Verdidebatt

Når det er mørkt

Kva om det ikkje er grava sitt mørke, men livmora sitt mørke som er rundt oss?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Særleg når det nærmar seg eit val, anten det gjeld Stortinget, den amerikanske presidenten eller eit europeisk parlament, kjennest det så akutt: Korleis skal det gå, når så mykje ser mørkt ut? Dei digitale skitstormane som stadig blæs opp under saker om flyktningar, norske verdiar og muslimar nærmar seg orkan styrke. Eg får utopiske draumar om at noko fundamentalt kan bli sagt eller skrive, så hatet sprekk som troll i solskin. Men bak det ligg djupe strukturar som berre kan endrast av folk med langdistanse-kondis.

Det tok nitti år frå den første protestrørsla mot amerikansk slaveri blei organisert, til det blei avskaffa, og hundre nye år før lova om borgarrettar i 1964 forbaud offentleg diskriminering. Få av oss kan endra historia åleine, difor må plan B vera å satsa på Robert F. Kennedy si oppskrift: Det er gjennom tallause, mangfaldige handlingar, basert på mot og tru, at historia blir forma.

Radikaliserte menn

Nyleg åtvara idéhistorikaren Dag Herbjørnsrud i Dagbladet om aukande radikalisering i den norske majoritetsbefolkninga, særleg blant godt vaksne menn. «Det fremste symptomet på vår tid er den kraftige veksten til det dystopiske innvandringskritiske nettstedet Document.no,» meiner han. For eit par dagar sidan dukka nok ein artikkel derifrå opp i facebookfeeden min, delt av ein lågkyrkjeleg pastor. «Dagsrevyens røykteppe» gav seg ut for å korrigera NRK si dekking av Barcelona-terroren, men var som vanleg full av konspirasjonstenking. Pastoren avviser blankt innvendingar om at nettstaden ikkje er ei truverdig nyheitskjelde, fordi ein pensjonert avisredaktør hadde delt same artikkel like før.

«Elska deg uansett»

Samtidig, i ein annan del av Facebook-Noreg, deler kristne den morosame videohistoria om ein Ku Klux Klan-leiar og ein gammal afroamerikansk pastor og borgarrettsaktivist som blei venner. Ved første møte svarte pastoren på rasisten sine skjellsord med at «du greier ikkje å få meg til å hata deg, eg vil elska deg og be for deg uansett.»

Etter å ha sett fyr på kyrkja hans, oppsøkte leiaren til slutt pastoren på ein kafé saman med tretti andre klanmedlemmer og sa: «Det du er i ferd med å gjera med kyllingen på tallerkenen, kjem me til å gjera med deg.» Pastoren løfta opp kyllingen og gav han eit kyss. Då braut heile kaféen ut i lått – også klansmennene. Leiaren blei kristen nokre år seinare, bestevenn med pastoren, og ein av dei første kvite eldstebrørne i ei afroamerikansk kyrkje. Nå er han evangelikal fulltidspredikant som preikar antirasisme og anti-hat der han kan. 

Grensesprengande trusgrunnlag

Både den analoge og digitale verda – og Noreg – er full av uthaldande folk som kjempar mot hatet gjennom humor, fornuft og vennskap. Andre legg frå seg forvrengt kulturkristendom, der den skrå krossen i sørstatsflagget, hakekrossar og andre krossflagg har tatt plassen til ein to tusen år gammal trekross. Krossen der ein brunøygd, svarthåra mann frå Midtausten hang etter å ha hevda at nettopp hans død skulle forsona Gud med alle menneske på jorda – ikkje majoritetsnordmenn eller kvite amerikanarar.

Når kristne innser den grensesprengande kjærleiken i sitt eige trusgrunnlag, har rasismen dårlege kår. Det har han overalt der folk viser kvarandre godleik på tvers av alle slags skilje og ulikskapar.

Livmora sitt mørke

Ved inngangen til dette året, under ei nyttårsmesse i ei kyrkje i Washington D.C, heldt filmskaparen, juristen og sikhen Valarie Kaur ein tale som er sett av omtrent fem millionar menneske i etterkant. Følelsen av ei mørk og usikker samtid og framtid ligg i kyrkjerommet, då Kaur seier: «So the mother in me asks, 'What if this darkness is not the darkness of the tomb, but the darkness of the womb?'»

– Kva om dette mørket er ikkje grava sitt mørke, men livmora sitt mørke? Kva om dette er den store forvandlinga av landet vårt? Som ei jordmor oppmodar ho oss til å pusta og pressa, pressa nasjonen som ei fødande kvinne. «I natt vil me pusta, og i morgon vil me føda i kjærleik, gjennom kjærleik.»

Og med morgonen kjem lyset.

Først publisert i Vårt Lands spalte «Tendenser» 24. august 2017.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt