Verdidebatt

Hjartespråk i lovsongen

LOVSONG: Gud kjem nok ikkje til å vri seg i uhyggje om nokon lovsyng Han på engelsk.

Me skal lovsynga Gud, utan å henga oss for mykje opp i eigne preferansar.

Ein sur dag i august køyrde eg og mor mi opp til Haugesund. Det regna sterkt den dagen. Frå høgtalaranlegget klimpra det svakt frå gitaren på ein CD av Roland Utbult, ein svensk evangelikal songar. Mor sa ho hadde fått omslaget signert av Utbult sjølv i si tid, og at dei fleste kristne artistane ho høyrde på song på svensk.

Dette minna meg om korleis lovsongen er i dag, berre at engelsk har teke svensken sin plass. Engelsk har altså vorte Guds språk. Om ein går inn i ei norsk kyrkje, eller på andre kristne møte, som The Send, høyrer ein dette raskt. Fleire – om ikkje alle – lovsongane vert sunge på engelsk i norske kyrkjer. Som resultat finst det òg folk som kjempar mot den engelske «okkupasjonen» av lovsongen. Norsk burde fremjast som hjartespråket!

Men er alt dette så viktig?

Adrian Ådlandsvik

Kjenna på stemninga

Somme vil seia at språk ikkje er det viktigaste, og heller ikkje kjenslene til målforma, men at Gud får æra. Men ein vil jo meina kva ein syng! Det vert ganske kleint om ein skal fri til kjærasten sin på det mest romantiske viset, men ikkje føla noko med det. Ein skal jo kjenna på stemninga!

Eg var i ei frikyrkje på Bryne på fyrste pinsedag, dagen disiplane fekk Den heilage ande og tala andre språk. Det var stort mangfald av kultur og språk, og i samband med pinsa song me lovsongar på spansk, tysk og på swahili. Heile salen reiste seg, og på sistnemnde vart rommet varmt frå dansande og lovsyngande menneske. Både hjarte- og kroppsspråket fekk utfolda seg fullt ut, åndeleg og fysisk.

Men bryr Gud seg om dette? Tja.

Dei gode gamle salmane

Om ein opnar Norsk Salmebok finn ein fleire flotte tekstar som er godt teologisk gjennomsyra. Eg sjølv likar dei gode gamle salmane og kan kjenna meg nærare Gud når eg syng på norsk. Sånn sett kjem hjartespråket godt med i truslivet.

Likevel kjem nok ikkje Gud til å vri seg med uhyggje om nokon lovsyng Han på engelsk. Martin Luther skreiv at ein skal nytta Guds namn «i all vår naud, bed, lovar og takkar» – kjensler som eit kvart menneske kan oppleva. Her er ikkje språk ein faktor eingong, men heller bodskapen ein har på hjartet.

Eg sjølv likar dei gode gamle salmane og kan kjenna meg nærare Gud når eg syng på norsk

Med andre ord: Gud vil ha songen vår.

Språk mindre viktig enn innhald

Kanskje burde eg ha kasta heile spørsmålet om hjartespråk i baksetet og køyrt vidare mot Haugesund? For er det ikkje mindre viktig i høve til kva me faktisk syng? Eg vil gjerne ta vare på det norske språket i kyrkja, og slår eit slag for god norsk lovsong.

Likevel trur eg òg at når me skal lovsynga Gud, som skjøner kvart språk i verda, treng me ikkje bry oss om språket i seg sjølv. Uansett om ein likar betre trompetar og horn, gregoriansk song eller fullt band med Marshall-anlegg og Nord-Stage keyboard, er meininga av songen det same.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt