Nyheter

Lagar skjult kamera om moral

Kor snille er vi eigentleg? Klaus Sonstad vurderte namnet «Samaritan» på TV-programmet der han testar folk.

– Folk bryr seg og folk bryr seg ikkje. Eg kan ikkje seie at nasjonen er friskmeldt, men det finst folk som finn tid og mot til å bryte inn når nokon treng det, seier programleiar Klaus Sonstad (45) om programserien «Hvem bryr seg» som startar i kveld klokka 20.00 på TV 2.

Ein mann ligg livlaus på gata. Ei overstadig rusa mor sit på kafé med si ti år gamle dotter. Ei tenåringsjente blir sextrakassert i ein butikk. I heile haust har Klaus Sonstad iscenesett desse og andre vanskelege situasjonar for å teste om nordmenn bryr seg om kvarandre. Inspirasjonen kom blant anna frå SOS-barnebyer som i februar laga skjult kamera om ein jakkelaus gut som fraus.

Spelte livlaus

– Kva vil du med programmet, Sonstad?

– At det skal bli ei kjelde til diskusjon. Eg håpar foreldre ser det saman med skulebarna sine. Kanskje det over middagsbordet kan bli prata om kva vi eigentleg gjer for kvarandre. Vi må kjenne på travelheita vår, om vi klarer å løfte hovudet opp frå smarttelefonane våre og om kvifor det kan vere vanskeleg å hjelpe.

LES MER: Kritiserer nordmenn for liten gjevarglede

– Du spelar sjølv ein livlaus mann som ligg i ein park. Er programmet ei tematisering av likninga om den gode samaritanen?

– Det blir dine ord, men «Samaritan» var eit av forslaga til namn på programmet. Dette handlar jo om medmenneskeligdom, nestekjærleik, godleik og ueigen innsats på vegne av nokon som er i ein utsett situasjon. Det kan ikkje bli meir bibel enn det.

– Korleis var det å liggje livlaus på asfalten i parken?

– Veldig spesielt, det kjentes ikkje bra. Du er sårbar og høyrer skritta til folk som går forbi. Men det var magisk og godt når nokon kom og spurte om det gjekk bra, eller sa «vi må ringje nokon». Eller då ei dame sa til andre forbipasserande: «Eg er gravid, så eg tør ikkje gå bort åleine. Men kan du bli med bort og sjekke om han har det bra?»

FØLG OSS PÅ: Facebook og Twitter

Damene stiller opp

Programleiaren kan ikkje garantere at han sjølv ville gripe inn.

– Eg veit ikkje kva eg ville gjort. Kanskje eg ville vore redd eller for travel. Det er masse seige tankar som kjem, men eg håpar eg hadde hjelpe.

Sonstad har ikkje testa ut om prestar eller andre kyrkjetilsette er flinke til å hjelpe.

– Vi har ikkje testa ut spesielle folkegrupper. Det einaste eg kan seie, er at det er fleire damer enn menn som stiller opp. Men det hadde vore artig å teste prestane.

– Kva tema har vore mest ubehageleg å teste ut?

– Det som gjorde mest inntrykk, var då ei rusa dame sat med ei trist dotter på kafé. Situasjonen var veldig gjenkjenneleg, og eg merka at vi nordmenn ser på privatsfæren som heilag. Det tok over 50 minutt før nokon braut inn i situasjonen for å prøve å hjelpe.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter