Nyheter

Aborterer fleire foster med hjartefeil

Fleire gravide som får påvist alvorleg hjartefeil hjå fosteret, vel å ta abort.

I ei nasjonal undersøking har ti norske forskarar sett nærare på alle barn som blei fødde i Norge i perioden 1994-2009. Den unike studien omfatta heile 943.871 barn.

Forskarane har i ein studie undersøkt overleving blant eitt-åringar med medfødde hjartefeil.

LES OGSÅ: «Verda ramla saman»

Konklusjonen er at summen av dødsfall hjå levande fødde barn og dødfødslar og avbrotne svangerskap ikkje har endra seg i den undersøkte 15-årsperioden.

Men: Dødstidspunktet har endra seg, skriv forskarane i ein artikkel i det internasjonale fagtidsskriftet som har publisert studien, Congenital Heart Disease.

– Samanliknar vi starten av den undersøkte perioden med slutten, ser vi at talet avbrotne svangerskap stig. No vel fleire kvinner å ta abort når det blir påvist alvorlege hjartefeil, fortel ein av forskarane, overlege Jarle Jortveit ved Sørlandet sykehus Arendal, til Vårt Land.

Unikt register

I 1994 utgjorde gruppa dødfødslar og abortar berre 3 prosent av alle svangerskap der fosteret hadde alvorlig hjertefeil. 15 år seinare hadde talet auka til om lag 20 prosent.

– Norge har eit unikt fødselsregister. Alle seinabortar blir registrerte, seier Jortveit.

LES OGSÅ: «Abortloven skapte en skråplanseffekt»

Forskarane vedgår at ein del av dei aborterte fostra kunne ha overlevd det første leveåret.

– Generelt er det lettast å oppdage dei mest alvorlege hjartefeila på ultralydundersøkingar i løpet av svangerskapet, og det er difor sannsynleg at fleire spedbarn hadde døydd dersom abortandelen hadde vore lågare, fortel Jortveit

Ny teknologi

Når overlegen skal forklare utviklinga, trekkjer han fram bruken av medisinsk teknologi. Til Agderposten, som var først ute i Norge med å omtale studien, seier overlegen at alle gravide kvinner i Norge i dag får tilbod om ultralyd på sjukehus i veke 18–20. Denne ultralydundersøkinga skal gje orienterande informasjon om fosteret og kan avdekkje komplikasjonar i svangerskapet.

Men, påpeikar Jortveit, det er blitt stadig meir vanleg å undersøkje tilstanden til fosteret. Før var ein mest oppteken av å sjekke fosterets plassering i livmor og tilhøva rundt.

Skaper utfordringar

Ein av Jortveits medforskarar, overlege Henrik Holmstrøm ved Rikshospitalet, problematiserer utviklinga:

– Det interessante er at det ikkje er blitt tatt ei politisk avgjerd om dette. Utviklinga ved at ein i større grad undersøkjer fosteret har skjedd på grunn av auka kompetanse og betre utstyr, og så er det blitt ein standard etter kvart, seier han til Agderposten.

LES OGSÅ: Abortnekter tapte i retten

Jortveit vedgår at studien avdekkar etiske utfordringar:

– Ny medisinsk teknologi, og bruken av denne, skaper alltid nye utfordringar, seier han til Vårt Land.

Får ja

Kvinner som ønskjer ein såkalla seinabort, må søkje ei lokal abortnemnd. Nemndene som held til på sjukehus avgjer om kvinner som har passert svangerskapsveke 12 skal få ta abort.

På Sørlandet sykehus i Arendal er overlege Magne Halvorsen medlem av abortnemnda. Han opplyser til Agderposten at ein type søknader som regel blir innvilga: Når fosteret har alvorleg hjartefeil, og barnet truleg aldri vil få eit fullgodt liv.

– Dersom barnet har ein hjartefeil som foreldra kjenner til, og dei veit at dei får eit barn som vil vere alvorleg sjukt og gå inn og ut av sjukehus, så er det nokså tungt å påleggje dei den belastninga, seier Halvorsen til avisa, og legg til:

– Om vi ser at det vil bli ei stor belastning både for barn og foreldre, vil vi høgst sannsynleg innvilge søknaden.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter