Nyheter

Protesterer mot fotballgudstenester

Dobbelt så mange kom i kyrkja då Bryne fotballklubb blei invitert til gudsteneste.

– Eg trudde at det var ein spøk, seier fotballmor Kine Hansen Wik.

Ho har to søner som spelar fotball i Bryne Fotballklubb og reagerte kraftig på invitasjonen frå klubben som tikka inn på e-posten hennar. «Kveldsgudstjenesten blir et samarbeid mellom Bryne kyrkje og Bryne fotballklubb» og «Bryne FK vil bidra på flere måter i forbindelse med denne kveldsgudstjenesten» var blant formuleringane i invitasjonen.

– Gudstenesta blei fantastisk, seier sokneprest Stein Ødegård i Bryne kyrkje.

Men Norges fotballforbund er skeptiske:

– Ver varsam med slike arrangement, åtvarar dei.

LES OGSÅ: Farmor til verdens beste fotballtalent: «Ha Jesus i hjertet»

Triksing ved alteret

Det var sist søndag kveld at kyrkja på Bryne opna dørene for fotballklubben, skriv Jærbladet. Bryne FK bidrog på følgjande måte:

Fotballbarn i Bryne-klede gjekk inn i prosesjon då gudstenesta starta

Kapteinen på Brynes førstedivisjonslag, klubbens marknadsansvarlege og ein ivrig supporter deltok i panelsamtale om entusiasmen rundt klubben

Trikseframvisning av ungdomsspelarar framfor alterringen

Innlegg om fotballklubbens verdigheitsprosjekt og kollekt til dette prosjektet

Gudstenesta elles var med vanleg liturgi og bøner.

LES OGSÅ: Ønsker Robin Hood – ikke sosialdemokrati

Skuffa

– Eg blei veldig skuffa. Det er mange born i fotballklubben som ikkje går i kyrkja. Eg synes ikkje idrett og religion skal bli blanda saman, seier fotballmor Kine Hansen Wik.

Ho trekker ein parallell til skulegudstenestene.

– Eg vil ikkje at borna mine skal gå på julegudsteneste i skuletida. No blir det enno ein arena der vi må ta stilling til problematikken.

Wik er styremedlem i Human-Etisk Forbund Jæren, men meiner det ikkje har mykje å seie for denne saka.

– Religion står sterkt her i bygda, og det er berre eg som har våga å kritisere dette i media. Derimot har eg fått masse støtte frå folk, seier ho.

– Kan ikkje Human-Etisk Forbund arrangere noko saman med fotballklubben i staden for å protestere?

– Nei, personleg synes eg ikkje det. Ingen livssyn eller religion treng å blande seg inn i barneidretten.

– Har du skapt unødig splid i byen no, sokneprest Stein Ødegård?

– Nei. Vi har berre opna kyrkjedørene. Og vi har lagt vekt på fellesverdiane mellom kyrkja og fotballklubben.

SJÅ VÅR KARTGRAFIKK: Finn ut hvor mye din kommune bruker på kirken

Dobbelt så mange

Meir enn 200 deltok på gudstenesta, noko som er dobbelt så mange som vanleg, fortel Ødegård.

– I haust har vi hatt fire gudstenester med entusiasme som tema. Vi inviterer miljø som har fått til noko viktig for Bryne med den entusiasmen dei har. Det er i denne samanhengen vi inviterte fotballklubben, seier presten.

Han trur over halvparten av dei i kyrkjebenkane hadde tilknyting til Bryne FK.

– På kyrkjekaffien etter gudstenesta var det mildt sagt god stemning. Folk var kjempenøgd med opplegget.

– Forstår du at nokon opplever arrangementet som vanskeleg?

– Eg forstår at ikkje alle kunne tenke seg å delta. Men det kan ikkje vere grunn god nok til å ikkje invitere. Dersom alt skal vere slik, blir det veldig smale arenaer for å gjere ting saman med andre.

LES OGSÅ: – Vi har fått ny statsreligion

– Ver varsam

Generalsekretær i Norges Fotballforbund (NFF), Kjetil Siem, bed klubbane vere forsiktig med å arrangere fotballgudstenester.

– Vi vil mane klubbane til å vere forsiktige. Ver varsam og tenk gjennom korleis arrangementet skal vere og korleis det skal bli annonsert.

Han har sjølv gode erfaringar med fotballgudstenester frå tida då han arbeidde i Vålerenga IF og dåverande sokneprest Einar Gelius jamleg arrangerte gudstenester for klubben.

– NFF er ikkje ein religiøs organisasjon. Samtidig bur vi i eit kristent land. Fotballklubbar kan ha gudstenester, vere i moskear eller gå i buddhistiske tempel. Det einaste som ein må vere varsam med, er måten det blir gjort på, seier han.

– Bør ein invitasjon sendt ut frå ein fotballklubb vere slik at alle skal kunne delta på arrangementet?

– Ja.

– Det er jo ikkje tilfelle dersom invitasjonen er frå ei kyrkje eller ein moske?

– Det er ikkje forbode for muslimar å gå i ei kyrkje eller motsatt.

– Viktig kveld

– Vi har berre fått positive tilbakemeldingar, seier styreleiar i Bryne FK, Nils Steinsland til Jærbladet.

Han meiner at toleransen for kvarandre aukar ved slike arrangement.

– Folk meiner det er viktig at klubben og kyrkja kan snakke saman. Du skal ikkje gå mange år tilbake i tid før det var utenkeleg at ein fotballklubb vart invitert med i kyrkja, seier styreleiaren til avisa.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter