Verdidebatt

Fordom eller innsikt?

Det ideelle er vel at ein møter alle menneskje, folkegrupper og kulturar, med blanke ark. Men er det ikkje tidvis på sin plass å dra nytte av erfaring. Kvifor skal til dømes ikkje tollarar og immigrasjonstenestemenn drage nytte av brei erfaring?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg eig ein liten jordflekk der fruktdyrking har vore tradisjon. For besteforeldra min var det ei kjærkoma attåtnæring i ei tid då kontantar verkeleg var ei mangelvare. For meg som var fødd fruktoman, var det til stor glede. Frå den fyrste rabarbra om våren til vinterepla på julekvelden.

Men vi måtte ete berre den dårlegaste frukta som ikkje var salsvare, som til dømes nedfallsfrukt. Eg var vel difor ein av dei få som var glad for vandrande lavtrykk i fruktsesongen. Kvar morgon hausta eg det som hadde ramla ned om natta.

Eg fekk også i arv torghandel ettersom vi rodde til byen og selde frukta på Kipperviktorget i Ålesund. Det var ofte surt å oppleve fruer som snuste og klaga på kvalitet og pris. Dei som er fødde på landsbygda, er dei verste, sa besteforeldra mine når eit skikkeleg grev hadde vore innom.

Frå tideleg på 50-talet var det uråd å verte kvitt vanleg hagebær til ein brukbar pris. Då planta far min bringebær i ein potetåker som skulle utskiftast. Den frukta selde seg sjølv og far min hadde glede av å stelle plommehagen og bringebærhekken så lenge han hadde krefter til det. Då eg tok over bruket, vart bringebærhekken på ny potetåker moden som den var for fornying.

Så kom min tur til å nærme meg pensjonsalderen. Orkanen 1. nyttårsdag 1992 raserte så godt som alle frukttrea. Då fornya eg og utvida hagen, og planta mellom anna 13 sortar plommer. Dette resulterte i at eg den dagen eg vart pensjonist år om anna hadde stor haust av fine plommer og i tillegg hadde eg fornya bringebæråkaren. Så kom problemet med kva eg skulde gjere med frukta.

Einaste løysinga var å prøve å verte kvitt frukta i ferjekø. Eg kvidde meg som ein hund, men ringde til Vegvesenet og sette meg inn i reglane og fekk naudsynt løyve. Eg orienterte meg om kva pris dei tok i kolonialbutikkane, og la meg markant under. Dermed gjekk eg butikkane ein høg gang både i pris og kvalitet.

Å selje vart lettare enn eg trudde. Eg gjekk langs køa og stoppa når nokon viste interesse. Nyplukka opalplommer er ei delikatesse. Eg fekk faste kundar og mange lovord. Nokre av bilistane hadde også stor glede av å fortelje kor mykje plomme dei hadde å hauste heime, og dermed fekk vi oss ein prat om fruktdyrking.

Eg lærte meg også at det var uråd å sjå på bilen om eigaren likte plommer eller ikkje. Mest som mismotet byrja å melde seg ut på kvelden, kunne det brått verte eit skikkeleg rush.

Men ei gruppe lærde eg fort å skygge unna, tyske bubilar. Eg passerte på førarsida der mannen sat ved rattet. Dei hadde tidvis lyst på plommer, gav meg teikn og vilde vite kva vara kosta. Ved sida av mannen sat der ei bister kone. Aldri eit smil same kor godt veret var. Kvinna var alltid den som avgjorde kjøp eller ikkje. Når dei fekk vite prisen, vart dei endå bistrare. Grimas og zu teuer var alltid reaksjonen, med unntak for ei kone som sat bak i bubilen. Då ho høyrde prisen kom ho bort til sidevindauga og jeipa/viste tunga til meg. Etter den opplevinga sette eg opp farta ved passering av bil med tysk skilt.

Ved eit høve då eg selde bringebær, gjekk eg rett forbi ein tysk personbil. Like etter kom bilføraren bort til meg og spurde: Vil du ikkje selje bær til oss? Meir enn gjerne, svara eg, og fekk selje ei korg. Då eg like etter passert den tyske bilen gjorde dei teikn til å vilde ha meir. Ja, men er ikkje bæra teuer? spurde eg. Aber bei bester qualität, fekk eg som svar.

Ei oppleving som varmar den dag i dag, men ei svale gjer ingen sommar. Eg gjer meg aldri umak å spørje om personar i tysk bubil ynskjer å kjøpe frukt. Eg nektar dei ikkje, men gjev ikkje dei sure konene høve til å skjere grimasar eller vise tunga. Og det er ikkje rare omsetninga eg kan ha gått glipp av.

Dette er sjølvsagt å nytte seg av fordommar, men det er vurdering knytta til brei erfaring. På same viset som ein fiskar ikkje kastar vekk tid og krefter på stadar der ingen fisk er, kastar eg ikkje vekk tid på ein tysk bubil. Er det urettvis diskriminering?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt