Nyheter

Sommartid – tid for å velje fokus!

I det samfunnet me lever i, er den rådande haldninga at me klarer alt sjølve.

Me handlar som om me kan fiksa det meste om det er natur, teknologi eller anna.

Denne haldninga, står i sterk kontrast til bibelordet i dag som er henta frå ei av dei vakre alfabetsalmane i Salmanes bok. Dette er ei audmjuk og fin bøn, med ei innstilling som vi har mykje å læra av.

Herre, lat meg kjenna dine vegar. Lær meg dine stigar! Lat meg få vandra i di sanning, lær meg, for du er Gud, min frelsar!Til deg set eg alltid mi von.

I desse dagar er det mange som har ferie, og eg tenkjer at ferien er i god tid til å kunne reflektere litt over kva me har å takke Gud for.

Me har i store delar av Noreg hatt ein fantastisk fin vår og sommar. Denne ferien kan hjelpe oss til å finne fokus på, forankring for og forventningar til liva våre. Finne ut kva som er viktig for oss i forholdet til andre menneske, naturen og Gud. Avklare kva som er viktig, og kva me skal bruke energien vår på?

Fridagane kan vera ei øving i å fokusera. Kanskje til og med ei øving i å oppdage takknemlegheit for noko me elles tar for gitt. Martin Luther skriv om kva Gud har gitt oss: Han har gitt og stadig oppholder for meg både legeme, sjel og liv, store og små lemmer, alle sanser, fornuft og forstand, og videre: mat og drikke, klær og levebrød….. Og han legg til vidare: Dertil lar han hele skapningen gi meg alt det som er nødvendig og nyttig for mitt liv – sol, måne, himmelens stjerner, dag og natt, luft, ild, vann, jorden og alt som vokser på den,.. (Luthers store katekisme).

Desse fridagane kan gje tid for eit lite stopp – for å tenkje etter. Kanskje til og med for å foreta ei ”sporveksling”, velje bort det eg ikkje vil la ta fokus, og velje det som eg vil stå for.

Då kan dei audmjuke orda frå David vera god vegleiing.

Og Gud vil ikkje stire seg blind på feiltrinn ein har gjort tidlegare. Gud si tilgjeving og vegleiing spring ein og aleine ut frå hans kjærleik og nåde.

Lær meg å kjenne dine veieog gå dem trøstig skritt for skritt!Jeg vet at hva jeg fikk i eie,er borget gods, og alt er ditt.Men vil din sterke hånd meg lede,jeg aldri feil på målet ser,og for hvert håp som dør her nede,får jeg et håp i himlen mer. (S13 319)

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter