Nyheter

Abortturistar søkjer til Norge

Danske kvinner blir oftare gravide med tvillingar etter fertilitetsbehandling. Danske kvinner har spurt om å få utført fosterreduksjon i Norge.

– Hittil har vi fått åtte førespurnadar om fosterreduksjon frå utanlandske kvinner. Alle er blitt avviste, opplyser seksjonsoverlege Torbjørn Eggebø ved Nasjonal behandlingsteneste for avansert invasiv fostermedisin.

– Kvifor?

– Dei oppfylte ikkje kravet om at ein må opphalde seg i Norge når ein ber om fosterreduksjon.

– Kva land kom kvinnene frå?

– Italia, Tyskland, Irland, Sverige og Danmark, fortel Eggebø. Tenesta han leiar er lokalisert på St. Olavs hospital i Trondheim.

Må betale sjølve

Vårt Land fortalde i februar i fjor at Helsedepartementet hadde konkludert, etter å ha rådspurt seg med lovavdelinga i Justisdepartementet, med at abortlova opnar for fosterreduksjon av eitt eller fleire friske fostre.

I september sende Helsedirektoratet ut retningsliner for korleis ordninga skal praktiserast. Her skriv direktoratet at «Utenlandske kvinner som oppholder seg i Norge vil dermed ha rett til å få utført fosterreduksjon, men de må betale selv for inngrepet».

Rett før jul avviste fleirtalet på Stortinget KrFs og Senterpartiets ønskje om å gjere fosterreduksjon ulovleg.

LES OGSÅ: «Jeg klarer ikke å se for meg livet uten jenta til venstre på bildet»

Strenge reglar i Danmark

I Danmark, eit av landa Eggebø nemner, er reglane for fosterreduksjon strenge. I ei fersk fråsegn frå Det etiske råd påpeikar rådet – og viser til sundhetsloven – at gravide kvinner berre kan få innvilga fosterreduksjon «hvis reduktionen vil medføre en væsentlig formindskelse af risikoen for at forringe kvindens helbred eller fostrenes sundhed og levedygtighed. Med disse begrundelser er det tilladt at reducere antallet af fostre til to, men under normale omstændigheder ikke til ét».

Legen spurte ikkje

– Kan det tenkjast at danske kvinner som har fått sett inn to egg ved prøverøyrsbehandling, likevel berre vil ha eitt barn og søkjer seg til Norge for enkelt å få fosterreduksjon her, Eggebø?

– Det veit eg ikkje. Eg har ikkje spurt dei som har kontakta oss til no om bakgrunnen for at dei ønskjer fosterreduksjon, seier han.

Kor mange det kan bli snakk om, dei danske kvinnene som blir gravide med tvillingar etter fertilitetsbehandling i Danmark, men som søkjer fosterreduksjon i Norge fordi dei likevel berre ønskjer eitt barn, veit ikkje heller ein av Danmarks fremste fertilitetslegar, professor Maja Pinborg ved Københavns Universitet.

– Vi snakkar nok om ei svært lita gruppe danske kvinner, fortel ho.

Får helsehjelp i nordiske land

Leiaren i Stortingets helsekomité, Kari Kjønaas Kjos (Frp), seier at «danske kvinner som søkjer fosterreduksjon i Norge, er ein del av det opne samfunnet»:

– Nordmenn får helsehjelp i Danmark, så om nokre få danske kvinner kjem til Norge for å få det dei søkjer, er ikkje det noko stort problem, seier ho.

LES OGSÅ: Høyre vil gi tvillingforeldre flere uker hjemme

Set inn to egg

Ei stor nordisk undersøking avdekte i 2015 store skilnader mellom dei nordiske landa når det kjem til prøverørsbehandling:

• Danmark: Ein av to kvinner som får fertilitetsbehandling, får sett inn to befrukta egg i livmora.

• Finland, Sverige og Norge: I 70-80 prosent av tilfella nøyer legen seg med å setje inn berre eitt egg i livmora til kvinna som får slik behandling.

LES OGSÅ: Dansk departement avviste fosterreduksjon

Klinikkar endra praksis

Skilnadane blei avdekka etter at nordiske legar fingranska 92.000 barn frå Danmark, Finland, Sverige og Norge som var fødde etter fertilitetsbehandling i perioden 1988-2007.

Konsekvensen av den danske praksisen var at Danmark sette fertilitetsrekord i talet på tvillingfødslar.

– Danmark skilte seg så sterkt ut at vi sette oss ned med klinikkane, både dei offentlege og dei private, og sa at nå må vi «gjere noko», fortel Pinborg, ein av forskarane bak den nordiske storstudien.

Ho arbeider også på Hvidovre Hospital, ein av Danmarks offentlege fertilitetsklinikkar, og var fram til i fjor president i Nordisk Fertilitetsselskap.

Nærmar seg nordisk nivå

Professor Pinborg legg fram dei siste tala for Vårt Land. Dei fortel at Danmark no nærmar seg den finske, svenske og norske praksisen; eit mindretal av kvinner får sett inn to befrukta egg.

– Men framleis ligg vi litt over resten av Norden, opplyser fertilitetseksperten.

Gruppa som oftast får to egg, er danske kvinner over 40 år – og som får prøverøyrs- eller anna fertilitetsbehandling på private klinikkar.

Undring i Frp

Kari Kjønaas Kjos (Frp) – og fleirtalet i helsekomiteen – avviste rett før jul forslaget frå KrF og Senterpartiet om å stramme inn abortlova slik at fosterreduksjon ikkje skulle lovleg i Norge.

Likevel finn komitéleiaren det rart om danske kvinner, som har strevd med å bli gravide, for så å få påvist to barn i magen, skal søkje til Norge for å få fjerna det eine.

– Eg vil seie at det er ei underleg avgjer.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter