Verdidebatt

Menneske som velsignar Gud

VELSIGNING: «Skal menneska velsigne Gud?» spør Alf Kjetil Walgermo. Svaret er ja.

Bless the Lord, my soul.

«Skal menneska velsigne Gud?» spør Alf Kjetil Walgermo på kommentarplass i Vårt Land 10. april. Svaret er ja.

For norske kristne gjer jo det, når vi syng på engelsk, og det gjer vi ofte. På fransk og andre romanske språk, og ikkje minst på gresk og latin, har kristne frå dei eldste tider alltid «velsigna» Gud. Likevel hevdar Walgermo med store typar at «det er Gud som velsignar oss, ikkje omvendt».

Walgermo veit godt kva som er bakgrunnen for dette omsetjingsvalet i Bibel 2024: Både det hebraiske («berekh») og det greske («evlogein») verbet som vi plar omsetje med «velsigne», blir nemleg også nytta om ei handling menneske gjer retta mot Gud. I motsetnad til dei fleste andre språk har norsk oftast nytta ord som «takke, prise» i desse tilfella.

Fleire argument

Alt Bibel 2011 braut med denne bibeltradisjonen og nytta «velsigne» også på mange slike stader. Diskusjonen Walgermo opnar er ikkje ny, men eg repeterer gjerne argumenta.

For det første: Å nytte same ordet er ei løysing som ligg nærare grunntekstane, og den er svært utbreidd i den kristne verda.

For det andre: Fleire stader i Bibelen ser det ut til å vere eit retorisk og litterært poeng nettopp å nytte det same ordet med ulik adressat, til dømes i 1 Mos 14,19–20 og i Luk 24,51 og 53.

Fyrebilsbibelen

For det tredje: Hebraisk og gresk har eit rikt ordforråd for lovsong, takk og lovprising. For å vise fram dette mangfaldet også i omsetjing er «velsigne» eit godt tilskot til ei slunken norskspråkleg verktøykasse.

Ikkje ny bruk av ordet

For det fjerde: Jesus og dei første kristne stod i ein rik og enno levande jødisk liturgisk tradisjon, der ein ved mange høve seier fram ein «beraka», ei velsigning eller takkebøn (her nyttar òg Bibel 2024 til dels den sistnemnde omsetjinga), til dømes når Jesus bryt brødet og gir til dei 5000, ved det siste måltidet med læresveinane, eller under måltidet i Emmaus (Luk 24,30). Den enno ferske norskspråklege siddur, den norsk-jødiske bøneboka, er særs rik på slike tekstar, som til dømes bøna ved tenninga av sabbatslysa: «Velsignet er du, Herre vår Gud, verdens konge, som har helliget oss ved sine bud og befalt oss å tenne lys til Shabbat».

For det femte, eit argument Walgermo kjenner, men bagatelliserer: Denne bruken av «velsigne» er ikkje ny i skandinavisk og norsk kyrkje-, bibel- og salmespråk.

Det er ikkje gale å omsetje desse orda med «takke, prise», men det finst altså gode grunnar for vala i Bibel 2024.

Eg gir Walgermo rett i eit viktig teologisk poeng: Det er skilnad på Guds nådige handling mot menneske og menneska sin respons til Gud. Men her doserer han rett teologi ut frå feil tekst

Walgermo gjer eit stort poeng ut av det moglege, men langt frå sikre sambandet mellom verbet «berekh» og det hebraiske ordet for «kne». Om vi først skal leggje vekt på slike etymologiar: Det greske «evlogein» og det latinske «benedicere» tyder begge noko slikt som å «seie eit godt ord». Om vi leitar etter røter for det norske «velsigne» er det latinske ordet «signum», teikn, ein aktuell kandidat. Å «velsigne» skulle i så fall tyde noko slikt som «å gje eit godt teikn». Det skulle ikkje vere noko språkleg problem at menneske rettar ei slik handling mot Gud.

«Det vil ta veldig lang (tid) før kristne går til gudsteneste med ønske om å velsigne Gud», meiner Walgermo. Eg veit ikkje om han reknar katolikkar som kristne. Til liks med norske jødar er i alle fall norske katolikkar fortrulege med slik språkbruk.

Bibelen med nye briller

Eg gir Walgermo rett i eit viktig teologisk poeng: Det er skilnad på Guds nådige handling mot menneske og menneska sin respons til Gud. Men her doserer han rett teologi ut frå feil tekst.

I essayet «Å lese korrektur på Skrifta» (i boka Bibelsk, Verbum, 2011) diskuterer lyrikaren Paal-Helge Haugen behovet for nye omsetjingar av Bibelen. Det trengst til dømes «når tida har lagt sitt slør over dei gamle formuleringane. Det velkjende kan bli altfor kjent – så kjent at det trugar med å bli nesten usynleg. Då kan ein måtte forrykke den språklege optikken for å sjå på ny.»

Eg vil utfordre Alf Kjetil Walgermo og andre som har uttrykt liknande uro: Kva med å prøve å lese Bibelen med nye briller? Det kan liggje velsigning i det.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt