Nyheter

Kritiserer kristen nettstad gir for einsidige svar til ungdom

Frelsesarmeen vil ikkje lenger støtte guttogjente.no.

Fredag førre veke blei det klart at Frelsesarmeen har bestemt seg for å trekke si støtte til guttogjente.no. Nettstaden, ei kristen ungdomsside, vart starta av blant andre Familie og Medier, som ynskjer å gi ungdom sex- og samlivsråd ut frå eit kristent verdigrunnlag. Nettstaden har rundt 1.000 ­besøkande kvar veke.

Fagrådet som svarar på spørsmåla ungdomane sender inn består hovudsakeleg av helsepersonell, men nettstaden har vore omstridd heilt sidan lanseringa.

Ungdom som er usikre på eiga seksuell legning har mellom anna fått til svar at «det er betre å leve åleine enn å gå inn i eit romantisk og seksuelt forhold til ein person av same kjønn», sjølv om ein er forelska.

– Einsidige svar

Andrew Hannevik, informasjonssjef i Frelsesarmeen seier det er ei heilskapsvurdering som ligg bak avgjersla om å trekke støtta til nettstaden.

– Styret synest at nettstaden generelt tenderer til å gi eit einsidig svar på spørsmål som opptek born og unge, seier han.

Ifølge Hannevik fekk Frelsesarmeens barn og unge (FabU) like før sommaren spørsmål om å fornye sitt medlemskap i guttogjente.no, og tok dette opp på styremøtet i august. Der blei det vedtatt å ikkje fornye medlemsskapet.

«Betre å leve åleine»

Hannevik trur fagrådet veit lite om kva situasjon ungdomane er i. Ei 17 år gamal jente skreiv tidlegare i år inn til guttogjente.no, der ho kritiserer nettstaden sitt syn på homofili. «De kan vel ikkje meine at homofili er galt», spør ho. I svaret frå fagrådet står det mellom anna:

«Sjølv om Bibelen er veldig tydeleg på at alle menneske har uendeleg høg verdi og er elska av Gud, så gir den ikkje grønt lys for seksuelle relasjonar mellom menneske av same kjønn. Vi kan ikkje anbefale nokon å gå inn i ein homoseksuell relasjon», skriv dei.

Vidare står det at, sjølv om Bibelen ikkje fordømmer menneske med homofile kjensler, så er den tydeleg på at det ikkje er bra for oss å ha sex med ein person av same kjønn som oss sjølve.

– For Frelsesarmeen er det viktig at nettopp denne målgruppa får moglegheit til å sjå ting frå fleire sider, seier Hannevik.

Berømmer fagrådet

Guttogjente.no har framleis støtte frå 15 forskjellege kristne organisasjonar. Ein av dei er Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag (Laget). Generalsekretær Tor Erling Fagermoen er ueinig i at svara på nettsida er einsidige.

– Eg vil heller berømme skribentane, seier han.

– Det er eit vanskeleg landskap dei røyver seg i, men dei er balanserte.

Fagermoen trur likevel det kan vere nyttig å sjå på somme av formuleringane på guttogjente.no.

– Det kan hende noko av rettleiinga heller bør takast i ein sjelesorgsamtale enn via ei nettside, seier han.

– Openheit er eit gode

Samtidig er Fagermoen klar på at han meiner nettstaden framleis har ein viktig funksjon.

– Det er fint med openheit, det er eit gode. Det er eit stort køyr i dag om å vere politisk korrekt, som til dømes i samband med homofili. Då er det nyttig med fleire stemmer for å kunne ha ein slik debatt, meiner han.

– Vi kan ikkje bli henvist til mørkerom.

Er opne for forbetring

Vårt Land har prøvd å kome i kontakt med dei som står bak guttogjente.no, utan hell. Teolog Espen Ottosen i Norsk Luthersk Misjonssamband, som sit i fagrådet som gir råd til ungdom gjennom nettstaden, meiner svara som blir gitt er gode og balanserte.

– Vi i fagrådet er klar over at nokre av spørsmåla og svara på nettstaden er kontroversielle i vår tid. Vi forstår at det kan provosere, seier han.

– Eg meiner svara vi gir er respektfulle, men ein kan alltids diskutere om nokre formuleringar bør endrast.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter