Verdidebatt

Er Jesus ein feilslutning?

FRELSE OG FORTAPELSE: Då eg sørga ved grava til mitt eige kjøt og blod, tenkte eg med meg sjølv: viss Jesus døydde på krossen for at biskopane i Den norske kyrkja skal seie at me ikkje veit kva som skjer når vi døyr, så får det berre vere.

Då eg sat meg ned på kyrkjebenken i Halvor Nordhaug si siste gudsteneste i soknet som biskop, kom desse orda til meg: Ei kyrkje som set strek over fortapelsen er ikkje styrt av Den heilage ande. Når eg ser utviklinga i Den norske kyrkja, er det lite att av den eldfulle, livskraftige bodskapen Jesus sjølv kom med til kvar den som trur på han: Evig liv.

Randi Helene Førsund

Prestar i Den norske kyrkja meiner vite at det lyt vere ein «plan B» for dei ufrelste, og at fortapelsen ein feilslutning. Slik har Den norske kyrkja blitt bryllaupet der alle er velkomne, med unntak av brudgomen, han som har betalt alt og invitert til fest. For utan forstå konsekvensane av kva Jesus vann over ved død og siger på krossen, forstår vi ikkje kva som skjer når vi døyr. Langt mindre Jesu kjærleik og omsorg for kvar og ein av oss. Jesus er heilt tydleg på at den som har menneskesonen har livet. Den som ikkje har menneskesonen, har ikkje livet (Joh 6:53-54). Vi kjem ikkje utanom dette.

Som eit dårleg dikt

Eg har sjølv stått stå ved ei open grav og sørga over eige kjøt og blod, medan eg har høyrt at Jesus er kjærleik. Det heng ikkje saman. Det blir som eit dårleg dikt, og dikt er det siste ein sørgjande treng. Det einaste som står i hovudet på eit menneske i sorg er: Kva skjer no? Kvar gjekk ferda? Var dette alt? Vil vi hugse kvarandre att når vi sjåast? Får vi nye kroppar? Er vi den same, men oppgradert? Kan vi ete og drikke? Kan dei som er daude følgje med oss på jorda? Som bibeltruande, medlem i Den norske kyrkja, og blant det vetle mindretalet som bed og les i Bibelen dagleg, kan eg svare ja på alt dette.

Legane kan ikkje avlyse døden når han kjem og ikkje vil gå. Dei må gjere jobben sin og seie det som det er. Det må også preses, biskopane og prestane i Den norske kyrkja. Men vi er sjølve ansvarlege for å bli kjende med Guds ord og be, og slik lære kjenne Jesus andlet til andlet. Det måtte eg gjere ved den opne grava til mitt eige kjøt og blod. For det prestane serverte meg, heldt ikkje.

Det er prestane i Den norske kyrkja sin fordømte jobb å formidle denne sanninga som Jesus gjorde mogleg for kvar den som tek imot han i tru

Eg tenkte med meg sjølv at viss Jesus sveitta blod før han gjekk på krossen, for at kappekledde biskopar på millionløn skal tråkke rundt og seie «vi veit ikkje kva som skjer når vi døyr», får det berre vere. For min del var det no eller aldri Jesus kunne syne seg for meg, og svare. Viss han er vegen, sanninga og livet, må han kunne svare meg kva som skjer når vi døyr i trua på han. Og eg fekk svar. Eit svar som utsletta all dødsangst. Som momentant utsletta sorg, sakn og fortviling. Eg opplevde det Bibelen sjølv seier, men som eg aldri høyrer prestar ta i: Vi sørger ikkje som dei utan håp.

Kyrkja si fordømte jobb

Jesus har synt meg at dette livet har to utvegar. Han har gjort alt for oss. I ei tid der dei rikaste blant oss syslar med å fryse ned kroppane sine, koble seg på kunstig intelligens eller søker etter evig liv på alle andre måtar enn ved Jesus, kan vi sjølv velge om vi vil ta imot ham eller la det vere. Men han som demonstrerte for alle som vil tru på han at han fekk ny kropp etter oppstoda, ein kropp som både åt og drakk vin. Han var den same som hang på krossen, men gjennoppretta.

Eg sit att med at Jesus svikta ikkje meg då eg trengte han som mest. Men det gjorde kyrkja og hennar tenestemenn og kvinner (Joh 7.48). Å døy utan Jesus er å døy utan gode nyheiter. Å døy i Jesus, er å døy med berre gode nyheiter.

Det er prestane i Den norske kyrkja si fordømte jobb å formidle denne sanninga som Jesus gjorde mogleg for kvar den som tek imot han i tru. Han som vann over djevel, synd og død.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt