Kultur

Ut med språket

Universitetet i Oslo vil ikkje lenger ha ansvar for å følgje opp utviklinga av norsk språk. For meg høyrest det ut som ei fallitterklæring.

Alle som skriv norsk her i landet, og dei er det mange av, har grunn til å vere uroa over det som skjer på Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo. Instituttstyret vedtok i juni at instituttet ikkje lenger skal ta ansvar for ord- og namnesamlingane sine. Desse språksamlingane omfattar mellom anna ordboksverka for både gammalnorsk, bokmål og nynorsk. Sjølv brukar eg nettutgåva av Bokmålsordboka og Nynorskordboka nesten dagleg – ordbøker som instituttet altså ønskjer å fråskrive seg ansvaret for i framtida.

Norsk Ordbok blir også ramma. Det er ikkje lenge sidan det var rådande strategi på instituttet om å vidareføre dette viktige arbeidet med å kartlegge nynorsk skriftspråk og norske målføre. No blæs vinden motsett veg. Etter at det tolvte og siste bandet er ferdig til nyttår, mister dei 28 språkforskarane i Norsk Ordbok jobben.

Feilgrep. Det er mykje å seie om dette. For det første er det eit stort feilgrep å avslutte arbeidet med Norsk Ordbok før alle banda er digitaliserte. Situasjonen i dag er ikkje noko anna enn komisk, slik du berre kan søkje på ord frå «i» og utover. «Apekatt» er ein ukjent faktor på Norsk Ordboks nettsider. Derimot får du vite både eitt og hitt om ordet «kamel».

Like alvorleg er grunngjevinga for prioriteringa på instituttet. Instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen forklarte i eit debattinnlegg i Klassekampen at bakgrunnen for dumpinga av dei norske språksamlingane er at Universitetet i Oslo har tatt mål av seg til å bli eit internasjonalt toppuniversitet. Instituttet ønskjer å følgje regjeringa sin langtidsplan for høgare utdanning, der det å utvikle fleire verdsleiande forskingsmiljø er eitt av seks innsatsområde.

Stor ironi. Eg har vondt for å sjå logikken i dette. Meiner Kristoffersen at ansvaret for dei norske ord- og namnesamlingane er hemmande i jakta på å bli eit internasjonalt toppuniversitet? Det er ein ironi utan sidestykke om Noregs leiande universitet kuttar norsk språkforsking for å klatre nokre plassar på ein global indeks. Norsk er ikkje berre eitt språk av mange, det er vårt eige språk, som Noreg har eit særleg ansvar for. Ja, meir enn det: Norsk språkforsking er grunnmuren for alt som går føre seg på norsk.

Om vi tek lett på vårt eige språk, går det ikkje lenge før vi har mista oss sjølve. Om ikkje Universitetet i Oslo vil forske på utviklinga i det norske språket, kven skal då gjere det? Svenskane? Göteborgs Universitet har eit sterkt leksikografimiljø som kunne vore til hjelp. Eller vi kunne sette ut språksamlingane våre til danskane. Nordisk forskningsinstitut ved Københavns Universitet har avdelingar for dialektologi, sosiolingvistikk, namneforsking og norrøn filologi.

Kritikk. For meg høyrest ansvarsfråskrivinga ved Universitetet i Oslo ut som ei fallitterklæring. I denne saka er det Kulturdepartementet og avdelingsdirektør Heidi Karlsen som skal ha ros for å rette kritiske spørsmål til universitetet. Karlsen har poengtert at instituttet ikkje berre kan avvikle språksamlingane utan vidare, ettersom dette dokumentasjon- og normeringsarbeidet er ei oppgåve universitetet har fått etter politiske vedtak med tilhøyrande løyvingar.

Universitetet i Oslo har hatt ansvaret for språksamlingane sidan eit stortingsvedtak bestemte dette i 1972. Fire år seinare fekk universitetet også ansvaret for namnesamlingane. No ser det ut til at også namneforskinga går med i dragsuget på Blindern. Professor i namneforsking, Tom Schmidt, blir truleg den siste i sitt fag. Han åtvarar mot deponering av namnesamlingane. Om desse blir pakka vekk, vil det ikkje lenger vere mogleg å forske eller undervise på ein anstendig måte innan feltet.

Nytt vedtak. Både UiO-rektor Ole Petter Ottersen og fakultetsleiar Trine Syvertsen har så langt støtta vedtaket på Institutt for lingvistiske og nordiske studium. I denne saka bør dei snu. Noreg er eit lite og sårbart språkleg fellesskap, og landet er best tent med at ansvaret for språksamlingane ligg hjå vårt største universitet.

Kulturminister Thorhild Widvey skal ha ros for å vere på ballen. Det må også kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vere. Regjeringa må syte for at ikkje verdfull kunnskap blir stua bort og konservert. Såpass skuldar vi det norske språket. Noreg må ikkje få stagnere som kulturnasjon.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur