Nyheter

Liten som eit barn. Kan det bli større?

Kvifor framhevar Jesus barnet? Eg trur ein av grunnane er at han vil skaka i verdiskalaene våre. Han vil bryta vande tankemønster, skriv Vigdis Berland Øystese.

Mange av oss er gode på å forminska oss sjølve på ulik vis: Å, eg er så elendig! Så mislukka! Ein tapar! Ein underytar og undermålar! I generelle ordelag og tankar trykkjer vi oss ned, utan å greia å ta eit oppgjer med denne typen sjølvsentrering og alt den fører med seg. Somme gjer det til ei fromleiksøving: «Å, jeg er en synder stor!» Utan å villa innrømma ei konkret synd.

Men det er neppe slik forminsking Jesus har i tankane når han løfter fram eit lite barn. Tenk at han gjer det, forresten! Jesu møte med borna er, for si tid og alle tider, oppsiktsvekkjande! Det er ikkje for lite å kalla Jesus Barnevenen med stor b! Men det er langt meir enn idyllisering av barndomen i Jesu framheving av barnet. Jesus lar borna vera ideal! Det er omtrent det motsette av det vaksne til alle tider har tenkt: Borna skal bli vaksne, borna skal bli som oss. Det blir dei også. Og «barnsleg» er ikkje eit honnørord.

Kvifor framhevar Jesus barnet? Eg trur ein av grunnane er at han vil skaka i verdiskalaene våre. Han vil bryta vande tankemønster. Jesus løfter fram borna og andre små menneske på jorda, velsignar dei og gir dei vern og verdigheit. Han seier noko om verdien av mennesket. Ikkje produksjonsverdien, men eigenverdien.

Han viser den store måten å vera liten på. For rett nok er alle born avhengige av støtte og hjelp for å få gode liv. Men sunne born er ikkje sjølvsutslettande og sjølvsutrande vesen. Dei er stolte og kreative, tillitsfulle og kjærlege, nysgjerrige og sansande. Dei leikar og lærer, dei spør og tenkjer «utanfor boksen». Dei er opne og mottakande.

Hjå jødane var dei små borna fritekne frå å halda lova. Dei levde under lovnaden til folket utan at dei kunne oppfylla alle dei krav som var sette. Ingen rekna med at det vesle barnet skulle greia å hanskast med boda.

Dét er det finaste ved å vera liten som eit barn: Det å få leva som barn av Guds folk utan å greia sjølv, utan å oppfylla alle krava. Å vera mottakande og open for Guds handling i mitt liv.

Vigdis Berland Øystese er førstelektor ved NLA Høgskolen, Bergen

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter