Nyheter

Verdas rikaste terroristar

Islamittiske krigarar i Syria og Irak blir rike av å selje olje billeg. No prøver USA og arabarland å strupe oljeinntektene til IS.

Taliban, al-Qaida, Boko Haram, al-Shabab. Verda har ei rekkje terrorrørsler som er tufta på radikal islamisme – og som har pengar på bok; pengar dei brukar på å spreie dødelege bodskapar.

Men ingen av desse organisasjonane kan konkurrere med den såkalla Islamsk stat (IS) når det kjem til inntekter. IS har herredømme over eit stort område i Syria og Irak. Dei skal ha inntekter på nesten 20 millioner kroner dagen.

– Det er svært uvanleg at terrororganisasjonar har eigne inntekter slik IS har. Mest vanleg er ekstern støtte frå donorar, forklarar kommandørkaptein og Syria-ekspert Per Christian Gundersen ved Forsvarets høgskole.

Når terrorinntekter skal kartleggast, er det vanskeleg å finne eksakte tal. Sluttsummane er tufta på informasjon frå etterretningstenester, hjelpearbeidarar, forskarar og journalistar.

LES OGSÅ: Ekstremistene og deres ofre

Store inntekter

Men biletet som blir vist fram etter at inntektskjeldene er forsøkt kartlagt, er tydelege nok:

IS, som blei kjent som Den islamske staten i Syria og Levanten, er verdas rikaste terrororganisasjon.

– IS klarar å drive oljeanlegga dei tek over, og dei evnar å selje oljeprodukt på både heime- og utemarknadar, fortel Gundersen ved Forsvarets høgskole.

– Det er mykje pengar å hente, er den lakoniske kommentaren til Denise Naftali. Den tidlegare hjelpearbeidaren er i dag forskar ved National Defence University i USA – og snakkar om oljeinntektene til IS.

– Disse oljeinstallasjonane har gjeve IS rundt 2 millionar dollar i inntekt per dag, sa kontreadmiral John Kirby i USAs forsvarsdepartement Pentagon etter USAs første bombeåtak mot oljeanlegga IS forvaltar.

LES KOMMENTAR: Krig i endring

Skatt, ran, smugling

Sidan IS gjekk inn i Irak – frå Syria – og etablerte ein de facto stat i dei sunnimuslimske områda i begge land, har IS fått kontroll over ei rekkje inntektskjelder

• Olje: Før borgarkrigen starta i 2011 låg Syrias oljeproduksjonen på opp mot 400.000 fat olje dagleg. IS-kontrollerte oljefelt produserer om lag 50.000 fat dagleg. I Irak gjekk produksjonen ved IS-kontrollerte felt frå 20.000 til 40.000 fat dagleg, og litt tilbake etter at USA byrja å bombe oljeanlegg sist veke

• Smugling: Olje og oljeprodukt blir smugla ut, det same blir store mengder kulturskattar frå særleg Irak.

• Skattlegging: I områda som blir okkuperte av IS, blir borgarane skattlagt. IS skattlegg også alle som kjører inn i den såkalla staten, til dømes transportfirma.

• Plyndring: Då IS gjekk inn i Mosul, Iraks nest største by, tok dei hand om verdiane i nasjonalbankfilialen i byen – rundt 500 milliardar dinarar, eller om lag 2,4 milliardar kroner.

• Kidnapping: IS kidnappar utanlandske journalistar og hjelpearbeidarar, og forlangar løysesummar. Fleire europeiske land skal ha betalt.

• Trafficking: IS blir skulda for å selje kvinner og barn som slavar.

Totalt skal IS dra inn 3 millionar dollar, eller vel 18 millionar kroner dagen, melder The Guardian. Dette gjev ein årleg sum på om lag 6,5 milliardar kroner – og dermed legg IS miniputtnasjonar som Tonga, Nauru eller Marshalløyane bak seg på oversiktane over «nasjonsinntekter».

I tillegg kjem «milde gåver». Rike gjevarar i land som Saudi Arabia, Qatar og Kuwait yter støtte til sunnimuslimske opposisjonsgrupper i Syria. Men medlemmer i desse gruppene går over til IS, og tek dermed med seg pengestøtta, melder Huffington Post.

LES OGSÅ: Norsk ja til å bidra militært mot IS

Like mykje som Nederland

Oljebrønnar i Syria og Irak er den aller viktigaste inntektskjelda til IS. Med ein samla produksjon på opp mot 80.000 fat dagen ligg IS på nivå med Frankrike, Nederland og Kamerun – viser tal frå Det internasjonale energibyrået.

Oljeinstallasjonane i Syria og Irak blir ikkje drifta av IS sjølve. Mange arbeidarar har rømt områda, men mange nok er blitt verande til at anlegga ikkje stoggar opp, så no jobbar dei for IS. Terrororganisasjonen hyrer også inn arbeidarar som er villige til å jobbe i den såkalla Islamske staten.

Men fordi produksjonen går opp og ned som følgje av borgarkrigen i Syria og i Irak – og av bombeåtaka til den USA-leia koalisjonen – går også prisen på IS-olje opp og ned; frå 20 til 60 dollar fatet. Den internasjonale marknadsprisen ligg og vakar rundt 90 dollar fatet.

LES OGSÅ: Iraks kurdere får våpen for å kjempe mot ISIL

Smugla til Tyrkia

IS-olja blir i hovudsak selt på heimemarknaden; den Islamske staten. Her bur vel åtte millionar menneske som etterspør olje som drivstoff til både bilar og kraftverk. Mykje av dagsproduksjonen bli difor raffinert i området. Store mengder blir også smugla til Tyrkia.

Dei tyrkiske grenseområda mot Syria og Irak er blitt eit eldorado for oljesmugling, melder Huffington Post. Styresmaktene i Ankara prøver å stogge oljehandelen – og handelen med irakiske kulturskattar – men då grensa mot dei to landa er nesten 1.200 kilometer lang, og rik på århundrelange smuglarruter, er det lite tyrkarane evnar å stogge.

Denise Naftali ved National Defence University forklarar kva som ofte skjer når smuglarar blir stogga med olje i lasta på veg inn i Tyrkia:

Politimennene på grensa får pengar i neven – og ser ein annan veg.

Når målet

Sist veke byrja USA og arabiske land å bombe oljeanlegga IS styrer i Syria. Gundersen ved Forsvarets høgskule trur koalisjonen klarar å øydeleggje oljeindustrien til IS.

– Men det vil ta tid. For det er mange oljefelt og raffineri.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter