Nyheter

– Ap vil jakte på Downs

Arbeidarpartiet vil gje 4.000 gravide rett til omstridt blodprøve. – Det betyr jakt på Downs, og danske tilstandar, og det vil vi ikkje ha, seier helseminister Bent Høie (H).

Solberg-regjeringa sa 1. mars ja til eit avgrensa tilbod. 500-600 gravide kan årleg få tilbod om blodprøva NIPT – ei prøve som også kan avdekkje Downs syndrom hjå foster.

– Dette er ei kunstig innsnevring, seier Ingvild Kjerkol til Vårt Land. Ho sit i Stortingets helsekomité for Arbeidarpartiet.

– Kva ønskjer Arbeidarpartiet?

– Vi meiner at tilbodet om NIPT bør gå til alle kvinner som har rett på fosterdiagnostikk med ein gong, utan omvegen rundt dagens dårlegare blodprøve, fortel Kjerkol.

I eit skriftleg spørsmål til helse­minister Bent Høie utdjupar Kjerkol kva Arbeidarpartiet meiner er eit godt tilbod til gravide:

«Løsningen Arbeiderpartiet har etterspurt, og som er i tråd med fagmiljøene og Bioteknologirådets anbefalinger, er at alle med rett til fostervannsdiagnostikk, skal få tilbud om NIPT sammen med ultralydunder­søkelsen. I dag gjelder dette om lag 4 000 kvinner.»

Spontanabort

Høie avviser ei slik utviding:

– Eg er overraska over Arbeidarpartiets haldning til NIPT. Eg har sagt ja til blodprøva for å redusere behovet for morkake- og fostervassprøver hjå gravide med rett til fosterdiagnostikk – for å minske risikoen for spontanabortar. Eg ønskjer ikkje at prøva skal nyttast til å finne fleire foster med trisomi, seier Høie.

NIPT kan avdekkje om fosteret er berar av Downs syndrom – og to andre syndrom, Pataus og Edwards.

«Danske tilstandar»

Helseministeren seier utvidingsforslaget til Ap vil ta utviklinga i feil retning:

– Det betyr jakt på Downs, og danske tilstandar, og det vil vi ikkje ha.

Dette er situasjonen i Danmark: Opp mot 98 prosent av foster med Downs blir aborterte. Den siste oversikten frå Landsforeningen Downs Syndrom fortel at det blei født 31 barn med Downs i 2015. Året før var talet 35.

Ingvild Kjerkol i Ap slår tilbake:

– Det er ein hårreisande ­påstand frå ein helseminister. Han har ikkje lagt fram noko innstramming av gruppa som får eit tilbod, og Ap har ikkje gjort framlegg om utviding. Høie har innvilga bruk av NIPT-testen. Einaste skilnad mellom det han meiner, og Ap, er når i svangerskapet ein kan tilby NIPT. Ap er opptatt av gravides helse.

Plass til alle

Då Bioteknologirådet handsama NIPT-saka før jul, delte rådet seg eit fleirtal på 12 og eit mindretal på 2. Mindretalet skriv at «Ein vil nytte 7,3 millionar kroner i eit offentleg tiltak for å oppdage 9 ekstra foster med trisomiar og unngå 2 spontanabortar. Det sender eit tydeleg signal til personar med trisomiar og bryt med idealet om eit samfunn der det er plass til alle».

– Er dette ei oppsummering du stiller deg bak, Høie?

– Ja.

90 prosent

I Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU) er dei tydelege på kvar dei står.

– Vi står på Høies restriktive line, heilt klart, seier assisterande generalsekretær Hedvig Ekberg.

NFfryktar at ytterlegare liberalisering skal føre til at det blir fødd monaleg færre barn med Downs i Norge.

Tal frå Medisinsk fødselsregister fortel at:

Talet på levandefødde barn med Downs syndrom har vore stabilt etter 2000, 74 født i 2014.

Talet på svangerskap med Downs syndrom aukar.

90 prosent av foreldra vel å avbryte svangerskapet dersom fosteret har Downs syndrom.

Hindrar utvikling

– Betyr ikkje dette at du som helseminister har vore med på å administrere ein helsepolitikk som langt på veg har fjerna barn med Downs, Høie?

Det er ikkje tvil om at dagens abortlov og dei eksisterande kriteria for fosterdiagnostikk gjer at familiar som av ulike grunnar ikkje ønskjer barn med Downs eller andre medisinske indikasjonar kan velje abort. Men desse reglane har eksistert i fleire tiår, og har også vore administrert av helseministrar frå KrF. Dette­ endrar seg ikkje med innføring av NIPT innafor dei reglane og den grunngjevinga som eg har godkjent. Eg er glad for at samarbeidsavtalen mellom H, Frp, KrF og V har hindra ei utvikling der tidleg ultralyd og NIPT blir eit tilbod til alle gravide – også før grensa for sjølvbestemt abort.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter