Nyheter

Helsesøster kan stoppe serieovergrep

Blir det fleire helsesøstrer på skulane, kan fleire overgriparar bli stoppa tidlegare. - Vi har ein unik tillit hjå unge, seier helsesøsterleiar Kristin Sofie Waldum.

Tre overgrepssaker. 116 offer. Politiet har avdekka eit fellestrekk: Overgrep over lang tid med ein og same gjerningsmann.

– Vi kunne hatt langt færre offer i desse sakene og i andre saker med serieovergriparar om det hadde vore fleire vaksne i miljøet rundt barna på skulen.

Leiaren for landsgruppa av helsesøstrer i Sjukepleiarforbundet er rysta over kor mange offer det er i dei tre sakene. Kristin Sofie Waldum har ei klar melding til kommunepolitikarane som avgjer helsesøsterdekninga i Skule-Norge.

– Våre unge treng langt fleire helsesøster.

LES OGSÅ: Høie vil gi mer makt til helsesøstrene

Mange offer

Tre overgrepssaker har prega nyhendebilete i oktober:

• Ein 20 år gammal mann er tiltalt for valdtekt eller overgrep mot 46 jenter i alderen 12 til 18 år. Overgrepa skal ha funne stad i rundt tre år.

• Ein mann i 40-åra er sikta for ein serie overgrep mot fire jenter i alderen 6 til 18 år i perioden 2008-2014. Då politiet konfronterte mannen med DNA-prov, tilstod han overgrepa han er sikta for.

• Tingretten skal avgjere om den såkalla «lommemannen» skal bli lauslaten på prøve etter å ha sona minstetida av forvaringsdommen. Han blei dømt for valdtekt til forsøk på seksuelle omgang med 66 gutar i perioden 1976-2006.

Har tillit

Waldum meiner det er sannsynleg at serieovergriparar kunne blitt stoppa langt tidlegare om alle elevar i grunnskulen og vidaregåande skule hadde hatt eit godt helsesøstertilbod.

- Korleis kan du meine det?

- Vi har ein unik tillit hjå unge. Men for å få den tilliten må vi vere synleg til stades over tid i skulekvardagen, ikkje berre stikke innom skulane av og til, seier Waldum, og held fram:

- Når helsesøstrene over tid får høve til å møte elevane i deira skulekvardag, får vi kunnskap om alvorlege forhold. Dette kan vere overgrep.

– Kva gjer de med slik kunnskap?

– Når vi får vite om overgrep går vi til politiet.

– Og dermed kan ein overgripar bli stoppa før ofra blir mange?

– Ja, akkurat.

– Men kan ikkje unge med slike opplevingar ta overgrepa opp med foreldre og vener, for så å gå til politiet?

– Mange opplever det vanskeleg å gå til foreldre først når ein har opplevd overgrep. Der kjem vi inn. Helsesøster er ein fagperson som er til for unge. Det er ofte lågare terskel inn til oss, meiner Waldum.

Ho fortel om unge jenter som testar ut om helsesøster er den rette å snakke med i vanskelege saker:

– Dei kjem og spør og eit plaster eller eit bind, dei testar om vi er tillitspersonen dei søkjer. Så kjem dei tilbake og fortel om mørke løyndommar.

Taper budsjettkamp

Leiaren for landets helsesøstrer er lei av ordførarar og rådmenn som i festtalar snakkar om at dei prioriterer barn og unge.

– Røynda er ei anna. Unge blir taparar når budsjett blir laga. Difor har mange kommunar ikkje ei fullgod helsesøsterteneste i dag. Det er vanskeleg å få unge til å kome til oss om dei knapt veit om at tilbodet eksisterer fordi vi mange stader arbeider i knøttsmå stillingar.

LES OGSÅ: 'Reservasjonsdebatten er en politisk skinndiskusjon'

Difor får lokalpolitikarar denne utfordringa frå Waldum:

– Når dei ikkje vil prioritere skulehelsetenesta må dei også vere villige til å ta konsekvensane. Ein er at fleire overgriparar blir serieovergriparar fordi ingen varslar om dei første overgrepa.

I dag arbeider det vel 2.100 helsesøstrer i skulen. Waldum ønskjer at det bør vere ei helsesøster tilstades på kvar skule kvar dag.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter