Politikk

Forsker:– 'Frp-språket' har skapt ekstremisme

Retorikken til Frp har bidrege til å skape fleire ekstreme muslimar i Noreg, meiner fagfolk.

– Offentlege aktørar som Frp skaper eit språk, og dermed skaper dei posisjonar. Ein er anten for eller mot, innanfor eller utanfor det gode selskap. Dette gjer «muslimrolla» veldig trang for unge menneske, seier islamforskar Nora Eggen, som sjølv er muslim.

DETTE SVARER FRP: – Meningsløs kritikk

Eggen viser til Frp-utspel som «snikislamisering» og «Alle terroristar er muslimar» som sentrale bidrag til stigmatisering av norske muslimar. Ho blir provosert av utspillet Siv Jensen kom med i etterkant av VG-intervjuet med Profetens Ummah-leiar Ubaydullah Hussain. «Frp har åtvara mot dette lenge», sa Jensen til VG mandag.

– Det er frekt av Siv Jensen å kome med det utspelet. Det er som å gi seg sjølv æra for å ha prøvd å forhindre noko dei i realiteten har bidrege til å skape, meiner ho.

LES OGSÅ: – De truer rikets sikkerhet

Grov fordreiing. Eggen får full støtte frå Lars Gule, som er ekspert på islam og fleirkultur.

– Det Jensen seier er ei grov fordreiing av det Frp har gjort i alle år. Frp har aldri åtvara mot framveksten av den islamske staten. Dei har aldri advart mot Profetens Ummah. Dei har stigmatisert muslimar, seier han, og legg til:

– Det er igjen med på å skape eit samfunnsklima som gjødslar slike ekstreme oppfatningar.

LES OGSÅ: Islamsk Råd blir medarrangør i demonstrasjon mot IS

Skårar politiske poeng. Kjell Lars Berge, professor i språk og litteratur ved Universitetet i Oslo, er einig i at det blir brukt «veldig grove stereotypar» om muslimar i norsk offentlegheit.

– Det er ingen tvil om at Frp har støtta seg til eit stereotypt bilete av muslimar. Vi må bruke hovudet, og ikkje trekke slutningar basert på tru og nasjonalitet, seier Berge.

Nora Eggen meiner Frp prøvar å gjere akkurat det same som Ubaydullah Hussain – å skåre poeng på ekstreme uttalelsar, for å posisjonere seg politisk. Ho får støtte frå Berge.

– Som ansvarleg politikar bør ein vere klar over at viss ein fordømmer ei folkegruppe, så kan ein lett bli skulda for å stigmatisere og skape ein motbevegelse, og slik stimulere ekstreme miljø, seier han.

– Burde halde munn. Gule er ikkje det minste overraska over at Frp brukar situasjonen til å skåre politiske poeng.

– Det er sånt som politikarar gjer. Men då er det viktig at vi tek tak i innhaldet i det dei seier, meiner han.

– Vi har ein statsminister som seier at det norske samfunnet har svikta dei unge som blir ekstremistar. Samtidig har Høgre invitert inn eit parti i regjeringa som har bidrege til dette sviket. Det er ikkje Frp sin politikk åleine som er årsaka til framveksten av ekstrem islamisme, men når kjensla av å stå utanfor fellesskapet blir forsterka, bidreg det til marginalisering. Derfor burde Jensen halde munn, eller seie noko anna enn ho har sagt til no, seier Gule.

Brukar islam aktivt. Politikarar frå Frp har fleire gongar blitt skulda for å prøve å skåre politiske poeng ved å dra «islam-kortet». Særleg når det går trått på meiningsmålingane.

– Frp har sjølvsagt eit solid rekrutteringsgrunnlag her, seier språkforskar Berge.

– Det er heilt legitimt å vere imot innvandring. Men Frp er det einaste partiet som brukar folk sin muslimske bakgrunn som element i sine innvandringsutspel. Det er utenkeleg at andre parti skal gjere det, meiner han.

Men kor mykje makt har Frp til å definere korleis vi ser på muslimar?

– Vi skal ikkje overvurdere Frp si makt. Folk må få lov å seie det dei meiner om innvandringa til Noreg, meiner Berge.

Gule meiner derimot at Frp har betydeleg makt, både i kraft av å ha tilgang til media og av å vere del av regjeringa.

– Regjeringsdeltakinga legitimerer politikken som kjem frå Frp. Det gir i neste omgang legitimitet til dei som spyttar etter innvandrarar på gata, seier han.

Uheldig forenkling. Sjølv om Eggen meiner Frp-retorikken bidreg til stigmatisering, trur ho fleire også har definisjonsmakt.

– Språkbruken går igjen i det generelle, offentlege ordskiftet og i skulebøker. Omgrep som «islam» og «muslimar» blir låst i lukka båsar. Det handlar om ei uheldig forenkling av kva muslimar og islam «er». Ei forenkling som muslimar også sjølv har bidrege til, meiner ho.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk