Nyheter

Kampen om røynda rasar på sosiale medier

Under Gaza-krigen har Israel mobilisert verbale krigarar.

Rakett- og bombekrigen mellom Hamas i Gaza og Israel er utvida. Israelske soldatar har gått inn i Gaza for å knuse Hamas militært.

Kampen i lufta og på bakken er hard. Parallelt utspelar det seg også ein verbal krig i sosiale medier; på Facebook, på Twitter, på bloggar og i kommentarfelta til nettaviser verda over.

– Denne «krigen» er prega av to ting. Palestinarane og deira vener viser fram lidingane Israels krigføring skaper. På den andre sida forklarar Israel og deira vener kva det israelske forsvaret gjer og kvifor dei gjer det, seier Anja Sletteland til Vårt Land. Ho forskar på oppfattingar i og om konflikten mellom Israel og palestinarane.

LES OGSÅ: Israel - landet vi elsker eller hater

Hasbara-krigarar. Både palestinarane og Israel har og har alltid hatt mange verbale ordkrigarar, fortel Sletteland. Før internett og sosial medier arrangerte dei debattmøter og skreiv lesarinnlegg og produserte kjedebrev.

– Men med nettaviser og sosiale medier har særleg Israel fått ein heilt annan boltreplass.

Forsvaret av Israel har eit eige ord. Hasbara. Det er hebraisk og tyder forklaring. Under Gaza-krigen i 2009 oppretta det israelske forsvaret (IDF) ein twitterkonto som fekk mange følgjarar. Under krigen i sommar blir han nesten følgt av 300.000 personar. Her legg IDF ut fersk kampinformasjon og bilete av aksjonar, i og utanfor Gaza. Her får internasjonale medier tilgang på videoar som viser israelske soldatar i det dei går til aksjon mot Hamas-krigarar som tek seg inn i Israel.

LES OGSÅ: Midtøsten: Kampen om forklaringen

Ulikt vurdert. Denne typen informasjon blir vurdert svært ulikt. Medan mange ser på dette som propaganda for det israelske maktapparatet, aksepterer andre det bilete Israel teiknar via denne informasjonskanalen. For dei viser det eit Israel som må forsvare seg mot terroristar, seier Sletteland.

Ho fortel at Israel styrer etter ei bestemt tolking av internasjonal lov, som seier at eit land har rett til å forsvare seg mot uprovoserte åtak. Då blir det viktig for begge sider å dokumentere at det var motparten som byrja.

– Dette legg opp til mykje propaganda frå begge sider, sidan starten på både konflikten og alle krigshandlingane kan tolkast på mange måtar. Dette får igjen betydning for FNs og USAs behandling av krigshandlingane i ettertid.

LES OGSÅ: De israelske angrepene fortsetter

Har krigsrom. Israel har også mange frivillige ordkrigarar. Fleire av dei som no sit bøygde over PC-ar og hamrar inn bodskapar som går i rette med påstandar frå palestinsk hald, eller frå deira vener verda over, er studentar som stiller opp for styresmaktene i Israel.

Avisa Ynet fortel at under Gaza-krigen i 2008-2009 blei det oppretta eit «krigsrom» på eit privat universitet i Israel. Her arbeidde rundt 400 studentar med å fremje synspunkt til israelske styresmakter, eller gå til åtak på påstandar som blei sette fram i nettaviser eller sosiale medier. No er krigsrommet i Herzliya bemanna på nytt.

– Målet er å levere ein tydeleg bodskap til folk i utlandet Israel har rett til å forsvare seg sjølv, seier studenten Lidor Bar David til Ynet. I Herzliya blir Israels politikk forklart på 30 språk.

På universitet. Israels Hasbara-frivillige er mange. I Italia sit Ehud Assouline. Som student har han lært seg italiensk. Han brukar språket til å kjempe Israels sak i Italias to største dagsaviser. Jamnleg er han inne i kommentarfelta i avisene og slår tilbake mot den han meiner er skeive framstillingar av Israel, israelarar og israelsk politikk, fortel Assouline til Ynet. Men jødar i Israel og i diasporaen er ikkje åleine.

– Ei gruppe som er svært aktive i opinionsdiplomatiet, er kristne verda over. Israel er meir enn eit land for desse, det er eit prosjekt som treng støtte frå patriotar, seier Sletteland, som er stipendiat ved Universitetet i Oslo.

I USA organiserer organisasjonen Hasbare Fellowship (HF) Israels-forsvar på 80 universitet. Kvart år hentar HF amerikanske studentar til Israel for at dei skal få møte politikarar, akademikarar, journalistar og offiserar. Når studentane vender tilbake til universiteta dei kjem frå, organiserer dei Hasbara-grupper.

– Hasbara Fellowship hjelpte meg til å kunne gå djupare, til å forsvare betre og til å drøyme større om Israel, fortel Ava Schein, som studerer ved Columbia University.

Gamle bilete. Palestinarane er også aktive på verdsveven. Heimesida The Electronic Intidafa hevdar at studentane i Herzliya prøver å «selje» massakrar i Gaza som forsvarshandlingar. Då IDF fjekk på Twitter i 2009 svarte den militære vingen til Hamas, al-Qassam-brigadane, med å gjere det same. Men tidlegare i år stengde Twitter ned denne kontoen, melder The Independent.

Eit stort problem med krigen i Gaza – akkurat som med krigen i Ukraina – er kampen om bileta. Kva er ekte? Kva er gamle bilete som blir gjenbrukte? Kva er bilete frå heilt andre kampsonar?

BBCs arabiske TV-kanal Arabic har analysert mange av bileta som er blitt sendt ut sidan Gaza-krigen starta 8. juli, særleg via vignetten #gazaunderattack. Fleire av bileta her frå 2007, andre er frå Syria-krigen. Likevel går dei verda rundt som forteljingar om sommarens krig i Gaza.

Hamas underlegen. Anja Sletteland meiner Israel er overlegen i sosiale medier, akkurat som på slagmarka.

– Dei har mest ressursar, dei er best til å fremje sine synspunkt. Sjølv om sivilbefolkninga i Gaza får mykje sympati, er Hamas underlegen når det handlar om å få fram motiv og perspektiv.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter