Nyheter

Kyrkja beklagar skroting av muslimkritikar

Vebjørn Selbekk skulle halde appell for forfølgde kristne, men Den norske kyrkja sette foten ned.

No tek prost Kari Mangrud Alvsvåg i Sarpsborg sjølvkritikk for å ha vore med på å pressa Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk ut av markeringa for forfølgde kristne. I dag samlar ho Kristent lederråd til eit nytt møte for å endeleg bestemme om Selbekk likevel skal få kome.

Også i år blir haustmørket lyst opp av fakkeltog for forfølgde kristne i fleire byar. Avisa Dagen er blant dei som følgjer tematikken tett, og bråket starta med at ein felleskyrkjeleg komité i Sarpsborg ønska at Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk skulle halde appell. Arrangement i Sarpsborg skal vere søndag 9. november.

Mindretal

Men Den norske kyrkja var blant eit lite mindretal i Kristent lederråd (sjå faktaboks) som ikkje ønska å ha Dagen-redaktøren med i arrangementet. På eit ekstraordinært møte i den felleskristne komiteen vart han difor teke ut av programmet.

– Det totale programmet var slik at Den norske kyrkja ikkje kunne stå for det, sa prost Kari Mangrud Alvsvåg til Vårt Land i førre veke.

Selbekk hadde allereie takka ja til å tale om forfølgde kristne sin situasjon. Beskjeden han deretter fekk var at han kunne bli opplevd som provoserande av imamar og andre muslimar i Sarpsborg. Den norske kyrkja har samarbeid og dialogarbeid med desse og frykta at det gode forholdet skulle bli skada. Som avisredaktør trykte Selbekk nemleg Mohammed-karikatur÷ar i 2006, noko som provoserte mange muslimar.

Reagerte

– Nokre få i Kristent lederråd har reagert på at Selbekk skulle halde appell, og då har vi som samla råd valt å ta omsyn til det, sa Siv Joensen som er korpsleiar for Frelsesarmeen i Sarpsborg i førre veke.

Ho sit i komiteen som skulle skaffe talarar og forklarte at grepet vart gjort for å bevare samhaldet.

– Vi måtte gjere det slik for å ikkje bli splitta. Rådet samla seg til eit ekstraordinært møte for å diskutere saka og landa på at Selbekk ikkje skulle delta, sa ho og la til at ho sjølv hadde ønska å få Selbekk til arrangementet.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Fekk ut redaktøren

Før innkallinga til dagens møte i Kristent lederråd vart sendt, forklarte Kari Mangrud Alvsvåg vrakinga slik til Vårt Land:

Arrangementet er i år på same dato som krystallnatta. Natta mellom 9. og 10. november 1938 starta ei dramatisk opptrapping av jødeforfølgingane i Tyskland. Derfor skal jødane sin situasjon også bli markert under arrangementet. Prosten meinte at når jødar og kristne sin situasjon skulle bli markert, burde også forfølgde muslimar sin situasjon bli teken med. Som eit kompromiss kunne krystallnatta bli markert, men Selbekk måtte ut.

– Hadde Selbekk-invitasjonen ville skada religionsdialogen som de har med imamar og andre muslimar i Sarpsborg?

– Det er ikkje det sentrale. Vi er dessutan fullt klar over at han no er medlem i Den norske kyrkja og samarbeider med oss i andre samanhengar. Vi meinte at programmet vart for breitt. Vi ville ha eit enklare program.

LES OGSÅ: Norske kristenledere om koranbrenning: Tåpelig, barnslig, respektløst

Beklagar

– Selbekk skulle snakke om forfølgde kristne sin situasjon. Korleis er det utanfor programmet?

– Eg kjenner ikkje til bestillinga som Selbekk fekk. Her handlar det meir om at den som i utganspunktet var invitert, var utanriksminister Børge Brende. Då vi fekk vite at Selbekk skulle stille i staden, var det noko vi ikkje ønska.

– Trur du muslimar i Sarpsborg ville blitt provosert dersom Selbekk holdt ein appell?

– Nei. Eg vil anta at mange ikkje ville visst kven han var. Mange av dei er jo dessutan nye i landet, uttalte prosten i førre veke og beklaga utfallet av saka.

– Det har vore ein veldig dårleg prosess, og det tek vi sjølvkritikk for.

– Har de i Den norske kyrkja teke for mykje omsyn til muslimane samanlikna med omsyna de har vist dei andre kristne trussamfunna, som nettopp ynskja denne talaren?

– Det er eit underleg spørsmål. I eit slikt fellesarrangement må vi alltid vere einige om kven vi inviterer.

LES OGSÅ: Selbekk: Bra at Muhammed-tegninger trykkes

Ser ikkje koplinga

«Uheldig politisk korrektheit» var karakteristikken Selbekk brukte då han vart bedt om ikkje å stille likevel.

– Dette året har vi hatt masse kristendomsforfølging frå ekstreme islamistar blant anna i Irak og Syria. Eg som nordmann har opplevd litt av det å bli truga av slike krefter. At eg då ikkje kan kome på eit slikt arrangement, er veldig spesielt, sa han til Vårt Land.

Han seier at han ikkje ser koplinga til Mohammed-karikaturane:

– Arrangementet i Sarpsborg handlar om noko anna. At ein redaktør for ei kristen avis ikkje kan bere ein fakkel og snakke om forfølgde kristne, det forstår eg ikkje.

Må nemne muslimane

For at Selbekk no skal få tale, må han ha ei breiare tilnærming enn berre å løfte fram forfølgde kristne sin situasjon.

– Eg vil no løfte fram trusfridommen generelt, også situasjonen for muslimar som blir forfølgt for trua si. Eg har eit stort engasjement for alle grupper som ikkje har trusfridom. Det er difor ikkje noko problem for meg, seier Selbekk til Vårt Land.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter