkar. Vaksenopplæringsleiaren lovar dei utvalde, Bassel Jameel Ahmad og Wachirapa Decharat, krevjande år:

– Dette er ingen snarveg. Både skulen og restauranten vil krevje mykje av dykk, understrekar Thomassen. Ho har 16 lærlingar på kull 1 og 18 på kull 2. I år er storparten av dei 18 flyktningar som er blitt busette i Oslo.

Jørn Lie eig og driv to restaurantar i Oslo. Han tek berre inn dei best motiverte lærlingane. Lie vil ha folk som verkeleg vil inn i restaurantyrket, og som er villige til å strekkje seg.

– Desse to møter dei same krava som dei andre lærlingane vi tek inn.

Mange innvandrarar

Reiselivsbransjen er ein av dei store integreringsarenaane i norsk arbeidsliv. Næringa er ein «integreringsmotor», meiner NHO Reiseliv:

– 40 prosent av dei som jobbar i hotell- og servicenæringa har innvandrarbakgrunn, og det er plass til fleire, fortel kommunikasjonsrådgjevar Hilde Veum.

Ingen hinder

Bassel Jameel Ahmad blir ein av dei.

Då han flykta frå heimlandet Syria til Libanon i 2014, braut han av studia i fysikk ved universitetet i Damaskus. I Libanon blei han plukka ut som kvoteflyktning av Utlendingsdirektoratet. Stortinget vedtok i 2015 at Norge skal ta i mot 8.000 syrarar over tre år.

– Kva er bra med Norge?

– Her er det ikkje noko tak å stange i, tak som hindrar kva ein kan bli.

Bassel Jameel Ahmad brukte ikkje lang tid på svare då det spesielle opplæringstilbodet kom.

– Eg får eit sertifikat som fortel kva eg kan – og eg får lære norsk godt, samstundes.

Viktige støttespelarar

Ahmad har allereie lært seg nok norsk til å føre samtalar. Han hadde ein særmerkt lærar.

– Eg lærte meg engelsk ved å lytte til musikk, så då eg kom til Norge, leita eg opp norsk musikk som kunne lære meg språket. Då fann eg Jahn Teigen. Han har ein song eg er blitt svært glad i, og som er viktig for meg

– Kva heiter han?

– «Optimist».

Slik lyder refrenget:

Optimist, jeg vet det går bra til sist

Så lenge jeg lever her er jeg en Optimist

– Denne songen spelar eg når eg treng å bli muntra opp og styrkje trua på at eg skal klare å etablere meg i Norge.

Bassel Jameel Ahmad er katolikk. 29-åringen seier trua også hjelper han med å få fotfeste i Norge.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter