Nyheter

Plan likar Frps plan

– Vi kan lett kutte dei 38 landa som får minst bistand, meiner generalsekretær Olaf Thommesen.

I fadderorganisasjonen Plan har dei grunna over bistandsvarsla Frps Per Sandberg kom med i Vårt Land sist veke:

• Kraftig kutt i talet på land som får norsk bistand – ned frå 116 til 60-70 land.

• Bistandsprosenten – éin prosent av brutto nasjonalinntekt (BNI) til bistand – er ikkje lenger «heilag».

• Langt mindre skal gå til land-til-land bistand – meir til frivillige organisasjonar.

• Auka innsats på kontroll og resultatmåling – negative funn vil få konsekvensar for frivillige organisasjonar.

– Vi kan stille oss bak det meste her, seier generalsekretær Olaf Thommessen i Plan, som også har ei fortid som nestleiar i Venstre.

LES OGSÅ: – Vi brukar midla betre

Styr unna krangel

Bistandsprosenten skal liggje fast seier KrF, Venstre og Ap. Thommessen er samd:

– La ikkje årets bistandsdiskusjon handle om prosenten, la han liggje fast, la oss ikkje få ein strid der vi brukar tid og millionar på å krangle han opp etter kutt, seier Plan-generalen, og legg til:

– Men eg kan vere samd med Sandberg – om vi beheld prosenten.

Sist veke sa Frp-nestleiaren dette til Vårt Land:

– Vi skal vere opptatt av å bruke bistandspengane rett, ikkje om vi brukar éin prosent av brutto nasjonalinntekt.

LES OGSÅ: Bistandskutt: Desse landa lever farleg

Meir til jenter

Tysdag fortalde Vårt Land at målet om å kutte talet bistandsland lett kan gjennomførast om Solberg-regjeringa kuttar ut dei 38 landa som får mindre enn ti millionar norske bistandskroner årleg – totalt 121 millionar kroner i fjor. Kirkens Nødhjelp meiner eit slikt grep vil vere «symbolpolitikk».

Thommessen i Plan meiner at det er symbolpolitikk å oppretthalde små løyvingar til mange land.

– Vi kan lett kutte dei 38 landa som får minst.

– Kva vil du bruke dei innspara pengane til?

– Styrkje barns rettar. For Plan er utdanning absolutt viktigaste sektoren. Ved å gje unge utdanning, og då særleg jenter, får vi utvikling i fattige land. Difor er vi svært glade for at Solberg-regjeringa no vil styrkje bistanden til utdanning, seier han.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter