Politikk

'Kristen-Jonas må stoppast'

Tidlegare kommentator Sissel Benneche Osvold reagerer sterkt på at Ap-leiaren no går inn for kontantstøtte for dei minste borna.

Under eit innlegg om kontantstøtteutspelet til Støre på Facebook har den tidlegare Dagbladet-journalisten gått sterkt ut mot Ap-leiaren sitt forslag. "Kristen-Jonas må stoppast", har ho mellom anna skrive.

– Eg kan ikkje hugse at leiarar i Ap har erklært seg som så aktivt religiøse i mi levetid, seier Osvold til Vårt Land.

LES KOMMENTAREN: Ferten av kristenmannsblod

Ho får støtte frå tidlegare kulturminister for Ap, Åse Kleveland.

– Eg respekterer sjølvsagt at Støre har eit kristent livssyn, men akkurat no, når vi med rette kritiserer statar og kulturar som blandar religion og politikk med dei mest  forferdelege konsekvensar, så gjeld det å leve opp til våre eigne ideal, seier ho.

LES MER: Krefter i Høyre vil avvikle konstantstøtten i Oslo

– Vil ikkje få støtte

Osvold trur kontantstøtte-utspelet til Støre er ein del av eit politisk spel.

– Det er inga overrasking at ein undervegs lovar meir enn det som står i partiprogrammet, seier ho.

Men den tidlegare kommentatoren trur ikkje Støre vil få støtte for sitt forslag innad i partiet.

– Iallfall ikkje hjå kvinnene. Fleirtalet vil nok heller ha to barnehageopptak i året, trur ho.

LES MER: KrF dropper gjeninnføring av kontantstøtte til toåringer

Brå overgang

Ap-leiaren sjølv seier til Vårt Land at to barnehageopptak framleis er ein hovudprioritet i partiet.

– Eg er glad for at KrF har gått ut og sagt at dei prioriterer to barnehageopptak framfor kontantstøtte for 2-åringar, seier Støre.

Samtidig meiner han debatten om kontantstøtte er viktig.

– Det er mange familiar som opplever overgangen mellom permisjon og barnehage som brå. Eg har tatt til orde for å diskutere korleis vi skal møte desse familiane, seier Ap-leiaren.

LES MER: Trine Skei Grande til kamp mot kontantstøtten

– Sterkt imot

Osvold meiner på si side det no er tydeleg for dei fleste at kontantstøtta verkar mot si hensikt.

– Ordninga verkar mot integrering og held både mor og born utanfor fellesskapet, istadenfor å bringe dei innanfor, seier ho.

Det er Åse Kleveland einig i.

– Å betale menneske for ikkje å nytte offentlege goder, vil vere ei oppsiktsvekkande kursendring. Det er eg sterkt imot, seier ho.

Kleveland håper utspelet til Støre ikkje vil skape usikkerheit rundt Ap sitt grunnsyn i familiepolitikken. Ho er "meget overraska" over at kontantstøttedebatten har fått nytt liv på denne måten.

– Eg forstår godt partileiinga sitt ynskje om debatt, men eg hadde ikkje drøymt om at dette skulle bli eit sentralt tema, seier Kleveland.

LES MER: Kontantstøtte­kutt­ ga flere innvandrere­ i jobb

Ikkje komfortabel med KrF

Både Støre og forgjengaren Jens Stoltenberg har prøvd å gjere Ap lekkert for KrF. Dei har argumentert med at Knut Arild Hareide har større sjanse for gjennomslag på venstresida. Osvold trur Støre er på friarferd.

– Sidan kontantstøtta er så viktig for KrF meiner vel Støre at han må ha eit fredsforslag i lomma når han skal på friarferd, seier ho.

Sjølv er ho sjeldan komfortabel med KrF i posisjon.

– Det betyr alltid auka kontantstøtte og tukling med abortlova. KrF klarte kunststykket å få Erna ut i kampen for reservasjonsretten til legane, utan at Hareide knapt måtte opne munen til anna enn å trekke forslaget då kampen var tapt, seier ho.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk