Verdidebatt

NLA Høgskolen må ut i misjonsfolket

UTDANNING: Både tilsette og studentar ved NLA bør vere i nærkontakt med bedehus- og kyrkjegjengarar, og med ulike grupper i folket vårt som er opptekne av at vi har gode lærarutdanningsinstiusjonar.

Det var ein ramsalt analyse av NLA Høgskolens studentsituasjon av tidlegare professor ved Universitetet i Oslo (UiO), Karl Øyvind Jordell i Vårt Land 14. november. Men hans konklusjon er grunnleggande feil, at verdidokumentet må «legges tilsides»!

Vert det teke bort, er heile grunnlaget for NLA Høgskolen borte. Og med dagens sosialdemokratiske regjering, som i sitt budsjett vil skjere ned løyvingane til kristne privat barnehagar og skular på alle nivå, så ser det ikkje så lyst ut!

Apropos verdidokument: Rektor Sigbjørn Sødal ved NLA Høgskolen fortel at kontrollorganet Nokut ikkje ser at verdidokumentet er til hinder for den frie forskinga som ein har hatt ved skulen, men at ein har mangla noko i den faglege personalkompetansen, som ein har fått ein frist for å få på plass.

.

Kva er det som har skjedd, og kvifor?

Så må ein ta på alvor studentrekrutteringssituasjonen: Kva er det som har skjedd, og kvifor? Før fokuset på at eit verdidokument kunne vere til hinder for fri forsking, vart eit generelt fokus på samlivsetiske spørsmål i samfunnet vårt synleggjort gjennom Pride- og Fri-paradar. Her fekk NLA Høgskolen ein «motspelar» i institusjonens rett til å stå for eit kristent-etisk standpunkt, og med det at moglege unge studentar ikkje ville søkje skulen. Det trur eg ikkje det er nokon tvil om. Men kva så?

Som tidlegare tilsett (høgskulelektor i musikkpedagogikk) ved NLA Høgskolen, vart eg og vi frå dag ein i 1996, då lærarhøgskulen vart starta opp på Breistein, oppmuntra til å halde kontakten med misjonsfolket som stod bak skulen (i bøn og offer), og ikkje minst å vere i nærkontakt med ungdomsmiljøa rundt omkring. Skuleleiinga la til rette for nærkontakt med kristenfolket med meldingsblad, men også konkrete aksjonsrundar der vi tilsette vert oppmuntra til å vere med i møte og gudstenester rundt omkring. Og vi hadde med oss studentar, og slik sett nærkontakt med folket som oppretta skulen, og med ungdomsmiljø som kunne rekrutterast som studentar.

Ei oppmoding

Og ein ting til: Studentmiljøet scora høgt på studentane si tilbakemelding om trivsel og kvalitet.

Kan her vere noko som NLA Høgskolen bør forsterke, at både tilsette og studentar bør vere i nærkontakt med ikkje berre bedehus- og kyrkjegjengarar, men med ulike grupper i folket vårt som er opptekne av at vi har gode lærarutdanningsinstitusjonar? NLA Høgskolen, med sitt klart definerte kristne menneskesyn, som er opent for alle, må få vere eit reelt og realt alternativ for slike som vil ta ei god lærarutdanning.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt