Nyheter

- Alle religioner er velkomne til kyrkja

KrFs ordfører i Lindås, Astrid Byrknes, utelukkar ikkje idéen om å lete alle nye kyrkjebygg bli fleirreligiøse.

– Kvifor er du politikar?

– Eg er politikar fordi eg ønskjer å vere med å sikre vekst og utvikling i kommunen min. Som politikar er også ombod for innbyggjarane. Eg bryr meg om mine medmenneske. Difor vil eg bidra aktivt sjølv, og ikkje berre vere på «utsida» og klage.

– Kvifor bør ditt parti ha makta lokalt hjå deg?

– Vi har politiske løysingar for kvardagen. Vi vil ha gode oppvekstvilkår, ei god eldreomsorg og eit godt kulturfelt, der frivillige lag og organisasjonar står sentralt. I tillegg er vi opptatt av at vi gjennom arbeidet med kommunereforma skal ha gode, opne og inkluderande prosessar. Vi trur også at tida framover vil bli viktige år, derfor meiner vi at stabilitet i den politiske leiinga er viktig.

Trur på dialog

– Kva gjer ditt parti betre enn andre?

– KrF er gode på tverrpolitiske møter. Vi i KrF Lindås samarbeider godt med alle. Det er fordi vi trur at ved god dialog, og gjennom arbeid med å finne den beste løysinga tverrpolitisk, får innbyggjarane løysingar som står seg.

– Og dårlegare enn andre?

– KrF Lindås kunne vore betre på å gjere alle gode vedtak vi har vore med på meir synlege.

Søndagsfri

– Din viktigaste verdikamp lokalt?

– Søndagsfri og meir lokaldemokrati.

– Bør det vere skulegudsteneste før jul i kommunen din?

– Ja.

– Er det ein god ide å la alle nye kyrkjebygg bli fleirreligiøse?

– Det spørs kva som ligg i det omgrepet, og kva ein eventuelt skal ha av aktivitet i bygga. Alle religionar er jo velkomne til kyrkja. Men definisjonen på fleirreligiøse må forklarast før eg kan ta eit standpunkt.

– Kan det vere greitt å stengje utestadar ein time tidlegare?

– Ja, det kan vere greitt, men den eine timen er ikkje avgjerande. Der må vere alkoholpolitiske retningsliner som blir følgt opp i praksis med både opplæring og kontroll. I min kommune er det formannsskapet som har dette fagfeltet, og her er vi tverrpolitisk samde om å følgje våre lokale retningsliner og ikkje la det gå populisme i vedtaka vi fattar.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Hareide gjev tryggleik

– Vil du sjølv gje flyktningar ein heim i ditt hus?

– Ei slik avgjer må eg først ta med familien som bur heime.

– Rikspolitisk favoritt — uansett partifarge?

– Eg har stor sans for min eigen partileiar Knut Arild Hareide. Han er eit stort forbilde i å møte alle uansett situasjon. Måten Hareide kommuniserer på, gjev tryggleik og tillit.

– Kva profil ville du ete reker med?

– Eg skulle gjerne ete reker med kommunalminister Jan Tore Sanner. Eg har mange, viktige kommunale saker eg skulle hatt drøfta med han.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter