Politikk

– Alle familiar er forskjellege

– Det viktigaste er at ein er glad i barna sine, seier KrFs familiepolitiske talsmann.

Geir Jørgen Bekkevold (KrF) konsentrerer seg først og fremst om barna i dagens familiepolitikk.

– Det som er bra for barna, er bra for resten av samfunnet. Det er viktig å verne om dei svakaste i samfunnet, seier han.

– Ulike familiar

I laurdagens hovudsak fortel Vårt Land om ein familie der far er homofil og mor er heterofil. Saman har dei dottera Hedvig på seks månadar.

– Kva tenker du om ei slik ordning, Bekkevold?

– Barn veks opp i ulike familiar. Dei kan ha ein like god oppvekst som i ein tradisjonell kjernefamilie. Men det er viktig å ha ei oppfatning av kva det vil seie å ha barn og det å vere foreldre, seier KrF-aren.

– Forskarar trur at fleire slike familiekonstellasjonar vil dukke opp. Kva tenker du om det?

– Det gjerast val som verkar framande for meg. Men eg vil ikkje stille meg som dommar over deira val. Det viktigaste er at ein er glad i barna sine.

LES MER: Israelere tilbyr nordmenn amerikansk surrogati via Sverige

Endringsvillig

Ein del har endra seg i familiepolitikken sidan Bekkevold melde seg inn i KrF i 1999. Han nemner eit par døme.

– Vi er blitt meir opptekne av utbygging av barnehagar og kvalitetssikring av dei. I tillegg er det sett søkelys på det å klare å kombinere karriere og eit familieliv.

– Korleis vil denne politikken endra seg i åra som kjem, trur du?

– Vi må ta omsyn til at alle familiar er forskjellege. Ingen av dei er så A4 som dei var for nokre tiår sidan. Eg trur politikken vil vere prega av fleksible løysingar, seier Bekkevold.

Han er opptatt av å følgje med i tida.

– Når vi ser nye behov, må vi vere villige til å endre ordningar eller innføre nye.

LES MER: – Geir Kvarme vil gjøre det lettere for kvinner å bære fram andres barn

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk