Nyheter

Ynskjer gratis langtidsprevensjon

– Ein p-stav varer i mange år. Ein p-pille er lett å gløyme, seier KrFs Olaug Bollestad.

Fredag skriv Vårt Land om ein ny rapport, som viser at nesten fire av ti kvinner som søker abort, har brukt prevensjon. Forskarane bak rapporten meiner langtidsprevensjon, som er sikrare, kan bidra til å senke aborttala. Det meiner stortingsrepresentant for KrF, Olaug Bollestad, er svært interessant.

LES MER: Søker abort fordi prevensjonen svikter

– Det var akkurat denne problemstillinga vi ynskte å imøtegå i vår då vi foreslo gratis langtidsprevensjon til dei mellom 20 og 24 år tidlegare i år. I dag er denne prevensjonen subsidiert fram til fylte 20 år, men vi ynskjer altså å utvide dette, forklarar ho, og legg til:

– Ein p-stav varer i mange år. Ein p-pille er lett å gløyme.

LES OGSÅ: Brukte prevensjon, blei gravid, tok abort

– Toppe stemte imot

Nestleiaren i Stortingets helsekomite, Kjersti Toppe (Sp), seier i fredagens Vårt Land at talet på kvinner som blir gravide sjølve om dei brukar prevensjon, er for høge. Toppe er sjølv imot gratis prevensjon, men ho meiner ein bør vurdere å gjere langtidprevensjon billegare. Det synest Bollestad er flott.

– Det Toppe seier er kanonbra. Men ho stemte imot vårt forslag i vår, seier KrF-aren.

Bollestad håper no at billlegare langtidsprevensjon er noko Sp vil prioritere i budsjettet.

LES OGSÅ: Kjersti Toppe: Vurdér billig prevensjon!

Følg oss på Twitter og Facebook!

– Ikkje berre kvinna sitt ansvar

Den nye rapporten viser også at 6 av 10 kvinner som tek abort, ikkje har brukt prevensjon. Bollestad trur dette har med økonomi å gjere.

– Først og fremst må vi vite kvifor dei ikkje brukar prevensjon. Eg trur ikkje dette er berre ei økonomisk sak, men det er ein stor del av det.

Politikaren trur langtidsprevensjon kan vere dyrt for studentar.

– Og dette er ikkje berre kvinna sitt ansvar. Menn har også ansvar for å sørge for at prevensjon blir brukt, meiner ho.

I dag er det kun to prevensjonsmiddel for menn - kondom og sterilisering. Både p-pillar og p-sprøyter for menn har tidlegare vore omtalt, men ingen av desse har slått an.

– Det er viktig at det vi har i dag blir gjort tilgjengeleg. Men eg er absolutt open for forsking på andre prevensjonsmetodar for menn, seier Bollestad.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter