Nyheter

Ba surrogatmor abortere eitt av tre foster

Kommande hadde berre råd til tvillingar, ikkje trillingar.

47 år gamle Melissa Cook frå California i USA sa seg villig til å vere surrogatmor for ein 50 år gammal mann frå Georgia. Med egg frå donor og sæd frå mannen blei Cook gravid med trillingar. Ho er no 23 veker på veg.

Men så kom mannen som skulle betale kvinna for å bere fram hans barn på andre tankar, fortel Washington Post, som har fått tilgang på eit søksmål Cook har levert til ein lokal domstol. Her hevdar surrogatmora at statens surrogatilov bryt rettstryggleiken som grunnlova garanterer.

LES MEIR Partitopp ber KrF tenkje nytt om abort

Abort

I rettsdokumentet fortel Cook at barnefaren tok kontakt med henne og fortalte at privatøkonomien skranta, og at han var bekymra for helsa til dei tre fostra. Han leverte også forslag til løysing: Kunne ho abortere eitt foster, slik at han berre fekk leverte tvillingar?

Cook svarte nei:

– Eg er for liv og vil ikkje ta abort.

Washington Post skriv at mannens respons var at han hadde tatt ei avgjer som han meinte var den beste.

LES MEIR Halvparten tar abort igjen

Herredømmet

Til avisa seier Melissa Cook at ho har fått eit nytt syn på surrogati.

– Eg har djup empati for menn som ønskjer barn. Men eg trur surrogatiordningane må granskast og revurderast, seier ho og spør om kvinner som ber fram andres barn mistar herredømmet over eigen kropp. Advokaten til mannen fortel at klienten ganske enkelt ikkje ønskte tre barn.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Godtok

I søksmålet seier Cook at ho er juridisk mor til trillingane, at ho søkjer foreldreretten til det tredje barnet og ber om ei rettshøyring for dei to andre. Ho ber også om å få ei erklæring som seier at ho ikkje kan bli saksøkt for å ha nekta å ta abort.

Cooks advokat meiner klientens surrogatikontrakt og loven han lener seg på «ikkje vil tåle konstitusjonell gransking».

Robert Walmsley, advokaten til barnefaren, opplyser til Washington Post at mannen har akseptert Melissa Cooks avgjerd, sjølv om han ikkje er samd. Han vil ta i mot og oppdra alle dei tre barna.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter